Mulighetsrommet for å skriva eit godt lesarbrev er nå

KOMMENTAR: Sommarferien er eit godt mulighetsrom til å skriva lesarbrev. Sjå på dette som ein mulighetsstudie. Kva med litt adekvat endringskompetanse før de set i gang?

Til deg som ligg i hengekøya og har tenkt å skriva eit lesarbrev eller ein kronikk i sommar. Senk skuldrene og pust med magen. Du skal ikkje skriva som ein sprenglærd for å bli publisert.
  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
    Frilansjournalist
Publisert: Publisert:

Dei siste par åra har eg redigert lesarbrev for denne avisa frå tid til anna. Det har gitt meg eit vaknare blikk for tullete tompreik, eller bullshit-ord, som det også blir kalla. Desse orda har infisert språket vårt, og dei færraste av oss går klar, for få ting smittar meir enn ord. Det fann eg ut då eg las artikkelen «Ordbruksoppgjøret» i Aftenposten. Ordet mulighetsrom har nemleg breidd seg blant oss i snart 30 år.

Innebygd bullshitfilter

Tanken var å laga eit avsnitt fullt av oppstylta visvas­ord, for å visa fram jåleorda Aftenposten presenterte. Då gjorde eg ei rar oppdaging. Det lèt seg ikkje gjera å skriva eit slikt avsnitt på nynorsk. Denne målforma har nemleg eit innebygd bullshit-filter i seg. Hurra! På grunn av nynorskens ibuande motstand mot flosklar, må eg ty til bokmål for å skriva ekte kaudervelsk.

Å hensynta det rådende narrativet åpner et stort mulighetsrom som bør utforskes. Imidlertid må en også implementere andre metoder i forhold til insentivene, og det er viktig å holde fokus på at ressursene brukes på en adekvat, proaktiv og fremoverlent måte.

Mulighetsrommet er blitt eit monsterord. Det er statsvitar og professor Janne Haaland Matlary som har fått den tvilsame æra av å vera gudmora til denne kalkunen. Ho brukte det i si faste spalte i Aftenposten, i 1992. Ordet skulle seinare få smittekraft som eit koronavirus og spreie seg til politikar­talar, konsulentrapportar, finansanalysar, medarbeidarsamtalar, mellomleiarsjargong – og lesarbrev og kronikkar.

Skriv du enkelt,
vil fleire få med seg
kor flink du er.

Dei tommaste orda

Til Aftenposten seier Matlary at ho ikkje tykkjer det er eit spesielt godt ord ho har funne opp. Kva som gjorde at ho konstruerte det, hugsar ho ikkje, men ho tippar ho var inspirert av det engelske uttrykket «window of opportunity».

Og kva er dette narrativet mange strør om seg med? Held det ikkje å seia forteljinga? Kvifor skriv så mange midlar når dei meiner pengar? Og kva betyr eigentleg infrastruktur, synergi og insentiv? Er det nokon som eigentleg veit? Og så har du skvallerkålet og fyllmasseordet imidlertid, og løvetannfrasa i forhold til som infiserer setning etter setning. Desse orda som sviv høgt der oppe i tåkeheimen, og som nesten ikkje rører ved nokon sitt liv, kan dei ikkje berre leggjast i bossdunken?

Til deg som ligg i hengekøya og har tenkt å skriva eit lesarbrev eller ein kronikk i sommar: Senk skuldrene og pust med magen! Du skal ikkje skriva som ein sprenglærd for å bli publisert. Du kan gjerne vera det, men det skal ikkje visast i teksten. Skriv du enkelt, vil fleire få med seg kor flink du er. Og i sommarstilla er det endå enklare å få skinna litt i spaltene, mot dei blasse masseproduserte innlegga frå alle slags stortingspolitikarar.

Korthogd som skalden

Litt endringskompetanse kan vera på sin plass. Til deg som har eit lesarbrev på veg ned i tastaturfingrane, legg deg på minnet at ein kan seia ufatteleg lite med mange ord, og tilsvarande mykje med få. Det er ikkje utan grunn at Twitter-noveller har blitt populære, som Frode Grytten sine.

Her er eit døme på minimalistisk ordsmed-kunst, utan eit einaste bullshit-ord:

Så langt er brudgomens tale nokre usamanhengande ord på ein lapp som er blitt borte. Mann (28) er fire døgn unna verdas raskaste skilsmisse.

Her er eit avsnitt frå eit lesarbrev som nyttar klartekst:

«Livet vårt som naboer består av en fest vi ikke har valgt selv. Festing døgnet rundt, bråk og slåssing, knusing av gjenstander, ødelagte vinduer og dører, skriking og hyling, krangling om dop og penger, ambulanse og politibiler. Væpnede politiaksjoner. Søppel og gjenstander som hives ut av vinduer.»

Å jåla seg til med språk endar i tåketale, fulle av ord med romklang. Som redigerar tek eg meg stundom fridomen til å nøsta opp flokete setningar, retta dei ut, slik at meininga kjem ut av ordbuskaset. Men det beste er at lesarbrev­skrivarane er sine eigne gartnarar og luker ut ugraset før dei sender teksten frå seg.

Har du skrive at ein må tenkja ut av boksen, og stå langt framme i skoa, må floskelalarmen gå. Du må finna viskeknappen med det same, for dette er bakoverlent språk utan meining.

Ikkje noko snikksnakk

Her er ei lita ordliste du kan ha bak øyret. Skriv hus i staden for bygning. Skriv fordeling av pengar, i staden for økonomiske disponeringar. Skriv til slutt i staden for avslutningsvis. Skriv seier i staden for uttaler. Skriv viss/hvis i staden for dersom. Om og ikkje vedrørende (bokmål). Sette i gang og ikkje igangsette. Mål og ikkje målsetjing. Er ikkje til å tru i staden for står ikkje til truande.

Styr også under forkortingar, men sjølve setningane kan godt vera korte. Hermeteikn er stort sett feigt, stå for det du skriv. Parentesar er heft, skriv utan polstring. De skjønar teikninga, ikkje sant? Det er ikkje enkelt å plukka blomar med polvottar på. For fleire tips, gå inn på nettsida Klarspråk.

Og viktigast av alt, du treng ikkje ha gått lenge på skule eller vera såkalla flink til å skriva for å snikra gode tekstar til kvardagsbruk, som eit lesarbrev. Det er dei nedskrubba og ærlege tekstane som når lengst inn til lesarane. Det blir som mattelæraren sa til meg: Gjer det enkelt, og du vil forstå. Skriv enkelt, og sjå, du skal bli publisert!

Les også

  1. Debatten om bok­omslaget til Hadia Tajik starta med eit lesar­brev i Aften­bladet. Det viser kva spreng­kraft det kan ha å skriva og meina noko

Publisert:
  1. Lesarbrev
  2. Språk
  3. Nynorsk
  4. Aftenposten
  5. Skule

Mest lest akkurat nå

  1. Påkjørsel bakfra på E39 ved Vikeså

  2. Barna lå og sov da det begynte å brenne: – Vi har vært svinheldige

  3. Nå er det slutt for «oljemesså»

  4. Jonas Gahr Støre mener at folk flest ikke forstår strømkrisa. Han har litt rett i det

  5. Storscorer gir seg i lokal klubb

  6. Idsøe satser 35 millioner på nytt rest­aurant­konsept