Skamlause kommunar
KOMMENTAR: Cecilie, Sven, «Nora». Sakene om tapt barndom handlar alle om skadde liv. Ingen av dei høyrer heime i ein rettssal.
- Solveig G. SandelsonKommentator

Cecilie har blitt utsett for seksuelt misbruk av faren, fleire gonger i veka, over fleire år, frå ho var ganske lita, kanskje 3–4, eller kanskje 6. Men ho syntest det var verre å sjå søskena få juling. Dessutan sa faren at han ville drepa henne eller ein av dei andre dersom dei fortalde nokon om det som føregjekk. Broren Sven kunne få juling av faren når som helst. Det spelte inga rolle om han låg stille i senga si. Han har blitt pressa inn i eit hjørne og truga på livet med ein svær kjøkkenkniv. Av far.
Besøksheimen desse to hamna i, varsla om at barna fekk juling. Barnevernet melde sjølv faren for seksuelt misbruk. Saka blei lagd til sides. Barnevernet klaga på det. Og tok omsider barna ut av det Sør-Rogaland tingrett i ein dom denne veka kallar eit redselskabinett for barn å veksa opp i. Det var mange år for seint, meiner retten.
Ufatteleg
Cecilie, Sven og to av søskena deira vann sakene sine mot Sandnes kommune denne veka. Dei er alle 100 prosent uføre. Dei er ein del av ein søskenflokk på åtte. Mora hadde mista omsorgsretten til dei to eldre halvsøskena deira, alt før nokon av dei åtte var fødde. Halvsøster Mona Anita Espedal blei i 2019 tilkjent 2 millionar kroner i erstatning frå Sandnes kommune.
Det finst altså andre måtar å gjera dette på. Måtar kommunen veit godt om. At Cecilie og søskena måtte i retten for å få slik erstatning, er difor ufatteleg. Det er skamlaust.
Gjensidige, forsikringsselskapet kommunen har sett slike ting ut til, gav dei blankt avslag på søknaden om erstatning. Saka hamna i retten, der Sandnes kommune la ned påstand om at krava var forelda – dei fire burde for lengst forstått at dei kunne ha krav på slikt, meiner kommunen. Som også kravde at dei fire uføre søsken skulle ta kommunen sine sakskostnader på 1,7 millionar kroner.
Sandnes kommune får stryk i dommen frå tingretten. Den slår fast at barnevernet har vore aktlaust og vike unna plikta dei har til å handla. Den avviser blankt at saka er forelda. Kommunen blir dømd til å betala rett under ni millionar kroner i erstatning og sakskostnader.
Meiningslaust
Viss omsorgssvikt i barndommen pregar deg så sterkt at du kan ha rett på erstatning for tapt barndom, er det sannsynleg at du er skjør og sårbar. At du kanskje ikkje har krefter nok til å ta opp kampen for å få erstatning. At du heller ikkje har eit godt nettverk rundt deg, som har dei kreftene. At det kan kosta deg det du har igjen av helse. At du ikkje toler at denne første delen av livet ditt skal løftast fram på dette viset.
Å snakka om forelding, om at ein burde forstått og handla og kravd på eit tidlegare punkt enn ein til slutt klarte, gir verkeleg inga meining.
Det gjer heller ikkje snakket om at ein må prøva sakene i retten for å sikra likebehandling. For det er den sterke mot den svake i alle desse sakene. Det er den som ikkje klarer seg sjølv, som er varig skada, som ikkje har eiga inntekt, nettverk eller eit trygt liv, som skal opp mot ein mektig kommune. Kommunar har eigne advokatar. Og ingen frå kommunen må stilla med eiga helse som innsats, eller få eige, djupt skada liv og oppvekst opp igjen, i ein rettssal, over mange dagar, og frå mange og ulike kantar og synsvinklar.
Uverdig
Dei høyrer ikkje heime i ein rettssal, desse sakene. Det er uverdig at dei hamnar der. Alt – alt – snakk om likebehandling og forelding er skjerande falskt. Slik det ofte er når den mektige av to partar bruker det til inntekt for sitt syn.
Dette har eg skrive før. Den gongen handla det om «Nora», som gjekk til sak mot Stavanger kommune og søkte erstatning for ein tapt barndom. Ho vann i tingretten. Men Stavanger kommune anka. Dei meinte at «Nora» kanskje uansett ville blitt så sjuk som ho er nå, uavhengig av kva kommunen og barnevernet gjorde eller ikkje gjorde. Og at saka var forelda.
Det siste gav lagmannsretten dei medhald i, for «Nora» var i ein kort periode i stand til å ta opp skulefag og skaffa seg førarkort. Akkurat der, meiner lagmannsretten, burde ho forstått at nokon kunne ha ansvar for den øydelagde helsa hennar, og tatt tak i det. Sett i gang!
«Nora» er også ufør. Ho er alvorleg psykisk sjuk. Ho bryt heilt saman mot slutten av ankesaka. Det ho ville var å høyra om det kanskje ikkje var hennar eiga skuld, alt dette.
Kommunen? Kommunen anka for å sikra rettferd og likebehandling i slike saker, ifølgje kommunedirektør Per Kristian Vareide.
Få ein slutt på det!
Kva gjer Sandnes kommune nå? Skal dei også anka? Kan dei også finna på å snakka om likebehandling og rettferd i saker som dette? Dra kortet om forelding ein gong til?
Og kjem dei til å fortsetja å la slike saker gå i rettssystemet? Kva med resten av søskenflokken? Må dei alle i retten, ein etter ein etter ein? Det finst tidlegare barnevernsbarn i Sandnes som ikkje klarer koma seg så langt som til å få vurdert helsetilstanden sin, – skal dei ta saka vidare?
Det går ikkje, dette. Kommunane våre må finna tilbake til ein enklare veg. Nei, det er ikkje å prøva å setja moral over jus. Det er å innsjå at jussen ikkje alltid strekk til. Dei har alt ein modell, frå den tidlegare oppreisningsordninga ein hadde for barnevernsbarn i institusjonar. Politisk vedtatt, der kommunen tar på seg eit moralsk ansvar.
Det må gå an å bruka den som mal. Forbetra den. Setja seg ned med dei det gjeld og nokre få fagfolk, og finna fram til kva som er riktig. Utan å skada ein gong til.
Les også
Fire søsken får millionerstatning: «Vokste opp i et redselskabinett for barn»
– Kor stor og sterk skal Stavanger kommune gjera seg i møte med sårbare «Nora»?
Nabojenta kom på døra med en lapp fra moren: «Kan jeg låne 500 kroner, jeg har ikke mat til barnene mine»
Kommunedirektøren om Nora-saken: «Det var en vanskelig beslutning å anke»
«Nora» vil bli høyrd. Ho blir alt anna enn det, av Stavanger kommunes folk i retten
– Alle sier de har vært opptatt av barnets beste. Jeg skulle gjerne visst hva de mente med det
Å, så feigt eit fleirtal på Stortinget!
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
Legg ned direktoratet!
- KOMMENTAR
- Går det ennå an å knyta menns alvorlege problem til mannlege eigenskapar?
- KOMMENTAR
– Ap og Høgre om skule? Dei spring på same stafettlag
- KOMMENTAR
«Dette burde regjeringa forstått for lenge sidan: Det måtte meir pengar til»
- KOMMENTAR
Studentane snur ryggen til skulen. Politikarane har køyrt den i grøfta
- KOMMENTAR
– Treng vi gå til fastlegen for ei kort sjukmelding? Eller er det politikarane som treng at vi gjer det?