Eit lite land i stormen – i den nye kalde krigen
GJESTEKOMMENTAR: Moldova går i retning Europa. Det liker Russland dårleg. Men historia om russisk stormaktsspel i det vesle, sentraleuropeiske landet er også ei historie om vår tid.
- Øyvind StrømmenForfattar og journalist

Midt i februar skulda Moldovas president, den europaorienterte Maia Sandu, Russland for å planleggja eit kupp i landet.
Bakteppet er ein økonomi i krise, i kjølvatnet av krigen i nabolandet Ukraina. Moldova har vore avhengig av import av russisk gass og av elektrisitet frå Ukraina. Energiprisane har gått i taket. Moldova sitt bruttonasjonalprodukt fall med 5,9 prosent i fjor. Landet var frå før rekna som det fattigaste i Europa.
Sandu sitt parti, PAS, har reint fleirtal i parlamentet etter eit brakval i 2021. Men det har vore turbulent i Moldova i det siste. I månadsvis har det vore jamlege demonstrasjonar mot høge energiprisar i hovudstaden Chișinău.
Delvis har dei nok vore eit resultat av både sinne og fortviling. Samstundes har det kome fram at demonstrantar har vorte betalte for å delta. Pengesterke aktørar er involvert.
Ein kapra stat
Sandu sine skuldar kom på bakgrunn av informasjon frå ukrainsk etterretning. Ifølgje presidenten låg det føre planar om å utnytta demonstrasjonane: Personar med militær bakgrunn frå fleire land skulle – utkledd som sivile – ta kontroll over regjeringsbygg og ta gislar. Målet, hevda Sandu, var å kasta om på landets konstitusjonelle orden, for å leggja det i hendene på Russland og å stogga den europeiske integreringsprosessen.
Til liks med Ukraina fekk Moldova kandidatstatus i EU i fjor sommar. Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov har skulda Vesten for å ville gjera Moldova om til «endå eit anti-Russland», og Sandu for å vera ei «vestleg handdokke».
Sandu hevda at dokument skaffa til vege av ukrainarane også viser at krefter internt i Moldova var involverte i kupplanane. Konkret peikte ho på tilhengjarar av det prorussiske opposisjonspartiet Șor, som vert leia av den søkkrike forretningsmannen Ilan Șor. Han er for tida i eksil i Israel, etter å ha blitt dømd for ein massiv banksvindel.
Ho peika også på den tidlegare så mektige oligarken Vladimir Plahotniuc, i dag busett i Tyrkia. I årevis sat nettopp han med bukta og minst ein av endane i moldovsk politikk og økonomi. Ja, Moldova vart ofte skildra som ein «kapra stat», ein stat der korrupsjonen var så dominerande at ein privat elite påverka både lovverk og institusjonar i ei slik grad at dei definerte sjølve spelereglane. Men i 2019 vart sjakkbrettet velta, grunna eit kortvarig samarbeid mellom det prorussiske, sosialkonservative sosialistpartiet PSRM og ein vestvendt valallianse rundt Sandu.
Ein ny dragkamp
Russland avviste ganske straks skuldingane frå Sandu. Også internt i Moldova har fleire ytra seg sterkt kritisk.
Irina Vlah, som leier den autonome regionen Gagauzia sør i landet, hamra til dømes laus på Sandu i eit tv-intervju tidleg i mars. Vlah – eit tidlegare medlem av landets kommunistparti – skulda Sandu for å fremma frykt og jamvel for å villa etablera eit diktatur «under dekke av tragedien i Ukraina». Ho peika dessutan på at påstandane om forsøk på statskupp ikkje hadde blitt stadfesta frå anna hald. Vlah er kjend for å vera sterkt prorussisk, men i dette hadde ho eit poeng.
Sidan har det poenget blitt svekka. 10. mars gjekk amerikanske myndigheiter ut med ei klår melding: Amerikanarane mistenker ganske visst Russland for å søkja å svekka den moldovske regjeringa, og for å erstatta henne med ei meir russiskvenleg ei.
I førre veke avslørte eit samarbeid mellom ei rekkje ulike media – blant dei svenske Expressen og moldovske RISE Moldova – eit lekka dokument frå internt i Kreml. Der vert russiske ambisjonar for Moldova tydeleggjorde. Det handlar om å setja hindringar i vegen for tilnærming til EU og Nato. Det handlar om å fremma organisasjonar «venlegsinna til den russiske føderasjonen». Men det handlar også om meir, mellom anna om halda Moldova avhengig av russisk gass, og om syta for prorussisk innverknad i landets politiske og økonomiske elite.
Kanskje er ingenting av dette overraskande, eller særleg sjokkerande. Men det fortel likevel ei viktig historie: Fattige, vesle Moldova er ein del av stormaktsspelet. Dersom Russland vinn det spelet, taper det spirande, men sårbare moldovske demokratiet.
Russland har også nokre gode kart på handa: Den økonomiske krisa, sovjetnostalgi og pengesterke oligarkar som er viljuge til å alliera seg med dei. Og ikkje minst: Aust i Moldova ligg utbrytarstaten Transnistria. I prinsippet er det ein uavhengig, men ikkje internasjonalt anerkjend stat. I røynda er Transnistria også eit russisk verktøy.
Står Moldova for tur etter Ukraina?
Stoggar ikkje ved Prut
Moldova er ikkje eit land norske media skriv mykje om. Men denne forteljinga om russisk stormaktsspel er ei historie også du bør bry deg om, ikkje minst som eit symptom.
Russland sitt ynskje om å svekka vestlege land og om å svekka sjølve det liberale demokratiet stoggar ikkje ved Prut, grenseelva mellom Romania og Moldova. Krig herjar i Ukraina. I Moldova ser me den nye kalde krigen.
Krigen i Ukraina
- UTENRIKS
Sporene etter Nord Stream-sabotasjen peker mot Ukraina
- DIREKTE
Minst én person drept i angrep mot Kyiv
- LOKALT
Regjeringen ber Stavanger og Sandnes bosette flere flyktninger
- UTENRIKS
Zelenskyj møtt med langvarig applaus i Aachen, lovet hjelp på vei mot EU-medlemskap
- UTENRIKS
Wagner-gruppen sier de trekker seg ut av Bakhmut 10. mai
- KOMMENTAR
«Der vi best ser den nye kalde krigen i Europa»