I Kina er 1989 framleis ikkje over

GJESTEKOMMENTAR: 30 år etter at demonstrantane på Den himmelske freds plass vart slegne ned, har menneskerettssituasjonen i Kina ikkje vorte betre. Men kinesiske myndigheiter har eit opium å tilby: økonomisk vekst.

Publisert:
Øyvind Strømmen
Forfattar og journalist

Ved Den himmelske freds plass i Beijing, 5. juni 1989: Ein framleis ukjend mann åleine mot fire stridsvogner. Dei måtte stoppa. Biletet er i dag det ikoniske symbolet på studentopprøret som vart slått så hardt ned. Foto: Jeff Widener, AP/NTB Scanpix

Det kan henda at minnet speler meg eit puss, sidan bileta er så ikoniske, og sidan eg sidan har sett dei så mange gongar. Likevel: Det er eit av mine fyrste nyheitsminne, at eg såg tv-bileta av mannen med to handleposar i hendene, som stilte seg framfor ei rekkje stridsvogner på ein brei kinesisk aveny, like ved Den himmelske freds plass.

Namnet hans er ukjent. Lagnaden hans er ukjend. Og no er det 30 år sidan kinesiske myndigheiter brutalt slo ned demonstrasjonane på og rundt Den himmelske freds plass.

Les også

Aftenbladet mener: «Minnet om studentopprøret i Kina må tas vare på»

Studentdemonstrasjonane for meir demokrati og mot korrupsjon starta fredeleg i fleire kinesiske byar, og i løpet av dei to siste vekene av mai 1989 auka oppslutninga om protestane. Foto: Jeff Widener, AP/NTB Scanpix

Etter meir enn to veker med fredelege protestar vart studentopprøret 4. og 5. juni 1989 slått brutalt ned. Framleis er mange forsvunne. Foto: Jeff Widener, AP/NTB Scanpix

I 1989 var verda i endring. Same dag som demonstrantane vart slegne ned i Kina, vart det halde val i Polen. Solidaritet fekk høve til å stilla i det delvis frie valet, og dei vann. Snart stod dei diktatoriske kommunistregima for fall i heile austblokka. 1990-talet vart prega av optimisme, ikkje minst på demokratiet sine vegne.

Ikkje plukk på skorpene!

Men i Kina enda studentopprøret i 1989 med eit blodbad. I vår kom den kinesiske opposisjonelle Liao Yiwu, som lever i eksil, ut med boka «Bullets and Opium». «Vesten kjenner berre til ein av dei som protesterte», skriv han, og viser til mannen framfor stridsvognene. I boka søkjer han å fortelja historia til andre av dei som gjorde opprør. Ho er vel verdt å lesa.

Den opposisjonelle forfattaren Liao Yiwu under en debatt ved Columbia-universitetet i New York i september 2018. Foto: Amr Alfiky, Reuters/NTB Scanpix

I forordet, skrive av journalisten Ian Johnson, heiter det: «Bodskapet [på den himmelske freds plass] var klårt: Dette kjem ikkje til å bli tolerert. Nokon gong. Sidan har Kina sin kurs vore fastsett: Økonomisk utvikling, ja, – eit ope samfunn, nei». Kulene i boktittelen handlar om det kinesiske regimet si undertrykking av opposisjon. Og opiumet? Det er den økonomiske veksten, ein vekst som får folk både i og utanfor Kina til å sitja stille i båten? Partiet sa til Vesten, skriv Liao Yiwu, at det var berre å koma, berre å byggja fabrikkar og å etablera selskap: «Så lenge de ikkje snakkar om menneskerettar, eller plukkar på politiske sårskorper, så kan de gjera kva de vil.»

Noreg hamna i trøbbel med Kina fordi forfattaren og menneskerettsaktivisten Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010. Me lærte leksa. I 2016 kunne dåverande utanriksminister Børge Brende innkassera ein siger. Tilhøvet til Kina vart normalisert. I ei felleserklæring frå dei to landa, Kina og vårt eige, heitte det at tilhøvet hadde vorte dårleg grunna pristildelinga. I erklæringa sitt tredje punkt heitte det at den norske regjeringa fullt ut respekterer «Kina si utviklingsbane og sosiale system» og også «rosa den historiske og eineståande utviklinga som har funne stad».

