Mageknip, hovudverk og dårlege debattar

GJESTEKOMMENTAR: Stråmenn har ikkje all verda i kosthaldet å gjera.

Publisert: Publisert:

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier at ein ikkje skal skamma seg over å «eta ei kjøtkake eller ribbe til jul». Men kven er det eigentleg som synest det? Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

  • Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist

«Lat oss vona at 2019 var året ordet kjøtskam kom – og også forsvann», seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, og uttrykker von om både ribbeglede og pinnekjøtkos.

No i jula kosa eg meg med både pinnekjøt og lutefisk, tradisjonen tru, og eg er samd med Vedum i at ein ikkje skal skamma seg over å «eta ei kjøtkake eller ribbe til jul».

Men kven er det eigentleg som synest det? Joda, ein kan nok spa fram ein og annan sint og misjonerande veganar, men i hovudsak er kjøtkakehataren ein stråmann. Med det meiner eg ikkje ein som berre et grønsaker, men ein figur som er dikta opp for å ha ein hendig og passande toskete debattmotstandar.

Det sentrale forsvinn

På sjølvaste julafta åtvara John Olav Egeland i Dagbladet mot ei «ny makt» som med moral og skam som verkemiddel vil bestemma over matfatet.

Egeland syner til at veganisme i 2016 faktisk vart anerkjent som eit livssyn her til lands, men hoppar bukk over at den anerkjenninga kom frå likestillings- og diskrimineringsombodet, med utgangspunkt i ei konkret sak: Ei kvinne som mista eit jobbtilbod fordi ho var veganar. Det handla altså om diskrimineringsvern.

Ifølgje Egeland er norsk matpolitikk i ferd med å verta kapra av folk som «gjerne spiser en avokado fra Equador, men som betrakter ei lammesteik fra norsk fjellbeite som sluttresultatet av et drap».

Dette er å koka suppe på stråmenn. Det er synd, for i resten av Egeland sin kommentar har han fleire viktige poeng. Han framhever mellom anna at me treng ein landbrukspolitikk som legg opp til mindre bruk av importert kraftfôr og som «gjør det lønnsomt for bøndene å bruke grasressursene».

Ein malplassert ven

Dei siste månadane har eg vore medlem av ei facebookgruppe beståande av folk som ser på seg sjølv som venar av norsk landbruk. Eg høyrer heime der av fleire årsaker. Eg er glad i gode norske råvarer, som eg har glede av både når eg lagar kjøtmat og når eg lagar vegetarmat. Eg er også oppteken av landbruket sine kår, av lønsemda i næringa, av rekruttering til ho, og av jordvern.

I dette forumet er ein også opptekne av andre tema. Der rår ei skepsis til sentralisering, og ikkje sjeldan ei kjensle av aukande avstandar mellom by og land.

Eg kan høyra heime også med det utgangspunktet: Eg bur i ein folkefattig distriktskommune, rett nok ein som for lengst har teke steget frå å vera ein landbrukskommune til å vera ein pendlarkommune. Eg arbeider i ein annan distriktskommune, og køyrer – i blant buss, i blant bil – på ein rasutsett veg for å koma til jobb.

Framand fugl

Som eg nyleg sa frå talarstolen i fylkestinget i Vestland er det jo slik at også ein miljøpartist i blant kan vera freista til å hytta med knyttneven mot sentralmakta og røysta på Senterpartiet.

Likevel kjenner eg meg ofte som ein framand fugl på facebookgruppa, fordi ein der støyter på ein slags identitetspolitikk eg slett ikkje klarer å identifisera meg med.

Ein gratis og vegetarisk skulelunsj i Oslo vert omdanna til eit åtak på norsk beitenæring, ja, faktisk til eit åtak på norsk landbruk generelt. Som om ikkje havregraut kan lagast på norske råvarer. Satsing på kollektivtransport i storbyane vert forstått som manglande kunnskap om kor sjeldan bussen går på bygda.

Dei store rovdyra – nei, kven narrar eg, det handlar stort sett om ulven – vert omdanna frå villdyr til ein representant for storbyen. Ulven drikk kaffelatte, så og seia. Han har vel helst erstatta den norske kumjølka med eit nitrist importert soyaprodukt også.

Eg er sjølvsagt urettvis mot mange av deltakarane i den aktuelle facebookgruppa no. Men likevel sit eg der ofte att med den same kjensla som etter å ha lese Egeland sin kommentar i Dagbladet: Dei viktige poenga druknar. Og dei druknar ikkje sjeldan i oppstyltra by-land-konflikter.

«Å utpeke norske bønder som fiender i klimakampen og det grønne skiftet er et tragisk feilspor», skriv Egeland. Heilt sant, sjølvsagt. Men kven er det eigentleg som har gjort det? Det er iallfall ikkje meg.

Ja, putt det i ei skuff

Eg mistenker at Sp-leiar Vedum har snakka meir om kjøtskam enn dei fleste politikarar, rett nok i konstruksjonen av eit fiendebilete. Eg ser slik sett fram til at han puttar ordet i ei skuff. For dette handlar ikkje om skam.

Det handlar om at ribbeglede ikkje er ei mangelvare hjå oss, heller ikkje den som kjem frå juleribbe importert frå Tyskland. Ein god del av oss, særleg menn, et meir kjøt enn det me har godt av. Og joda, kjøt har sjølvsagt også eit klimaavtrykk, som jamnt over er betydeleg større enn for grønsaksmat, sjølv om dei reknestykka fort vert kompliserte.

Me kan altså med fordel introdusera meir grønt i kosten vår, og det kan ein meina utan å feia kjøtet av tallerkenen, og utan å villa norsk beitenæring til livs. Meir grønt på matfatet er ikkje berre eit godt nyttårsforsett, det er også noko me kan føra politikk for å leggja opp til.

Stråmenn er ikkje gode grønsaker. Dei gjev mageknip, hovudverk og dårlege debattar. Og blomkål smaker mykje betre.

Øyvind Strømmen er lokalpolitikar for MDG i Vestland fylke og Samnanger kommune. Red.mrk.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Den savnede gutten i Geiranger er funnet omkommet

  2. Han mistet troen på kirken og Gud – men nå vil han bli prest

  3. Tidligere Viking-spiller storspilte for Sandnes Ulf

  4. – Orga­nisa­sjonen har blitt et diktatur

  5. Politi­mann under etter­forsk­ning går av med pensjon lørdag

  6. Viking-floppen herjet i utrolig kamp på nivå to i England

  1. Landbruk
  2. Skam
  3. Råvarer
  4. Kommentar
  5. Trygve Slagsvold Vedum