Hatar du deg sjølv? Svar, viss du er minst 8 år

KOMMENTAR: Skulefråværet i Norge er til å bli bekymra av. Det er også norske forskarars vilje til å leggja ansvaret på barnet aleine.

Norske skulebarn har fått 1539 fleire skuletimar sidan 1997. Dei fleste av dei i norsk og matte, på dei yngste trinna.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Har du dei siste fjorten dagane kjent på at du hatar deg sjølv? Følt deg som eit dårleg menneske? Tenkt at ingen eigentleg er glad i deg? Har du blitt redd, fått hjartebank eller pustevanskar, sjølv om det ikkje var nokon grunn til det?

Svar, sjølv om du er usikker og synest påstandane verkar rare.

Spørsmåla er til barn, frå 8 til 16 år, som har eit urovekkande skulefråvær. Dei er henta frå eit skjema med veldig, veldig mange fleire spørsmål, og er inngangen til eit behandlingsprogram, Back2School. Det har vore brukt i Danmark. Nå skal det prøvast ut i Norge. Universitetet i Tromsø leiar prosjektet, saman med blant anna forskarar frå NTNU og frå Universitetet i Stavanger.

Problema

Aukande skulefråvær er eit alvorleg problem, det er djupt urovekkande. Det er også ein svær samlesekk, det kan vera veldig mange grunnar til det fråværet. Nokre av dei fremste fagfolka vi har på feltet, som barnepsykiatrane Stein Førde og Trond Diseth, peikar på at hovudgruppa dei får inn som pasientar, opplever at dei ikkje klarer meistra det faglege. Dei fleste er fortvila, engstelege og nedfor. Utreiingar rundt barnet, ikkje skulesituasjonen, fører ofte til ei forsterking av problema, meiner dei.

Sidan 1997 har norske barn fått 1359 fleire skuletimar i grunnskulen. Det svarar til to skuleår. Dei fleste nye timane er i norsk og matematikk, og er lagt til dei yngste klassetrinna. Det er lesing, engelsk og matte som gjeld, det er der skulane blir målte, med omfattande prøvar. Leiken har forsvunne, praktiske og estetiske fag, som musikk, teikning, matlaging, sløyd og gym, er svekka. Læringsmåla er mange. Kvar veke. Mor og far er på jobb utanfor heimen. Det er få stader barna kan snu seg til og kjenna at dei meistrar. Dei er yngre enn før når dei skal klara seg på skulen. Dei aller yngste, dei som er fødde seint på året, har også 80 prosent høgare risiko for å få ADHD-medisin enn dei andre.

I Danmark skriv fleire forskarar om unge som kjenner at alt står på spel, heile tida, dei må få med seg det dei skal, på rette måten, til rett tid. Dei opplever skulen som den sterkaste målberaren av dette. Og dei er redde for å falla av. For å falla ut av alle samanhengar dei står i. Det siste der, å stå i ein samanheng, å kjenna at du har ein plass, at du kan meistra plassen din og dermed bidra i samanhengen, det er eit ganske grunnleggjande behov for eit menneske. Også for små menneske.

Kven skal stilla grunnleggjande
spørsmål ved kva vi driv med
som samfunn, om ikkje
forskarane våre gjer det?

Behandlinga

Forskarane, som nå vil prøva ut Back2School i Norge, streifar knapt innom tanken om at det kan vera systemet og situasjonen barnet må stå i som er problemet.

Ifølgje bruksrettleiinga i Back2School, blir barnet og foreldra kalla inn til samtalar med behandlar, etter at skjemaet er fylt ut. I Norge treng ikkje det vera ein psykolog eller psykiater – nei da, det er ikkje nødvendig.

Det blir laga SMART-mål og innført påskjønning, det blir jobba med foreldras motivasjon, ein etablerer meir «hensiktsmessige» rutinar heime, lærer foreldra om tydelege krav, planlagt ignorering, negative konsekvensar. Med barnet til stades. Kan temaet vera unnvikande åtferd og kognitiv omstrukturering – altså læra å tenkja på ein annan måte.

Har barna angst, blir det laga trappestige for ting dei har angst for, er det depresjon, lær dei problemløysing. Drøft med foreldra korleis dei kan erstatta eigen uhensiktsmessige åtferd med ein betre type. Snakk med dei om å oppfordra barnet til å bli modig og sjølvstendig, eller om familiemål og bruk av negative konsekvensar viss det er åtferd som er problemet.

I all reguleringa av barnet og foreldra er det berre så vidt skulen blir nemnt.

Det er nitrist. Kven skal stilla grunnleggjande spørsmål ved kva vi driv med som samfunn, om ikkje forskarane våre gjer det?

Barn har ingen annan arena
enn skulen. Dei kan ikkje velja
den vekk.

Ulemper?

Endå verre er det at forskarane heller ikkje ser nokon risiko ved eit program som legg så sterkt trykk på at det er barnet det er noko gale med.

Barn har ingen annan arena enn skulen. Dei kan ikkje velja den vekk, dei kan ikkje styra kvardagen sin. Dei kan berre gøyma seg heime. Viss tilliten til mor og far blir borte, har dei ingen. Og ingen trygg stad å vera.

I tillegg er ikkje resultata frå Danmark, som har inspirert dei norske forskarane, særleg overbevisande. Blant dei som blei med på dette forsøket, steig tida på skulen med 61 prosent. Hos dei som fortsette som før, steig tida med 49 prosent, mot 35 tidlegare. Det tyder på at sjølve fokuset dette fekk, har hatt stor betydning for resultatet. Ikkje nødvendigvis kva ein gjorde. Då kan ein også tenkja at når dette blir rulla ut i stor skala over heile landet, anten det er i Norge eller Danmark, vil ikkje resultatet etter to–tre år vera særleg betre enn det var før.

Då har ein innført eit program som synest blindt for systemkritikk. Og blindt for kva som kan skada barn ned i 8-årsalder.

Det er ikkje gale å setja krav til barn, viss det er krav dei har sjanse til å meistra. Det er å gi dei ein plass i ein samanheng. Men det har ingenting som helst å gjera med å gå langt inn i fortvilte barns psyke, og visa dei at dei er feil.

Har du hata deg sjølv dei siste fjorten dagane? Har du tenkt at du aldri kan bli så god som andre barn? Svar, er du snill, på alle spørsmåla. Sjølv om du ikkje er heilt sikker.

Publisert: