Den lokale LO-protesten mot Ap vitnar om politisk framandgjering

GJESTEKOMMENTAR: «Alle skal med» har vore det sentrale slagordet til Ap det siste tiåret. For Nord-Rogaland LO er det annleis. Arbeidarpartiet sin beste politikar frå fylket, Hadia Tajik, vart uønskt.

Ser vi djupare utviklingstrekk i politikken når LO-krefter i Rogaland tek avstand frå Hadia Tajik, Rogaland Ap sin fremste og beste politikar? Foto: Vidar Ruud, NTB Scanpix

  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Tajik hadde nemlig kome til å røyste for det same som fylkespartiet hennar, Rogaland Ap, gjekk inn for i den famøse Acer-saka om EU sin energipolitikk. Fleire sentrale LO-aktørar kom etter kvart fram til det same som Arbeidarpartiet. Acer var ikkje så ille likevel. Like fullt var ikkje Hadia Tajik lenger velkommen til LO sine 1. mai-arrangement i Sauda eller Haugesund.

Like etter at haldninga til Nord-Rogaland LO vart kjent, snakka eg med mor mi. Som trufast Ap-veljar og LO-medlem, var ho opprørt over LO: «Dei skal vere på laget til Arbeidarpartiet. Og så skal ikkje ei av dei beste få kome. Korleis kan dei gjere slikt mot sine eigne?»

Nettopp det spørsmålet, korleis dei kunne gjere det, rommar eit større tema. Kva ligg under slike lokale protest-markeringar som i Nord-Rogaland LO? Reflekterer det djupare utviklingstrekk i politikken?

Les også

Ble nektet å tale i Rogaland 1. mai - reiser nordover i stedet

Les også

Ap-politiker raser etter Tajiks tale-nekt

Ny kinkig sak

Svaret heng saman med uomgjengelege trekk ved samfunnsstyringa og det moderne demokratiet. For det første får ekspertisen meir å seie. For det andre er større deler av politikken regulert frå utlandet.

No står ei ny Acer-liknande sak med konfliktpotensial på trappene når EU lanserer eit nytt byrå for å motverke sosial dumping og regulere arbeidsmarknaden. Hadia Tajik kom raskt på banen for å komme kritikarar i forkjøpet. Ho uttrykte skepsis til den politiske handteringa – og på nær mistillit til dei norske departementsbyråkratane, slik Høgres Michael Tetzschner peika på. Når jamvel Hadia Tajik og politikarar på det politiske toppnivået er skeptiske til ekspertisen, er det ikkje rart at også lokale politikarar og fagorganiserte kjenner på frykt. For dei handlar det ofte om hjørnesteinsbedrifter som gir levebrødet i lokalsamfunna.

Også byråkratane i EU ser i det store og heile ut til å vere å stole på.

Når ekspertisen overtar

Talet på ekspertar og byråkratar aukar, og dei vert stadig viktigare premissleverandørar for demokratiet. Det er nødvendig for å koordinere meir komplekse samfunn og aukande handel. Mot denne bakgrunnen føreset det moderne demokratiet ei arbeidsdeling mellom kva veljarane skal følgje med på og kva som skal overlatast til ekspertane.

Vi bør ha ei edrueleg haldning til ekspertane si rolle i demokratiet. Også byråkratane i EU ser i det store og heile ut til å vere å stole på, indikerer ekspertise-forskinga. Like fullt aukar utfordringa for demokratiet jo mindre tilliten til ekspertane faktisk er.

Problemet oppstår når førestillingar om kva den nasjonale suvereniteten går ut på, er svært langt frå realitetane på bakken.

EU og demokratisk framandgjering

Det er ikkje nok med at ekspert-rolla styrkar seg. På toppen av det heile aukar avstanden til dei politiske premissleverandørane – dei sit jo ofte i Brussel. Landa vert tettare innvovne i kvarandre, særleg landa som er med i ein felles europeisk marknad. Energiforsyning, mattryggleik, arbeidsliv og miljø – alt er eigne spesialfelt som stadig får ny lovgjeving og nye koordineringsbehov. Noreg er i dag med i over 30 EU-byrå som er med og koordinerer EU-politikk. Få norske borgarar kjenner til desse. Politikken vert slik meir grenseoverskridande. Førestillinga om at nasjonale styresmakter sit for seg sjølv og bestemmer i landet, stemmer nok ikkje alltid med slik det faktisk er.

Denne utviklinga lèt seg ikkje stoppe. Problemet oppstår når førestillingar om kva den nasjonale suvereniteten går ut på, er svært langt frå realitetane på bakken. Slagordet om at «alle skal med», risikerer då å få sitt motstykke i ei kjensle av demokratisk framandgjering. Demokratiet, det er dei andre. Det er teknokratar i Brussel, det er elitar i Berlin.

Les også

Orbáns knusende seier byr på nye utfordringer for EU 

Det store dilemmaet

Situasjonen reiser eit gedigent demokratisk dilemma: Vi lyt anten godta store element av teknokrati eller ta til takke med eit meir proteksjonistisk og isolert demokrati. Dette dilemmaet er ikkje særnorsk, det gjeld alle landa som er med i den felleseuropeiske marknaden. Men det gjeld i større grad for Noreg fordi Noreg har eit dobbelt underskot i medverknad samanlikna med dei andre EU-landa: Vi er i mindre grad med på den demokratiske prosessen. Men like fullt er også våre administrative system underlagde eit veksande og meir handlekraftig EU-byråkrati.

Les også

Tuastad: «Mytar får spreie seg for lett i EU-debatten, som i Acer-saka om våre fossefall og EUs energipolitikk»

Det kokar ned til suverenitet

På sikt er det berre éin måte å omgå dilemmaet på. Det skjer ikkje i morgon, for det handlar om å forstå demokratisk suverenitet på ein ny måte.

Eit styrkt EU-parlament ville kunne vere ei demokratisk bru mellom dei nasjonale demokratia og EU-demokratiet. Men det føreset at borgarane i dei europeiske nasjonalstatane oppfattar seg både som borgarar av nasjonalstaten og som borgarar av Europa – at dei er dobbelt demokratisk suverene.

På den demokratiske brua mellom EU og nasjonalstatane er det ikkje akkurat for mykje trafikk. Det slo filosofen og Europa-vennen Jürgen Habermas lakonisk fast for eit par år sidan.

Ideen om at EU-suverenitet og nasjonal suverenitet kan gå hand i hand, treng nok meir tid.

  • Tidlegare gjestekommentarar av Svein Erik Tuastad, og artiklar om han, finn du her
  • Andre gjestekommentarar finn du her

Les også

  1. «Acer – energidebatten som sporet fullstendig av»

  2. «Er globaliseringen bærekraftig?»

  3. Tom Hetland melder tre essay-samlingar: «Men nasjonen var ikkje død»

Publisert:
  1. Hadia Tajik
  2. Acer
  3. Politikk
  4. Arbeiderpartiet (Ap)
  5. Landsorganisasjonen (LO)

Mest lest akkurat nå

  1. Amanda Gorman (23) har en helt spesiell grunn til å ikke være med på vennenes selfier

  2. I januar måtte han bruke rullator for å bevege seg. Så fikk han hjelp fra Stavanger kommune

  3. – Før var det status å ha hytte og bil. Nå er det status å ha perfekte barn

  4. Byggefirma greier nesten ikkje bygga fort nok

  5. Fin start på uka – kan bli 18 grader på tirsdag

  6. Sylvi Listhaug advarer mot klima­propaganda i skolen. Ap: – Veldig skremmende