Simpelt blått fleirtal i Rogaland KrF

KOMMENTAR: Eg hadde vore knust nå, hadde eg tilhøyrt mindretalet i Rogaland KrF.

To tredelar av Rogaland KrF stemte for å forhandla seg inn i Solbergs regjering. 15 av 16 valde utsendingar til landsmøtet står for fleirtalet sitt syn. Fremst på bildet stemmer nestleiar i KrF, Olaug Bollestad, og leiar i Rogaland KrFU, Jonas Andersen Sayed. Foto: Jarle Aasland

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

– Det er nesten som om det er utlyst nyval på regjering i landet, der bare KrF får stemma, sa fylkesleiar Oddny Helen Turøy i Rogaland KrF då fylkesårsmøtet opna i helga.

Og etter at det møtet er over, er det nesten som at bare dei som tilhøyrer fleirtalet i Rogaland, skal få rett til å stemma når det verkeleg gjeld.

For det er 2. november det verkeleg gjeld. På landsmøtet. Då skal ein stemma over om KrF skal følgja leiar Knut Arild Hareides råd om å søkja regjeringsmakt saman med Ap og Sp, fortsetja i opposisjon, eller gå inn i Solbergregjeringa. Det var delegatar til dette landsmøtet Rogaland KrF skulle stemma fram i helga.

Les også

LES OGSÅ: Knut Arild Hareide ut mot Rogaland KrF - mener partiledelsen ble trosset

Stemmene

Rogaland er det største fylkespartiet til KrF, i det blåaste fylket. Då stemmene over dei alternative retningane var talde opp, viste dei at to tredelar ville gå til høgre - altså forhandla seg inn i den sitjande regjeringa, mens ein knapp tredel ville gå til venstre - til Ap og Sp.

Før dei kom så langt, hadde dei diskutert korleis dei skulle løysa dette når delegatane - landsmøteutsendingane - så skulle veljast. 15 i talet, frå ei liste på 23 namn. I tillegg er fylkesleiar Turøy, som ikkje overraskande støttar forslaget om først å snakka med høgresida, også delegat.

Burde dei velja forholdsvis? Altså at fem av delegatane skulle representera mindretalet sitt syn, og 10 fleirtalets, når resultatet seinare blei som det blei?

Frå valkomiteen, leia av erfarne Bjørg Tysdal Moe, låg det ikkje slike føringar. Dei hadde valt å følgja dei ordinære reglane - og satsa på at det som fungerer i fredstid, også vil fungera i krigstid. Dei hadde funne ei så god blanding dei klarte utfrå vanlege omsyn til kjønn og himmelretningar. Men ikkje til syn i denne saka. Og ikkje med bunde mandat.

3. november

Mange gjekk på talarstolen og minte om at 3. november kjem. Dagen derpå. Den dagen skal KrF helst ikkje vera eit parti som har knust mindretalet sitt. Uansett kva retning dei tar. Eit parti som klamrar seg fast til sperregrensa, og såvidt får nasen over, har aldeles ikkje råd til slikt. Det blei åtvara mot amerikanske tilstandar, der «the winner takes it all» - og ein kan enda med at mindretalet ikkje blir representerte der framme i det endelege valet.

Men benkeforslaget om å stemma fram delegatar som representerte forholdet mellom fleirtal og mindretal falt. Det blei argumentert med at Rogaland alt er underrepresenterte på landsmøtet - det står mange fleire rogalendingar trengt saman bak kvar av våre utsendingar enn i dei fylka der KrF verkeleg er eit veldig lite parti. Det blei sagt at ein blir valt på tillit.

På lista stod 16 av dei til slutt 24 valbare namna for det blå synet - dei som vil inn i Solbergs regjering.

Når fasit nå er gjort opp, seier den at heile 15 av Rogalands 16 utsendingar til det ekstraordinære landsmøte vil støtta forslaget om å forhandla seg inn i Solbergregjeringa, mens bare 1 - fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal - støttar Hareide. Det var etter at fylkesleiar Turøy appellerte til at ein måtte sørgja for å vera såpass raus at ein uansett stemte fram sin eigen fylkesordførar som utsending til landsmøtet.

Kvar stemme tel

Rogaland var første fylke ut. Kva gjer dei andre? Dei andre store, som Hordaland og Agder?

For hittil har ting tyda på at når ein tel stemme for stemme blant KrFs medlemmer landet over, i fylke, stortingsgruppe, landsstyre, KrFU og KrF kvinner, så står det ganske likt. Så likt at kvar stemme vil telja på landsmøtet.

Så jamnt at spørsmålet om skriftleg avstemming - altså hemmeleg - eller open stemmegiving ved å visa stemmeteikn, kan bli avgjerande på landsmøtet.

Respekten for mindretalet

Eg vil tru at til sjuande og sist, uansett argument framførte, anstendige innlegg og appellar om 3. november, så betydde dette så mye for den enkelte KrF’ar på fylkesårsmøtet at dei stemte fram delegatar bare etter eiga overbevisning. For måten ein valde å gjera dette på, gjorde det opp til kvar enkelt, heilt for seg sjølv, å velja om ein ville ta vare på begge syn. Då måtte ein stemma inn også delegatar med synet ein sjølv var imot.

I Rogaland KrF bankar flest hjarter sterkast for partiet Høgre. Mens mange hjarter set seg fast i halsen når SV blir nemnt. Mange tvilar på at dei kan få gjennomslag hos partia som ikkje har særleg respekt for det å tru. Å navigera etter gudstru blir ein fortare lattarleggjort for av venstresida i norsk politikk, blei det sagt. Verdien av å gi enkeltmennesket plass til å ta eigne val, andre val, og andre enn fleirtalets val, har dei erfart større forståing for hos Høgre. Det var Høgres statsrådar som tok den utruleg lite populære kampen for legars reservasjonsrett på vegne av KrF.

Den personlege erfaringa til mange er at respekten for å tilhøyra eit mindretal, og rommet for å få si eiga stemme høyrt, sjølv om ein tilhøyrer eit mindretal, er større på høgresida.

Så blir det unekteleg eit paradoks, då, at når det verkeleg gjaldt, så klarte ikkje det høgrevennlege fleirtalet i Rogaland KrF å rydda plass til at mindretalet i deira eige fylkeslag skulle få kjenna det same.

Dersom andre fylkeslag gjer som Rogaland, må 3. november bli ein tung dag for KrF.

LES OGSÅ:

Les også

  1. Rogaland KrF sender én delegat som støtter Hareide til landsmøtet

  2. Knut Arild Hareide ut mot Rogaland KrF - mener partiledelsen ble trosset

  3. Her er Rogalands KrF-delegasjon til veivalg om regjeringsmakt

  4. Knut Arild, merkesmann

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Politikk
  3. Kristelig Folkeparti (KrF)
  4. Bjørg Tysdal Moe
  5. Solveig Ege Tengesdal