Stavangers nye kulturambisjon: «Se på»

KOMMENTAR: Gløym gigantprosjekt som bygging av nytt konserthus, gjennomføring av tidenes største kulturarrangement eller omskaping av Tou Scene frå ruin til levande kulturfabrikk. Stavangers kulturambisjonar fram til 2025 er å «se på», «følge opp» og «vurdere tiltak».

Publisert: Publisert:

Kultursjef Arnfinn Bjerkestrand har levert sitt forslag til kulturplan for Stavanger fram til 2025. Det viktigaste Stavanger ser ut til å villa gjera på kulturfronten framover, er «se på». Foto: Pål Christensen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Hugsar du då Stavanger og Sandnes var europeisk kulturhovudstad i 2008? Har du vore i Stavanger konserthus, som opna hausten 2012, som del av den grandiose Bjergstedvisjonen? Har du drista deg ut i Stavanger aust og vore innom Tou Scene?

Kva kjem du til å hugsa av nysatsingar på kulturfronten i Stavanger fram til 2025? Blir det det foreslåtte, nasjonale kompetansesenteret for korps? Blir det dei fire nye stipenda for talent under 25 år innan visuell kunstpraksis og litteratur? Kanskje blir det den nye, internasjonale konferansen for ytringsfridom og teknologi?

Kva er dei neste store prosjekta i kulturplanen, kommunens overordna kulturpolitiske styringsdokument fram mot byens 900-årsjubileum, som nå er ute til høyring?

Kritiske kulturfolk

Denne veka har kultursjef Arnfinn Bjerkestrand og kulturavdelinga i Stavanger kommune fått kraftig kritikk for forslaget sitt til ny kulturplan frå fleire sentrale stemmer i Stavangers kulturliv. Biletkunstnar Natasja Askelund starta ballet. Sidan har også Folken-sjef Mariann Bjørnelv, Liv Runesdatter i Musikernes fellesorganisasjon og konserthussjef Per-Harald Nilsson uttalt seg. Alle meiner dei kulturplanen er for lite konkret. At det står mange ord der, men fint lite om kva ein faktisk har tenkt å gjera.

Eg skjønar kva dei meiner.

Den viktigaste setninga i høyringsutkastet til ny kommunedelplan for kunst og kultur i Stavanger står allereie på side 2: «Denne planen skal bidra til at vi både praktisk og strategisk kan gjøre bedre nytte av eksisterende ressurser.» Dette er ein byråkratisk og språkforkludrande måte å seia at det ikkje skal brukast meir pengar på kulturtiltak enn i dag. Det som eventuelt skal gjerast av nye ting, skal altså ikkje kosta noko. Det har ganske tydelege konsekvensar for både ambisjonar og handlingsrom.

Todelt oppleving

Å lesa gjennom kulturplanen gir ei merkeleg, todelt oppleving. Dei deskriptive delane, altså det som handlar om kva som finst av kulturliv i Stavanger, teiknar eit imponerande rikt bilete av ein mangfaldig og vital kulturby. Stavanger har sannsynlegvis eit kulturtilbod og aktivitetsnivå i overkant av kva ein kunne venta av ein så liten by.

Stavanger har heilt sidan tidleg på 2000-talet vore på topp i kommunale kulturløyvingar blant norske storbyar - og er det framleis. Den imponerande oversikta over kva som i dag finst av aktivitet og tilbod på kulturfronten, viser det tydelege resultatet av denne politiske viljen gjennom mange år.

Men når ein kjem til den delen som handlar om framtida, om kva Stavanger kommune faktisk skal gjera framover, endrar både språk og presisjon seg frå å vera konkret og direkte til å bli abstrakt, vagt og uforståeleg:

«Stavanger kommune vil legge til rette for mer dialog, kunnskapsdeling og erfaringsutveksling, og utfordre ulike aktører og institusjoner til å bidra, både innenfor kunst- og kulturlivet, men også andre næringer, slik at vi sammen kan lære av hverandre.»

Kva betyr dette? Kva er det Stavanger kommune vil gjera? Arrangera eit seminar?

«Kommunen skal i større grad være synlig og aktiv i feltene for å ha mer kunnskap om både utfordringer, muligheter og potensiale.»

Jaha? Kommunen har altså så langt ikkje vore synleg eller aktiv i «felta», og manglar kunnskap - sjølv etter å ha jobba med kulturplanen i eit halvt år?

«Stavanger kommune vil følge opp denne strategien og se på ytterligere tiltak som en følge av denne, også sett i sammenheng med bransjeutvikling.»

34 gonger «se på»

«Se på», ja. «Se på» er ei nøkkelformulering i forslaget til ny kulturplan. «Se på» ser ut til å vera det viktigaste verbet - altså den viktigaste handlinga - Stavanger har tenkt å utføra dei neste sju åra i kulturlivet. Heile 34 gonger står det «se på» i kulturplanen. Men du treng ikkje doktorgrad i politiskbyråkratisk retorikk for å skjøna at «se på» er fullstendig uforpliktande, og jamgodt med å gjera ingenting.

Dei andre verba som går igjen, er «følge opp» (ting som allereie er i gang), «vurdere tiltak», «evaluere», «legge til rette for» og «følge prosessen» (som vel betyr «se på»).

Det er pussig kor lite ein ser ut til å vita etter å ha skrive ein heilt ny kulturplan. For etter å ha studert kulturfeltet nøye, vil kommunen til dømes framover «i samarbeid med aktørene se på hvordan forholdene kan legges til rette for gode produksjonsvilkår, og støtteordninger, tilgang til arbeidsplasser og formidling» på litteraturfeltet. Veit ein ikkje dette allereie?

Det ser i det heile tatt ut til å bli mykje utgreiing og jobb for kulturbyråkratane i kommunen framover, med alt som skal vurderast, evaluerast og alle planane som skal utarbeidast. Men kulturlivet har nok vel så stort behov for pengar, produksjonslokale, øvingsrom og konkrete tiltak.

Nå har byråkratane sagt sitt, og planen skal ut på høyring. Så blir spørsmålet: Vil byens kulturliv klara å vera meir konkrete i tilbakemeldinga om kva dei faktisk treng? Og: Har Stavanger i 2018 (kultur)politikarar med format til å tenkja større om kultur enn å «se på»?

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  2. Viking må bytta navn!

  3. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  4. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  5. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  6. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Stavanger kommune
  3. Kultur
  4. Stavanger
  5. Natasja Askelund