Eit rikt og mangfaldig kulturliv er eit gode for alle

GJESTEKOMMENTAR: Laurdag 21. mai var Verdas dag for kulturelt mangfald, og for dialog og utvikling. Eit høve til å lære meir om å leve i eit kulturelt mangfald og sjå verdien i det. Dette skjer ikkje automatisk, vi må skape gode arenaer for utveksling.

Ikkje vanskeleg å vere fersk nordmann i Toronto på 17. mai.
  • Marte C. W. Solheim
    Marte C. W. Solheim
    Førsteamanuensis, leiar for Senter for innovasjonsforskning, Handelshøgskolen ved UiS
Publisert: Publisert:

For tida er eg på forskingsopphald ved University of Toronto i Canada. Dagen etter eg landa var det 17. mai-feiring i Dufferin Grove Park. Her samla det seg menneske med norsk tilknyting på ein eller annan måte: Dei med kort fartstid i landet, dei som hadde budd i Canada i over 40 år og familiane deira, andre var fødde i Canada, men hadde vakse opp i «norske» miljø, t.d. Bella Coola-dalen i British Columbia, der ei stor gruppe nordmenn busette seg 1800-talet. Dette var heimen til Nuxálk-folket då nordmennene kom frå Minnesota og presten Christian Tollefsen Saugstad (1838–1897) etablerte ein koloni.

Framleis kan ein tydeleg merke den norske kulturarven i området. På 17. mai-tilstellinga i Toronto fortalde ei kvinne på klingande norsk at dei feira Lucia og åt lefse til jul på den vesle staden som kan minne om Årdal i Sogn.

Finn dei vi liknar på

På veg til denne markeringa tenkte eg at det var litt snodig at den første opplevinga eg skulle ha i Canada var saman med andre norske. Samstundes tenkte eg på kor vanleg det er å søke seg til det som er kjend, og kanskje særleg når ein kjem som ny.

Likskap skapar bindingar, og dette får innverknad på våre vennskap, kven vi giftar oss med og søker råd hos og så bortetter. Forskaren Miller McPherson og kollegaer hevdar at som resultat av dette er folk sine personlege nettverk homogene og knytt til sosialdemografiske, åtferdsmessige og intrapersonlege eigenskapar.

Dette påverkar kva informasjon vi får tilgang til, våre haldningar og samhandling med andre. Ein knyter seg gjerne til menneske frå same land som ein sjølv, særleg i byrjinga, der ein deler språk og særpreg.

Etter kvart som eg nærma meg parken i enorme Toronto, så eg preg av slik «klynge-danning»: område med kinesiske innvandrarar (og «Chinatown») og område med synleg indisk «identitet». Toronto er ein svært multikulturell by, der rett under halvparten av innbyggarane er frå andre land enn Canada.

Høgkvalifisert arbeidskraft
ser på «kulturrtilbod og
ei interessant kulturscene»
når dei vel stad å bu.

Men ein treng ikkje reise til Canada for å oppleve dette. I Noreg kan vi også sjå konturar av slik «klyngedanning». Det kan prege delar av bybileta. Det vert synleg gjennom tilbod av butikkar, restaurantar og opplevingar. Det pregar kulturlivet òg. Dette kan påverke kvar vi vel å busetje oss, og kva kulturelle opplevingar vi deltek på.

For nokre år sidan vart det i Drammen tatt initiativ for å høyre kva den store gruppa med polske innbyggarar ønskte å oppleve på scena. Svaret var ein kjend polsk reggae-artist. Då dei hadde sikra seg denne artisten, trong dei ikkje promotere arrangementet, men alle 600 plassane var utselde med ein gong. Det seier noko om behovet som er der.

Vi veit òg at kulturliv er viktig for økonomisk vekst, og at vi i Noreg er på eit tidleg stadium når det gjeld å vise fram og utvikle ei mangfaldig kulturscene. Kulturrådet hevdar også at nordiske land har unnlate å anerkjenne den strukturelle eksklusjonen som har vore tydeleg tidlegare, og som framleis eksisterer i dag. Rett til å ta del i kulturlivet vert sett på som sentralt for menneskerettane, og eit rikt kulturliv kjem alle til gode.

Les også

Marte C. W. Solheim: «Einsam og åleine? Gode arenaer for samhandling er avgjerande»

Kulturliv, kompetanse og arbeid

Fleire forskingsprosjekt har sett på kor mykje ein kan vinne på å ha eit mangfaldig kulturliv. Ikkje berre som verdi i seg sjølv, men også på grunn av positive ringverknadar i det å trekke til seg nye arbeidstakarar. Ein McKinsey-rapport peiker på at folk med høgkvalifisert arbeidskraft nemner «kulturtilbod og ei interessant kulturscene» blant dei fem viktigaste forklaringane for kvifor ein vel å busetje seg ein stad.

Og ikkje nok med det, i ein fagfellevurdert publikasjon frå 2018 vert det trekt fram at ei rik og mangfaldig kulturscene tiltrekkjer seg høgt kvalifiserte arbeidarar, som igjen kan gje ringverknader som kjem alle arbeidarar i ein region til gode. Dette er det verd å tenke over når vi står i ein situasjon der vi har mangel på kvalifisert arbeidskraft.

Det er også viktig å peike på at det er viktig å skape gode møteplassar på tvers. Det er også slik eg les Anne Louise Stangeland, som i ein kronikk i Aftenbladet nyleg stiller spørsmål ved korleis ein kan legge til rette for nye fellesskap og treff på tvers av alder og sosial status. Og om korleis ein kan verte betre kjent på tvers. Menneske har ein medfødt eigenskap, eller trong, til å vere saman med andre menneske og å ha ein flokk å passe inn med. Vi treng nærleik, sosiale stimuli og å kjenne at vi høyrer til.

Dette var det flott å sjå i den mangfaldige feiringa i Toronto, døme på at den norske flokken heime i Noreg også inkluderte nykomne ukrainarar til å ta del i feiringa av grunnlova vår.

Framover er det særleg viktig at vi arbeider for eit rikt og mangfaldig (kultur) liv, der ein ser på korleis ein kan bli kjend på tvers og motverke utanforskap.

Les også

  1. – Færre ser på innvandrarar som ein trussel

  2. Til og med homo­file har nå blitt A4 med sine par­mid­dager og insemi­neringer

  3. Hvorfor er mangfold viktig for å få til lykkeland 2.0?

  4. Aldri har Norge hatt en spiller med annen hudfarge enn hvit. Nå skjer det noe.

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Marte C. W. Solheim
  3. Mangfold
  4. Kultur
  5. Toronto

Mest lest akkurat nå

  1. Hommersåk samles i sorg – igjen

  2. Marte (19) og Tor Martin (19) omkom i MC-ulykken i Gjesdal: – Dette er ufattelig og grusomt

  3. Det trengs et forbud mot bruk av robot­klippere om natten og strenge reguler­inger for bruk om dagen

  4. Før visste bare lokal­kjente om stølen. Så kom en «tur­fluenser»

  5. Tea Egenæs elsker 60-talls­huset i Stav­anger: – Alt tre­verket gir den gode atmos­færen og sær­preget

  6. Da han såg det gamle bildet, forstod Espen at ryktet om beste­foreldra si hytte på Høle var sant