Kommentar: Sakene, ikkje personane, tel mest for statsministerduell og regjeringsval

Sjølv om me gjer mest mogleg ut av statsministerduellen, viser tala at for veljarane tyder sakene mest.

Publisert: Publisert:

Statsministerduellen er til dels ein oppblåst ballong. Valet i haust vert ikkje avgjort av tilliten til statsminister-kandidatane, seier veljarane. All personifiseringa i media til trass: Sakene er suverent viktigast og tyder også langt meir enn vår alminnelege tillit til det einskilde parti. Foto: Håkon Mosvold Larsen/ NTB scanpix

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Aftenbladet og Aftenposten publiserer tysdag ein svært interessant landsomfattande meiningsmåling om regjeringsspørsmålet. Tusen spurde landet over viser mellom anna at veljarane er langt meir interessert i samarbeid over partigrensene enn det partileiingane sjølv opnar for.

Les også

Hadia Tajik: - Veien til et grønt skifte går ikke gjennom arbeidsledighet

Les også

Direkte verdidebatt fra IMI-kirken

Les også

Lerbrekk vil bli kvitt «bøllekultur» i oljå

I grove trekk er det likevel slik at det er Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som vert mest uglesett av veljarane hos andre parti, i høve til regjeringssamarbeid. Likevel kan sjølv 4 av 10 Ap-veljarar til nauds godta til dømes ei regjering med MDG, noko Ap-leiar Jonas Gahr Støre har avvist kategorisk.

Tillit til sakene eller til personane

Men eit vesentleg spørsmål i denne omnibusen er også kva som tyder mest for dei spurde når dei skal røysta ved årets stortingsval.

Er det den alminnelege tilliten til partia, er det partia sine standpunkt i bestemte saker eller er det tilliten til partias kandidatar og leiarar som tel mest?

Haustens val er i utprega grad eit statsministerval med to markante og opplagte kandidatar på høgre og venstre side.

Til venstre finn me Ap-leiaren som no slit med meiningsmålingane sidan sommaren av. Til høgre finn me ein populær og landsmoderleg statsminister Erna Solberg (H) som på fleire av dei siste målingane kan få eit knipent borgarleg fleirtal i ryggen sjølv om Venstre ryk under den berømte sperregrensa.

Les også

Debatt: Listetoppene om utsiktene foran valget

Les også

Ny rapport knuser myte om jobbskaping

Les også

Prognose gir bare ni prosent sjanse for borgerlig flertall

Men skilnadane er så små at nokre få tusen røyster kan avgjera vinn eller forsvinn for dei begge.

Synkande tillit

Då er det interessant å sjå at den alminnelege tilliten til partia, som viktigaste avgjerande faktor, har falle frå 25 prosent i 2009 til 21 prosent i år.

Endå meir har tillit til kandidatar og partileiarar falle: Frå 16 prosent i 2009 til 12 prosent i år.

Det viktigaste er partias standpunkt i bestemte saker, svarar 59 prosent i haust – mot 54 prosent hausten 2009. Dette talet har auka jamleg sidan dei første målingane i 1984.

Då kan det sjå ut som om den mykje omtala personifiseringa i media av partia og politikarane ikkje har hatt den effekten mange frykta eller vona på. Ap-Jonas mot Jern-Erna fenger veljarane mindre enn trua på kva saker dei faktisk frontar. Det styrkar mi tru på at sakene og programma er langt viktigare enn personane. Folk flest veit kvar dei vil, sjølv om partiprogramma litt for ofte kan synast til forveksling like.

Og i så måte har Ap-leiaren eit forklaringsproblem som er langt større enn eventuell bryggebygging og moglege tvilsame investeringar. Den store forteljinga om krisa som har råka vårt land slo ikkje til, sjølv om kvar ledig naturlegvis er ein for mykje.

Optimismen tilbake?

Norge som heilskap går så det grin. Sjølv i oljetunge Stavanger ser ein avmålt optimisme ut til å finna vegen tilbake. Men det er interessant å sjå korleis ei Rogalands-måling for VG/Infact sist veke viser ein markant tilbakegang for Høgre i fylket vårt sidan 2013, mens Ap går fram.

No pleier veljarane sjeldan å løna sitjande regjering for gode tider.

Bondevik II-regjeringa fekk berre ein periode. Dei raud-grøne kom seg over i andre periode med naud og neppe, vart feid ut av regjeringskvartala hausten 2013 og erstatta med den blåaste regjeringa Norge har hatt. Men det er forbausande at Arbeidarpartiet ikkje greier å gjera meir ut av konkurransen med dei blå-blå, sidan alternativa burde vore så tydelege. Valdagen vil visa om folk faktisk vil gje Erna Solberg ein fornya sjanse i fire år til.

Dersom me går inn i detaljane bak kva som avgjer kva me røyster, ser me at ikkje noko parti knyter mindre vekt til kandidatar og leiar enn høgt utdanna SV-veljarar (2 prosent). Raudt følgjer hakk i hæl (4 prosent), MDG kjem på tredje plass (6 prosent).

KrF er unntaket

Skyhøgt over dei andre partia på spørsmålet om kor avgjerande det er med tillit til leiar, finn me KrF (23 prosent).

Det kan reflektera at KrF-leiar Knut Arild Hareide, emissæren i sentrum, faktisk har ein solid posisjon i eige parti – sjølv om mange på høgrefløya i KrF har han mistenkt for å vera litt for tilsnakkandes frå venstresida.

Men det kan også henga saman med at Kristeleg Folkeparti har slite litt dei siste åra med å finna ei tydeleg, opplagt vinnarsak slik som kontantstøtta i si tid var for Kjell Magne Bondevik og Valgerd Svarstad Haugland.

Hareide har gjerne og ofte løfta fram haustens mykje omtala verdispørsmål. Men verdisakene kan fort framstå som noko ulne når han like gjerne går imot forbod mot hijab i barneskulen som at han prinsipielt er imot hijab i barneskulen, slik han gjorde høgt og tydeleg under Arendalsveka. Nær kvar fjerde KrF-veljar vel derimot å tru at Hareide eller Kjell Ingolf Ropstad for den saks skuld står for dei rette verdiane og vil målbera dei i regjering eller på Stortinget.

I tråd med dette viser også målinga at KrF-veljarane alt i alt er dei som er mest viljuge til å svelgja kamelar på begge sider i regjeringsspørsmålet, sjølv om Høgre er den suverene regjeringsfavoritten – tydeleg framfor Venstre – hos KrF-veljarane.

PS: I min ungdom var det tydeleg skilje mellom Ap-veljarane og Høgre-veljarane, partitilknytinga var ein sentral del av identiteten. Vår måling viser at dei to partia framleis leiar høgt på punktet om alminneleg tillit til partia - begge med 27 prosent. Lågast på dette punktet scorar MDG med 11 prosent av veljarane deira som meiner at den alminnelege tilliten til partiet avgjer valet 11. september.

Publisert:

Les også

  1. Partilederdebatten: – MDG var best, Venstre var taperen

  2. Sjokkmåling i Rogaland - MDG suser inn på Stortinget

  3. Hadia Tajik: - Hvis man slikker en imam, så må man vaske munnen sin

  1. Stortingsvalg
  2. Stortingsvalg 2017
  3. Jonas Gahr Støre
  4. Erna Solberg
  5. Knut Arild Hareide