Retten trudde ikkje på Bertheussen

KOMMENTAR: Laila Anita Bertheussen er dømt til fengsel utan vilkår i eitt år og åtte månader. For angrep på demokratiet, for truslar, og for brot på brann- og eksplosjonslova. Ho har ikkje blitt trudd av Oslo tingrett.

Fredag fall dommen i Bertheussen saka. Laila Anita Bertheussen, fremst, og i bakgrunnen fagdommar Anniken Nygaard Ottesen og dommar Yngvild Thue.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Ho blei dømt. For angrep på demokratiet, for handlingar og truslar eigna til å skapa frykt. Mot sin eigen sambuar, Tor Mikkel Wara, og deira felles heim, – og mot ekteparet Tybring- Gjedde. Tor Mikkel Wara og Ingvild Tybring-Gjedde var statsrådar, Christian Tybring-Gjedde var stortingsrepresentant. Deira virke som representantar for demokratiet vårt kunne bli hindra og hemma av Bertheussens handlingar.

Motivet? Retten meiner ho ville ramma teaterførestillinga «Ways of seeing» og kunstnarane bak denne. Ho blei intenst opprørt over at kunstnarane filma huset deira og brukte det i ei førestilling som blant anna handlar om makt-bobler, overvaking og rasisme i Norge.

Og handlingane? 6. desember 2018 oppdagar dåverande justisminister Tor Mikkel Wara at nokon har tagga hakekors og skrive «Rasist» på bilen, og «Rasisit» på husveggen. Bensinloket er opent, og det heng ein brent hyssing ut av tanken. Seinare er det trusselbrev i posten, både til Bertheussen/Wara, og til ekteparet Tybring-Gjedde. Det er kvitt pulver i postkassa til Wara og dei, det er brann i ein søppelkasse, bensinflasker festa til familiebilen med tøyremser, brann i bilen til Wara, og nokre trusselbrev til.

Avvist

Gjennom heile den seks veker lange rettssaka i haust avviste Bertheussen blankt å ha noko med handlingane å gjera. Ho klaga også politiet for å ha hatt tunnelsyn under etterforskinga. Forsvarar John Christian Elden bad om full frifinning, og peika på at det ikkje fanst det han kalla fellande bevis, og at dei indirekte bevisa ikkje var sterke nok til å kunna dømma henne.

Ein einstemmig tingrett avviser i dommen begge delar. I dommen slår dei fast at det ikkje finst haldepunkt for at PST har hatt tunnelsyn under etterforskinga. Tvert i mot framhevar retten at etterforskinga har vore uvanleg grundig.

Dei viser til at lova ikkje skil mellom direkte og indirekte bevis, at rettens vurdering byggjer på ei samla vurdering, – og i den samla vurderinga har ikkje retten tvilt.

Ein kvar rimeleg tvil skal som kjent koma tiltalte til gode.

Berre på eit punkt blir Bertheussen frikjent – punktet om å gjort noko for å vekka mistanke om at ei kriminell handling er begått utan at det er tilfelle.

Nitid arbeid

Dommen går gjennom hending etter hending, nitide tekniske undersøkingar, digitale beslag, endringar i forklaringar og motsetningar som gjer forklaringane lite truverdige. Den natta hyssing-i-bensintank og tagging må ha skjedd, viser helseappen på mobilen til Bertheussen at ho var i bevegelse rundt klokka 02. Og rett før har ho søkt opp personar knytte til «Ways of seeing» på nettet. Ho har søkt på sitt eige namn, og på biskop Kari Veiteberg, som hadde oppfordra folk til å sjå førestillinga. Under ransakinga av huset fann politiet ein raud tusj bak ei bokhylle i kjellaren som Kripos meiner er av same type som blei brukt til tagginga. Dessutan var ikkje bensinloket på bilen brote opp, og manualen på denne bilen seier at det ikkje er råd å opna bensinloket viss bilen er låst. Bilen var låst på morgonen då politiet kom til staden. Politiet konkluderer med at den som gjorde dette, må ha hatt nøkkel til bilen. Både Wara og Bertheussen endrar forklaring om kva som skjedde denne natta, etter at dei blir kjende med kva dei digitale beslaga viser.

Slik går dommen detaljrikt gjennom hending etter hending. Og retten finn ikkje rimeleg tvil som skal koma Bertheussen til gode.

Det er nok ikkje siste runde. Bertheussen anka dommen på staden.

Tunnelsyn utanfor?

Det finst også andre diskusjonar å løfta etter dette, knytte til tida før Bertheussen blei arrestert. Dei er også viktige.

Kunstnarane bak teaterførestillinga, og direktøren på Black Box teater, var på eit tidspunkt sikta av Oslo-politiet for krenking av privatlivets fred. Dei bad om å få ransaka kunstnaranes bustad og kontor. Då retten sa nei, anka politiet avslaget. Oslo Frp ville stoppa offentleg støtte til Black Box. Statsminister Solberg retta peikefingen rett mot kunstnarane og bad dei forstå og ta ansvar for kva dei gjorde når dei trekte familien til politikarar inn i søkjelyset.

I den første tida gjekk sympatien i vårt offentlege rom i så stor grad til dette mennesket som ufrivillig såg seg trekt inn i ei teaterførestilling, at det ikkje var plass til særleg mykje anna. Eg er ikkje sikker, men eg trur den forteljinga vekte mest gjenklang i mange av oss. Det fanst unntak, men eg trur det gjorde rommet for andre versjonar, som kunstnarane sine, for lite. Og eg trur det for ofte er slik. Vi flokkar oss for lett. La det høyra med til denne saka.

Les også

  1. Laila Bertheussen anket dommen på stedet: – Det er sjokkerende dette her

  2. Elden: Bertheussen kommer trolig til å anke

  3. Laila Anita Bertheussen dømt til fengsel i et år og åtte måneder

Publisert:
  1. Tor Mikkel Wara
  2. Demokrati
  3. Oslo tingrett
  4. Laila Bertheussen

Mest lest akkurat nå

  1. Forsker Gunnveig Grødeland: – Omikron kan være veien ut av pandemien

  2. Strammer inn tirsdag: – Det blir tiltak vi vil merke i hverdagen vår

  3. Frykter du ny korona­bølge? Nå kommer FHI med glad­nyhet

  4. Viking klar for Europa: 30 millioner ligger i potten

  5. 14.000 lys skaper hjemmelaget julestemning i Sandnes

  6. Stavanger og andre kommuner i hastemøte om korona med helseministeren