Endå ein ameri­kansk skytetragedie reiser ubehagelege spørs­mål

GJESTEKOMMENTAR: Kva er det som gjer at unge menn let seg tiltrekkja av ekstrem estetikk?

Talande bilete på ein husvegg hos mor til Robert Crimo, 21-åringen som vart arrestert etter masseskytinga utanfor Chicago 4. juli.
  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:

Naama Kates stiller dette spørsmålet i ein nyleg artikkel i nettmagasinet Unherd. Det er eit ubehageleg spørsmål, stilt på bakgrunn av ein ny skytemassakre i det som verkar å vera ei endelaus rekkje av slike i USA. Denne siste skjedde på sjølvaste den amerikanske nasjonaldagen 4. juli, då ein mann opna eld mot ei parade i Highland Park i delstaden Illinois. Sju menneske vart drepne. Ein 21 år gamal mann, Robert Crimo, vart snart arrestert.

Politiet meiner no at han planla åtaket i vekevis i forkant. Crimo finst det også bøtter og spann av spor etter på nettet: meldingar, bilete, videoar, rapsongar. Mykje av innhaldet lèt etter seg eit inntrykk som i etterkant står fram som rimeleg klårt: Den unge mannen er uvanleg interessert i vald og valdsestetikk, innhald han ikkje hadde noko problem med å finna og med sjølv å spreia via nettet.

Politibilete av Robert E. Crimo III.

Men kva med ideologi?

Mange vil leita etter noko meir, etter eit motiv, om ikkje forståeleg, så iallfall handgripeleg. Ei meining bak det meiningslause. Som ekstremisme-journalisten Odette Yousef peiker på i ein artikkel for NPR, er det vanskeleg å få tak på ein ideologisk motivasjon bak denne tragedien.

Politiet har ikkje peika på noko slikt motiv. Ein kjenning av Crimo har skildra han som «ein ’stoner’ [rusmisbrukar] som hadde mista kontakt med røyndomen», og som gjorde seg nytte av estetikk frå både høgre og venstre når han fann den interessant. Kan valdsbruken ha vore motivert av lite anna enn valdsromantikk i seg sjølv? Av eit ynskje om å verta berykta? Om å vinna overskrifter?

Når ein skal leita etter svar, er det iallfall ikkje urimeleg å leita på stadene der den mistenkte gjerningsmannen oppheldt seg, i «mørke subkulturar på nettet, som overlappar og matar kvarandre på måtar som glorifiserer vald og fostrar nihilisme». Ein slepp ikkje av den grunnen unna politikken. Elad Nehorai påpeiker i den jødiske avisa The Forward at det ikkje er vanskeleg å finna koplingar til både rasisme og antisemittisme. Slik er det ikkje minst fordi desse idéane har djup klangbotn i dei nemnde subkulturelle miljøa. Antisemittismen tener dessutan ikkje sjeldan som ei slags bru mellom ulike konspirasjonsteoretiske skuldingar og mellom forskjellige former for rasisme.

Problemet er ikkje ungguten som sit
åleine på guterommet og blir radikalisert,
men at han der nettopp ikkje er åleine,
men i ein fellesskap som tilbyr han noko.

Moralpanikken som felle

Når eg held føredrag om ekstremisme og konspirasjonsteoriar, er det eit spørsmål som nesten alltid dukkar opp i salen: Kva rolle speler internett? Kva med sosiale medium som hissar oss opp mot kvarandre? Eller algoritmar som dreg folk ned i kaninhol?

Eg blir lett litt skeptisk i møte med slike spørsmål, fordi den moralske panikken kan følgja rett etterpå. Lat meg difor koma med tre grunnleggjande observasjonar.

  • Den fyrste: Internett er eit medium, ein kanal. Å snakka om nettet som problemet, er om lag like absurd som å seia at bøker er problemet.
  • Den andre: Internett er ikkje ein annan stad, ikkje ein virtuell røyndom som finst bortanfor vår eigen. Det som finst i den verkelege verda, finst på nettet. Det som finst på nettet, finst i den verkelege verda. Framandgjering og utanforskap, sjølvsagt, men også nye fellesskap.
  • Den tredje: Internett har alltid vore eit sosialt medium. Når ein skal diskutera utfordringar ved nettet, bør ein ha som utgangspunkt at også dei er sosiale. Problemet er ikkje (for å bruka den etter kvart slitne klisjéen) ungguten som sit åleine bak skjermen på guterommet og blir radikalisert. Problemet er at han nettopp ikkje sit der åleine, men snarare deltek i ein sosial fellesskap som tilbyr noko.

Kor mykje av dette kan ein mann som den mistenkte massedrapsmannen i Highland Park ha funne? Kor mykje av det same ein meir openberr høgreekstremist, som mannen som i mai gjekk til åtak på eit kjøpesenter i Buffalo? Kva med ekstreme islamistar, som også har funne saman via nettet?

Etterpå

Kva er det som gjer at unge menn lèt seg tiltrekkja av ekstrem estetikk? Kates i Unherd meiner at me lever i ei kulturelt konformistisk tid, der outsiderar må søkja spenning på ytterkantane, og der terrorestetikk har vorte «edgy».

Eg trur den forklaringa både er for enkel og for overdriven, men samstundes er det på sin plass å sjå på sjukdomstrekk i det vidare samfunnet i møtet med hendingar som den i Highland Park. Då kjem ein heller ikkje unna å diskutera internettet, fordi det nettopp er så vesentleg for dagens samfunn.

Og her er det grunnar til ubehag. Ein ting er dei spinnville konspirasjonsteoriane som alltid dukkar opp, ikkje minst i eit polarisert USA: Som påstandar om at hendinga var eit «falsk» angrep, eller om at gjerningsmannen var eit produkt av ein tiår gamal, hemmeleg CIA-plan. Verre er det kanskje at hendinga umiddelbart vert tolka inn i ein kulturkrig, der nokre vil gjera Crimo til eit utslag for Trump-fanatisme og andre helst vil måla han som både American Family Association-aktivist og (i tråd med det nye hotte i fiendebiletet ytst til høgre) transperson.

Det er nettets stammekrigar ein ser konturen av der. Og kanskje lokkar valdsromantikken når krigsmålinga allereie er løfta fram?


Les også: «Akselerasjonistar drøymer om rasekrig med ekstrem valdsbruk og hyllar både Timothy McVeigh og Anders Behring Breivik.»

Les også

  1. USA – «Masseskytinger har blitt vår ukentlige amerikanske tradisjon»

  2. USA: Enda en masseskyting, enda en våpendebatt

  3. Trump talte til våpenlobbyen: Skoleskytinger viser at flere bør bære våpen, ikke motsatt

  4. Tredje masseskyting på kort tid i USA

  5. Massedrapene i Texas vil heller ikke denne gang føre til menings­fulle endringer i våpen­lovene i USA

  6. 19 personer drept i masseskyting på to barer i Sør-Afrika

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Øyvind Strømmen
  3. Sosiale medium
  4. Terrorisme
  5. Internett

Mest lest akkurat nå

  1. Brann i flere rekkehus - naboer er evakuert

  2. Påkjørt bakfra på Madla­veien

  3. Viking sjokkerte i Roma­nia etter mareritt­start: – Jeg er utrolig stolt

  4. Stenger rund­kjøring på Forus i over tre år: – Å reise kollek­tivt kan være et alternativ

  5. Overlegent EM-gull til Jakob Inge­brigtsen: – Klarer ikke glede meg lenge over gullene

  6. Apple melder om alvorlig sikkerhetssvikt