Det heitte også at den norske regjeringa «legg stor vekt på Kina sine kjerneinteresser og store bekymringar» og ikkje vil «stø tiltak som undergrev dei».

– Dette er ein gledens dag», sa Brende til Aftenposten. Dei nemnde tekstutdraga omtala han som «heilt vanleg FN-diplomatisk språk».

Ein kan gjerne dvela over Liao Yiwu sine ord i den samanheng. Med Nobelprisen til ein kinesisk dissident hadde Noreg fare opp som ei løve. Med denne erklæringa fall Noreg ned som ein skinnfell. Det var bra for laksenæringa.

Og sidan?

Sidan har Noreg forhandla om ei frihandelsavtale med Kina. Kongeparet har vore på offisielt besøk i landet, med mengder av representantar for norsk næringsliv på slep. Ein av Kinas mektigaste menn, folkekongressformannen Li Zhanzhu, vitja Noreg i mai, og fekk oppleva 17. mai-feiringa i Stavanger.

– Kinesarane har godt av å sjå korleis me feirar nasjonaldagen og korleis me fokuserer på fridom, born og glede, i motsetnad til dei fleste andre land som har militærparadar. Så vonar eg det verkar sjarmerande, sa Erna Solberg til pressa.

Ei ny lakseavtale vart inngått nokre dagar seinare.

Les også

Ny lakseavtale mellom Norge og Kina

Les også

Kina-besøket var en gjenvisitt: – Vi viste kineserne hvordan vi feirer frihet og demokrati

Kinas tredje mektigaste politikar, Li Zhanzhu, møtte bundakledde fylkesmann Målfrid Meltveit Kleppa (t.v.) og stavangerordførar Christine Sagen Helgø til middag på Atlantic 17. mai. Foto: Tommy Ellingsen

Samstundes har det kinesiske kommunistpartiet stramma grepet. Samstundes har dei teke i bruk stadig meir undertrykkjande metodar mot minoritetar, hundretusenvis er internerte i leirar. Samstundes tek dei i bruk stadig meir overvaking, gjennom eit overvakingsprogram som er av dei mest skremmande ein nokon gong har sett. Samstundes risikerer menneskerettsforkjemparar fengsling og forsvinningar. 1989 er ikkje over i Kina.

Les også

Johannes Morken: «Hardhendt sensur av tru i Kina, Noreg må gje kinesisk toppolitikar klår melding»

Etter Amerika

Kanskje er det gode grunnar til at regjeringa vil halda seg inne med Kina. Det er gode grunnar til å tru at Kina kjem til å spela ei stadig større rolle internasjonalt i åra som kjem.

Kinesarane kjøper seg opp både i Afrika og i Europa, og når Trump har ført USA inn i ein handelskrig med Kina, er det ikkje sikkert at det vert amerikanarane som trekkjer det lengste strået.

Men Kina si veksande makt bør skapa uro. Som Leonard Cohen sa det: «Du kjem ikkje til å lika det som kjem etter Amerika».

Eller som Kina-kjennar Thorbjørn Færøvik har minna oss om: «Gammel lærdom forteller oss at økonomisk makt betyr politisk innflytelse. Allerede i dag velger europeiske politikere sine ord med omhu når de omtaler Kina. Hvor mye tør de si om fem, ti eller femten år?»

Dette tenkjer eg på, medan eg enno ein gong ser på filmen av mannen med handleposane, framfor stridsvognene på Chang’an-avenyen. I Kina vert han sensurert vekk. Han også.

Les også

Twitter stengte kontoene til Kina-kritiske brukere

Les også

Podkast: Skal du kjøpe eller selge Huawei-mobilen?

Les også

Fareed Zakaria: «Svartelistingen av Huawei kan være Kinas Sputnik-øyeblikk»

Les også

Gunnar Schumann: «Kampanjen mot Huawei avslører Europas svakhet»

Publisert: