Venstre om i kulturpolitikken?
KOMMENTAR: Innfrir det nye raud-grøne fleirtalet forventningane dei har bygd opp i kulturlivet?
- Jan ZahlKulturjournalist


Nok ein lang valkamp er over – utan kultur som sentralt tema. Nok eit stortingsval er gjennomført – utan at kulturpolitikk har vore avgjerande for korleis folk har stemt. Dagevis med analysar av valet har kome – utan at kommentariatet har brukt mange kaloriar på konsekvensar for kulturlivet.
Alt er, med andre ord, som vanleg: Kultur er og blir eit minifelt i politikken. Her ligg kulturens moglegheit og problem: Sjølv småsummar (samanlikna med dei store og tunge departementa) kan skapa begeistring (eller raseri) i kulturlivet. Samtidig er kulturen lett å ofra når partia skal forhandla budsjett, og andre hjartesaker står i kø.
Syklusar
Kulturpolitikken går i syklusar. Då dei raud-grøne gjekk til val i 2005, hadde Ap, SV og Sp allereie formulert kulturpolitikken sin i det såkalla «Kulturløftet». Dette var det første felles politiske feltet dei tre partia blei samde om – og eit svar på regjeringa Bondeviks kulturmelding.
Det viktigaste målet i Kulturløftet var at 1 prosent av statsbudsjettet skulle brukast på kultur innan 2014. Trond Giske (Ap) meinte det var på tide å tenkja langt større og ambisiøst på kulturfeltet, og fekk som kulturminister setja planen ut i livet. Kulturbudsjettet nådde prosentmålet.
Men kva kom ut av dei ekstra milliardane til kulturformål? Kvaliteten gjekk ikkje opp, meinte dei borgarlege, som overtok makta i 2013. I tillegg var dei kritiske til den einsidige offentlege finansieringa av norsk kulturliv, og politikaranes sterke føringar på kulturlivet. Dåverande kulturredaktør Hilde Sandvik i Bergens Tidende meinte at Kulturløftet framfor alt hadde auka maktkonsentrasjon i Oslo.
Eit par år seinare kom Riksrevisjonen til at auka pengebruk gjennom Kulturløftet i lita grad kom publikum til gode eller gav kunstnarane meir å rutta med.
Slik kan valget påvirke kulturlivet
Ti krav fra kulturlivet til neste regjering
Høgre om?
Dei borgarleges prosjekt, med Thorhild Widvey (H) i statsrådsstolen og Knut Olav Åmås tydeleg i kulissane, var maktspreiing, større fridom og meir private pengar inn i kulturlivet. Altså å flytta meir pengar og avgjerder til dømes ut i regionane. Slik kom gåveforsterkingsordninga på plass. Ei ordning som skulle stimulera til auka privat givarglede til kultur, der staten følgde opp dei private pengane med offentlege.
Kor mykje «friare» institusjonane blei, herskar det, forsiktig sagt, delte meiningar om. Dei borgarlege påla nemleg institusjonane å spara rundt ein halv prosent i året, på generell basis. Det har blitt ein del millionar i løpet av åra – og det har vore alt anna enn frigjerande.
Maktspreiing, mangfald og kunstnarisk fridom skulle også bli kulturministrane Trine Skei Grande (V) og Abid Rajas (V) devise – sjølv om Raja til slutt ikkje fekk gjort anna enn å prøva å manøvrera seg gjennom tidenes krise i kulturlivet, koronaen. Det førte til tidenes overføringar til kulturfeltet – og tidenes kjeft.
Jan Zahl: «Tidenes kulturpolitiske skandale»
Jan Zahl: «Avverja tidenes kulturpolitiske skandale»
Venstre om?
Blant dei som har stått fremst i kjeftekøen, er dei som nå skal ta over makta. Ap’s mangeårige kulturpolitiske talsperson Anette Trettebergstuen har kritisert Rajas handtering av koronakrisen, det same har Sp’s Åslaug Sem-Jacobsen. Begge er nemnde som aktuelle kandidatar til å bli ny kulturminister. Begge har gjort seg populære i store delar av kulturlivet gjennom kritikken og løfta dei har gitt det siste året – og bygd seg god fallhøgde.
Men til forskjell frå då dei fekk makta i 2005, har Ap, Sp og SV denne gongen ikkje blitt samde om kulturpolitikken på førehand. Dei er ikkje ein gong einige om å samarbeida.
Men alle tre lover igjen å bruka 1 prosent av statsbudsjettet på kultur. Ap lover at løftet skal koma «hele landet til gode», Sp skriv at dei vil «prioritere et løft for lokalt kulturliv».
Rødgrønn seier, men hva nå?
Sentralisering?
Sist dei raud-grøne hadde makta, kritiserte dei borgarlege dei for å verka sentraliserande i kulturlivet. Nå kritiserer dei raud-grøne dei borgarlege for det same. Det skal bli spennande å sjå korleis eventuell desentralisering og lokalt kulturløft skal gå føre seg i praksis.
Lokalt i vår region er det framfor alt Akropolis-visjonen – der Rogaland Teater og Must bygger seg saman – som skal bli spennande å følgja framover. I opposisjon har både Ap, Sp og SV vore positive til visjonen. Vil dei også vera det når rekninga, potensielt på eit par milliardar, kjem på bordet?
Samtidig tyder alt på at gåveforsterkingsordninga vil bli avvikla. Skal dei private pengane erstattast av meir offentlege pengar? Og korleis skal dei raud-grøne klara å matcha den massive offentlege pengebruken som har blitt kulturlivet til del under koronaen? Og sikra det som i tiår har vore ei hovudpine, nemleg å gi kunstnarar og kulturarbeidarar dei same sosiale og økonomiske levekåra som alle andre? For også det kostar pengar.
Lokalt skal det også bli interessant å sjå dynamikken mellom kommune, fylke og stat. Ap er største parti blant dei som styrer både i Stavanger, Sandnes og i Rogaland. Når sentralmakta i Oslo ikkje har levert slik dei raud-grøne lokalt har ønska, har det vore lett å skyta på den borgarlege regjeringa i Oslo.
Det blir ikkje like lett framover. Spørsmålet er om regjeringsskiftet fører til at dei raud-grøne lokalt får betre gjennomslag på statleg nivå. Eller om dei må finna nokon andre å skulda på om alt i kulturlivet frå no av ikkje berre blir mjølk og honning.
Harald Birkevold: «Rødgrønn seier, men hva nå?»
Harald Birkevold: «Støre på stram line»
Kommentator Jan Zahl
- KOMMENTAR
Vil tøffare tider gi kulturell blomstring eller kulturell krise?
- KOMMENTAR
Den ekstraordinære tildelinga til Nuart er ei reint politisk – for ikkje å seia populistisk – tildeling
- KOMMENTAR
Me i Stavanger-regionen har verken bygd hus eller festivalstemning – og knapt nådd ut forbi våre eigne kommunar
- KOMMENTAR
Grepet skaper ein vinn–vinn-situasjon
- KOMMENTAR
Trur du hat og hets dominerer ytringsrommet i Norge? Tru om igjen!
- KOMMENTAR
Ei vekes kulturell maktdemonstrasjon