Den perfekte helten som drep

GJESTEKOMMENTAR: James Bond er ein avant­gardistisk modernist som sprenger alle grenser. Sam­stundes er han også det mot­sette, ein arke­type, noko ur­gammalt.

Den til no siste James Bond på film, Daniel Craig, spelar sin siste Bond-film i «No Time To Die», som har noregspremiere fredag 30. oktober.
  • Eirik Magnus Fuglestad
    Eirik Magnus Fuglestad
    PhD i sosiologi, master i nasjonalismestudiar
Publisert: Publisert:

Dei første Bond-filmane som kom på 1960-talet, vart avskrive som ei håplaus smørje av sex, snobberi og sadisme. Men her er dei altså framleis, snart 60 år og 25 filmar seinare, ein milliardindustri.

Er det fordi Ian Flemings agent 007 er hypermoderne og urgammal på same tid? Eller fordi Bond er den perfekte helten – han som drep?

Bond som dragedrepar

Leonard Cohen har eit dikt som går slik, omsett: «Når eg er med deg / vil eg vera ein slik fantastisk helt / som eg ville vera / då eg var berre sju år gammal / ein perfekt mann / som drep». James Bond er denne helten. Som alle veit, har Bond ein såkalla «licence to kill» – rett til å drepa, statleg fullmakt til å ta liv. Ei slik fullmakt er meir verd enn kva som helst slags superkraft.

I klassiske forståingar er det berre gudane, og eventuelt staten, som har denne retten til å ta liv. Det er derfor noko overskridande i ha ei slik makt. Slik sett kan me seie at Bond passar inn i filosofen Friedrich Nietzsche sitt ideal om overmennesket – eit menneske som hevar seg over samfunnet sin slavemoral og skaper sin eigen frie lov om kva som er rett og gale.

Slik er Bond ein avantgardistisk modernist som sprenger alle grenser. Samstundes er han også det motsette, ein arketype, noko urgammalt. I vår vestlege kultur har helten, i alle fall attende til mellomalderen sine riddarmytar, vore definert nett ved retten han har (eller gir seg sjølv) til å ta liv. Riddaren i skinande rustning er i essens ein dragedrepar, og eigentleg er det også det James Bond er: ein moderne dragedrepar.

James Bond, vald og våpen heng i hop. Her Lashana Lynch (t.v.) og Daniel Craig i ein scene i årets film.

Ein action-odyssé

I hundre generasjonar har menn vakse opp med denne ideen om helten som drep i skinande rustning, ein idé som kanskje strekker seg heilt tilbake til sjølve ur-myten i den vestlege kulturen – Homers «Odysseen» – der helten Odyssevs i sluttspelet drep i fleng når han endeleg kjem heim til kone og familie. Odyssevs som den første helten som drep, – og Bond som den siste, smokingen som hans skinande rustning.

Både Odyssevs og Bond legg ut på lange reiser over land og strand, møter forførariske kvinner og farlege skurkar, men ender opp med å oppretta stabilitet og vinn dama til slutt. Er det ikkje noko med den verdsomreisande måten som Bond-filmane er bygde opp på som speglar eit vagt bilete av odysseen i det fjerne?

Dette er Bond som jungiansk arketype, ein hero som appellerer til noko prenta i sjølve menneskesjela. Freud seier ein stad at all sivilisasjon er grunnlagd på eit ur-mord som menneska stadig fortrengjer. Kanskje minner helten, agenten, Bond oss alle på dette, idet han bryt det djupaste tabuet, og blir ein hero.

James Bond (Daniel Craig) og den siste «Bond-piken», CIA-agenten Paloma (spansk-kubanske Ana de Armas) i klassisk stil.

Mannen utan eigenskapar

Trass dette urgamle og mytiske er Bond ei ektefødd barn av moderniteten. Å sjå til er han ein kvit, vestleg mann i ein alder ein stad mellom 30 og 50 år. Rett nok er han relativt høg og velbygd, og med noko udefinert brutalt og mørkt i augo, men det er ikkje noko merkverdig med han. Han er ein i mengda av alle desse middelaldrande, privilegerte vestlege mannfolka. Også namnet er heilt platt og ordinært: James Bond.

Nett i dette anonyme ligg kjernen i James Bond som populærkulturelt fenomen. Dette gjer han nemleg også foranderleg. James Bond er Sean Connery, er Roger Moore er Daniel Craig osv. Gjennom 60 år på film og 70 år i bøker har Bond stadig endra seg via seks skodespelarar og ein bråte forfattarar. Bond har vore på havets djup og i verdsrommet, han passar like godt i kasinoet ved den franske rivieraen som i sveitsiske alpar eller i afrikansk ørken. Han er ein engelsk gentleman, og ein brutal mordar.

Roger Moore i 1972, i ein pause i innspelinga av «To Live and Let Die» (1973), den første Bond-filmen hans.

Med sine mange eigenskapar er James Bond på eit vis Robert Musil sin «Mannen utan egenskaper». Å vera utan eigenskapar, slik Musil ser det, er eigentleg å vera eit blankt ark med eit uendeleg mangfald av moglege eigenskapar. Dette flyktige gjer at Bond på ei og same tid er den same, men likevel ikkje. Flyktig modernitet, seier sosiologen Zygmunt Bauman. Moderniteten er definert, ikkje ved det å vera, men ved det å bli, ein stadig prosess «i ferd med å bli», å aldri verta ferdig forma, å vera i stadig endring.

Men for Bond er det også noko fast og statisk i det flyktige. I all endringa er noko ved det same – ei staheit. Denne staheita er kjernen i Bond som person. Bond er helten som alltid går vegen som er strødd med glør for å gjera det som må gjerast, slik at me andre kan sleppa.

Dette sta og rettskafne for det gode driv han, sjølv om det kjem frå hans eige, indre mørke, – av drap som er drukna i vodka martiniar, frå ei sjel som aldri finn kvile i noka kvinnes kjærleik, men som kvilelaust går frå barm til barm for å gløyma berre ei stakka stund. «Kva ville skjedd om du stoppa opp?» spør ei kvinne Bond. «Eg veit ikkje», svarar han med eksistensiell angst. Bond er det han gjer, og det han gjer er å drepa, og slik stadfestar han sin eigen eksistens. Om han ikkje kvilelaust går vidare, går han i oppløysing. Og kanskje gjer også vår verd det?

Les også

Aftenbladets filmmelding: «Bond, menneskeleg Bond»

Frå innspelinga av den siste Bond-filmen, i Matera i Sør-Italia i september 2019. Daniel Craig bak rattet i ein Aston Martin DB5, til venstre i biletet. I passasjersetet ein filmfotograf.

Heltens evige tilbakekomst

Bond er den flyktige modernitetens handlekraftige mann som stadig kjem til oss som i ein slags nietzscheansk, evig tilbakekomst. Mannen som drep, denne helten som guten vil vera når han er berre sju år. Han har sine skuggesider som ein kvar anti-helt, men han gjer det som må gjerast, og han ender alltid opp på rett side til slutt, som den perfekte helten som drep.

James Bond passar inn i filosofen Friedrich Nietzsche sitt ideal om overmennesket.

Les også

  1. Nye Bond setter «lengderekord»

  2. Hvem blir nye James Bond? Her er noen av kandidatene

  3. Venter kinofest i høst: Denne filmen tror eksperten vil trekke flest

  4. Denne filmen blei nominert til Oscar for beste utanlandske film. Det er forståeleg

Publisert:
  1. James Bond
  2. Film
  3. Filosofi
  4. Vold
  5. Myter

Mest lest akkurat nå

  1. 20 år gammel kvinne dømt til forvaring: Hadde kniv og liste over personer hun ville drepe på cellen

  2. Stigende korona­tall: Flere inn­lagt og flere smittet

  3. Monica Mæland har fått ny jobb

  4. Flere pasienter utviklet spredning av kreft mens de deltok i norsk kreftstudie. – Vi er veldig lei oss

  5. Skroter for­slag til for­skrift om el­sparke­sykler i Stav­anger

  6. Utenlandsk toppklubb vil se mer av lokalt stortalent