På tide å bremsa?
KOMMENTAR: Det er ikkje sikkert vi skal ta kontroll på alt. Sjølv om det er barna våre det gjeld.
- Solveig G. SandelsonKommentator

«Følg med, ikke vent å se!» skriv Statped på facebooksida si. Statped er ein nasjonal etat som tilbyr spesialpedagogisk kompetanse til kommunar og fylkeskommunar. Det er eit nettkurs det gjeld, om korleis du kan finna ut om barn i førskulealder har ei språkforstyrring dei treng hjelp til, eller om det berre er snakk om ei ganske uskuldig forseinking.
Uansett er det best å vera raskt ute.
Det gjeld å vera på
Det tenkjer ein også på mange skular. I alle fall kan ein tenkja seg at det er difor dei køyrer på med eigne, lokale kartleggingsprøvar på førsteklassingane sine. I tillegg til dei nasjonale. Prøvane er meint å finna fram til dei barna som kjem til å slita med lesing eller matte. Sånn at læraren kan følgja med, sånn at barnet kan få litt ekstra, og ikkje ramla av. Men å læra å lesa er ikkje eit mål før i andre klasse.
Likevel forventar 78 prosent av lærarane at førsteklassingane skal kunna lesa og skriva enkle ord før jul. Mens i 2001, då seksåringar ennå var nokså nye i skulen, var leik dei sjølve sette i gang den vanlegaste aktiviteten. Nå er det læraren som set i gang. Og undervisningsøktene er ofte på 45 til 60 minutt.
Vi har vel ikkje tid til å venta lenger. Verken på dei heilt vanlege fem- og seksåringane, eller på dei som bruker litt lenger tid på vegen. Vi kan risikera å tapa den internasjonale kunnskapskampen og mista sjansen til å finna økonomisk fotfeste for framtida. Vi trur i alle fall ofte det. At alt står på spel, heile tida.
Midt i alt alvoret på alle kantar
kunne vi kanskje gi barn og
unge bitte litt fred.
Vi må tora det
«Tør vi å la være?» spør forskarane som står bak prosjektet Back2school i Norge. Prosjektet er meint å hjelpa barn som har alvorleg stort fråvær frå skulen, viss dei i det heile tatt klarer å gå der. Det er eit dansk opplegg, og det har blitt kritisert – også her – for å leggja altfor stort ansvar på barnet for det som har gått gale. I Norge blir forskarane bak prosjektet også kritiserte for at dei vil ta barna inn i altfor alvorlege forløp og samtalar, utan at det treng å vera psykologar eller psykiatrar som leiar dette.
Det er alvorleg at mange barn ikkje klarer koma på skulen. Og forskarane meiner at dette er så samansett, grunnane til det så mange, at ein må ha fleire måtar å nærma seg det på. For barna treng hjelp.
Det er klart. Men det er like klart at vi skal tora å la vera å bruka akkurat dette opplegget, så lenge det er svært usikkert om opplegget tar godt nok vare på barna det gjeld.
Gi fred!
Skulle vi finna ein stad, eit felt der vi kunne ta eit steg tilbake denne jula, midt i alt alvoret på alle kantar, så kunne det kanskje vera å gi barn og unge bitte litt fred. Ta eit lite steg tilbake.
Kanskje burde vi venta litt meir, kanskje burde vi ikkje følgja heilt så godt med, kanskje burde vi oftare la vera.
For vi kan fanga dei i ein velmeint runddans der vi grip for fort inn, redde for at dei skal falla frå, falla ut, ikkje klara å hengja med. Kanskje rykker vi dei ut av det dei burde få vera i. Kanskje går vi med på tiltak vi ikkje burde gå med på. Den gjennomgripande haldninga om at det beste er å alltid følgja med, gripa inn, kontrollera, dytta og dra, kan også dytta dei over ende. Dei skal jo helst finna ein balanse etter kvart, på eigne bein.
Fri tid?
For eksempel kan dei vel få lov til å ha fritida si i fred, utan at den blir filma og strøyma av alltid klare robotar? Når dei spelar kampar i fotball, handball, volleyball, basketball, ishockey eller innebandy? Lagt ut som noko som kan betalast for og abonnerast på, slik selskapet MyGame, i samarbeid med Amedia, TV2, Norges idrettsforbund og særforbunda er i gang med. Dei vil gjerne robotfilma frå nærmare 2000 arenaer.
Dei vil sørgja for at foreldre og besteforeldre, eller andre som ikkje kunne vera på kampen, likevel kan få følgja med via ein skjerm heime. I tillegg til at deira robotstrøyming på magisk vis skal få slutt på alt som har skjedd ulovleg på den fronten. MyGame tar kontroll for oss. Dei grip inn.
Her er det snakk om ungdommar frå 15 år og oppover. Det kan godt vera det går heilt fint om vi som er foreldre eller besteforeldre sluttar å følgja nokre av kampane deira omtrent på den tida. Lar dei få ein del av tida si utan mor og far og farmor og farfar, på bortekamp med lagkompisar og trenarar. Utan å bli filma.
Jo, det går an å reservera seg mot filming. Anonymt, sjølvsagt. Men kor lett er det, når det vil bety at heile laget ditt aldri blir filma, så lenge du er med?
Og viss du veit at du er eit svakt ledd på laget, men likevel ein som gjer at de klarer stilla lag, kor lyst har du til å fortsetja viss kampane alltid blir filma? Eller viss du har gjort ein skikkeleg tabbe, spelt ein dårleg kamp? Det kan kanskje vera heilt passe å ta seg inn igjen etter det saman med laget ditt, med trenaren din, eller for deg sjølv, på veg heim. Det same kan også vera heilt fint og nok viss du blei helten i kampen. Det er ikkje sikkert det trengst at mor og far og farmor og farfar får det med seg i detalj. Eller TV2.
Det finst mange barn og unge som treng hjelp og støtte. Men finst det mange nok vaksne som forsvarar barn og unges rett til å få vera i fred?
Les også
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
Høgre synest fastlåste i eit gammalt mønster som ikkje tener nokon
- KOMMENTAR
Alternativet? At vi mister dei gode folka
- KOMMENTAR
«Sjukehuset trudde dei ville gå bitte litt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?»
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far