Vi hadde trengt den rusreforma

KOMMENTAR: Rusreforma ville prøva å løfta rusavhengige til eit verdigare liv. Debatten etterpå har vist kvifor det er heilt nødvendig.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) vil ikkje beklaga til rusavhengige som har blitt ulovleg ransaka av politiet
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Det er eit godt år sidan forslaget til ei rusreform blei lagt fram for Stortinget. Eg skreiv det då, og meiner det ennå, at det var det viktigaste som hadde skjedd i norsk politikk på svært lenge. For det markerte ei haldningsendring. Fordi reforma, i både haldning og handling, skulle flytta rusavhengige frå å vera kriminelle som skal straffast, til å vera sjuke som skal hjelpast. Få hjelp til eit verdigare liv. Få blikk-kontakt med oss andre.

Les også

Bønn til Stortinget: Vedta rusreforma!

Forsøk på endring

Det var ikkje naive følelsar og eit idyllisk syn på både menneske og samfunn som låg bak. Det var forsking, kunnskap og erfaringar frå andre land. Straff verkar ikkje, tvert imot, det kan gjera eit lite problem større. Hjelp kan verka. Rusreforma var Solberg-regjeringas forsøk på å endra ein politikk som har vore praktisert i tiår etter tiår, sjølv om den ikkje verkar.

I rusreforma låg det forslag om ikkje å straffa eige rusbruk eller det å ha små mengder rusmiddel til eige bruk. Lovleg skulle det ikkje bli, men heller ikkje straffbart. Det er vanskelegare å be om hjelp dersom det du treng hjelp for kan gi deg straff.

Men rusreforma blei ikkje vedtatt. Senterpartiet var imot. Ap klarte ikkje å samla seg, Jonas Gahr Støre var imot avkriminalisering. Så nå driv dei på med å laga sin eigen vri.

Krav om endring

Men i debatten om rusreforma, og i høyringssvara til den, kom det fram at politiet var redde for at den ville ta frå dei verkemiddel og verktøy. At dei ikkje lenger ville kunna ransaka kropp, bustad eller mobil i mindre narkotikasaker.

«Det skal godt gjøres at politiet ikke kan ransake en bruker av narkotika», sa statsadvokat Geir Evanger under høyringa. Han hadde aldri vore borti at det ikkje var lov å ransaka nokon, for eksempel for å finna ut om vedkomande hadde meir narkotika på seg, eller låsa opp ein mobil med tvang for å finna spor etter ein seljar der.

Riksadvokat Jørn Maurud, derimot, sa at jo, dette er ulovleg, dersom ein person berre er mistenkt for narkotikabruk. Det gjekk ut brev frå Riksadvokaten til politidistrikta der han presiserte dette. At det alltid har vore ulovleg.

At ulovleg ransaking har skjedd systematisk, er opprørande.

Systematiske feil og manglar

Så undersøkte Riksadvokaten grundigare. I februar i år kom rapporten. Politiet får krass kritikk får tvangsbruken i mindre narkotikasaker. Riksadvokaten kallar det på enkelte punkt systematiske feil og manglar.

Folk har blitt personransaka for å ha blitt observert med rullepapir. Ein nabo blei ransaka for å ha ringt på døra då politiet var der. Fem personar blei alle kroppsransaka fordi ein narkotikahund markerte ved der dei stod. Fire andre fordi det låg rullepapir der dei sat, og kvitt pulver under benken.

«Det vil alltid kunne oppstå uheldige enkelthendelser», uttalte politidirektør Benedicte Bjørnland i ei pressemelding.

Men det var ikkje enkelthendingar. Det var systematiske feil og manglar.

Politidirektoratet, der Bjørnland er sjef, prøvde seg så med at Riksadvokaten brukte ordet «systematisk» på ein ny måte, før dei måtte gå tilbake på det og politiet endeleg beklaga.

Brot på menneskerettane

Å få heimen, mobilen og kroppen ransaka, bli lyst inn i kroppens opningar og sjekka under kjønnsorgan, måtta ta blodprøvar eller urinprøvar, er svært inngripande. Det må stå i forhold til kva politiet søkjer å avdekka. Og skal politiet på staden avgjerda det sjølv, noko dei i sjeldne tilfelle har lov til, må det i tillegg vera gode grunnar til at det hastar slik. At ein synest rusa på noko anna enn alkohol, er ikkje ein god nok grunn. At brot på dette har skjedd systematisk, er opprørande.

Politiet er den einaste etaten i Norge som, om nødvendig, kan bruka vald for å få gjort jobben sin. Det krev at vi alltid kan stola på at dei ikkje vil gå utover dei rettane dei har fått eller dei tilfella dei kan bruka dei i. Og at alle i landet har same tryggleik for det. For rusavhengige har det ikkje vore slik. Det er alvorleg. Uavhengig av om ein er einig eller ueinig i reglane som gjeld.

Norges institusjon for menneskerettar (NIM) peikar på at bruken av tvangsmidlar som dette kan vera brot på menneskerettane, på artikkel åtte, om retten til privatliv. Dei peikar også på at staten har plikt til å reparera menneskerettsbrot, og ber Riksadvokaten i neste gjennomgang – for det kjem meir – også ta opp korleis ein kan følgja opp dei som har blitt utsette for dette.

Mens vi ventar

I mellomtida vil ikkje justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) beklaga til dei som har vore utsette for slikt. Alt anna, men ikkje beklaga. Ho har latt statssekretæren sin gjera det, men ho vil ikkje gjenta det. Ho har elles full tillit til at politiet sjølv ordnar opp i alt dette. Sjølv om det i debatten rundt rusreforma blei svært tydeleg at mange i politiet tok for gitt at dei kunne bruka slike tvangsmidlar, sjølv om politidirektøren og direktoratet hennar har prøvd å bortforklara praksisen, til og med ved å prøva å få det til å handla om korleis Riksadvokaten kan ha ny-tolka ordet «systematisk.»

Mens vi ventar på at justisministeren kanskje får tenkt seg om, at Riksadvokaten får koma med ny rapport, at politiet jobbar med tiltak for å endra den gamle praksisen, og mens Ap og Sp puslar med ein slags rusreform, er det igjen grunn til å beklaga at Solberg-regjeringas reform ikkje blei vedtatt.

Debatten rundt den har på alle måtar vist kvifor den var heilt nødvendig.

Les også

  1. Vi trenger virkelig en mer human narkotikapolitikk. Politiets tvangsbruk mot rusavhengige er en trist demonstrasjon på det

  2. Nå er politiets arbeid i narko­saker gjennom­gått. Dette er resul­tatet

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det beste dei klarte på SUS den kvelden, var å pressa ei sjuk jordmor på vakt. Det er ikkje godt nok

  2. Jan Groths strek er eit opent bidrag til andres tankar. Fleire av oss burde prøva på det

  3. – Denne samtalen er tynn­sliten, seier sjaman Durek Verrett. Det syns eg også

  4. – Alvorleg sjuke barn blir kaste­ballar. Og vi ser det ikkje

  5. Den norske abort­lova er ein skjør balanse mellom to liv. Er den balansen truga nå?

  6. Det går ikkje lenger å tru at dette ikkje vil gå utover behandlinga av pasientar og arbeidssituasjonen til dei tilsette

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Narkotikapolitikk
  3. Rusreformen
  4. Emilie Enger Mehl (Sp)
  5. Politiet