Arbeidslivets store paradoks: Mange er utan arbeid, likevel manglar me arbeidskraft

KOMMENTAR: Kvifor heng ikkje kompetansen hos nordmenn betre saman med behova i det norske arbeidslivet?

Må ein målar plent vera frå Polen? Foto: NTB

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Me har ein målar gåande heime hos oss for tida. Ein triveleg og praktisk kar som både kan svinga hammaren, saga, pussemaskinen og målarkosten. Han gjer ei ganske stygg trapp kjempefin. Sidan eg verken har evner eller interesse for slikt, er eg han evig takknemleg for jobben han gjer.

Målaren vår skil seg litt ut frå massen. Han opplever stadig at når han møter opp med reiskap og måling, så snakkar folk engelsk til han. Sidan han er målar, reknar alle med at han er frå Polen.

«Så bler di kjempeøverraska å glae når det vise seg at eg snakke kav stavangårsk», flirte han her ein dag eg dukka opp frå min mørke katakombe i kjellaren for å finna meg lunsj.

Mens han køyrer rundt og jobbar hos folk, har eg heimekontor og skriv krusedullar på ein skjerm. Eg er usikker på om nokon er meg evig takknemleg for den jobben. Er dette eigentleg ein jobb?

Arbeidsinnvandringa

Uansett: Her om dagen kom eg til å tenkja på målaren vår. Det var eit par dagar etter at Erna Solberg hadde stengt dei norske grensene. Plutseleg var det bom stopp i arbeidsinnvandringa. Like plutseleg var alle medium fulle av historier om verksemder og næringar som kom til å gå på ein smell om grensestenginga varte lenge og dei ikkje fekk inn fagarbeidarar frå Polen og Aust-Europa.

Samtidig kom arbeidsløysestatistikken for januar. Talet på ledige aukar, både lokalt og nasjonalt. Til saman er nå over 200.000 nordmenn utan jobb.

Dermed dukkar eit paradoks opp: Norge har både rekordmange ledige hender – og samtidig eit skrikande behov for arbeidskraft. Kvifor utliknar ikkje desse to storleikane seg? Kvifor kan ikkje arbeidsledige nordmenn fylla dei ledige plassane i verftsindustrien, på byggeplassane eller i fiskeindustrien i nord, nå når skreien endeleg er komen?

Vilje eller evne?

Mange har hevda at problemet er at nordmenn ikkje vil ha desse jobbane, at me er blitt late og sløve. Eg har ikkje sett dokumentasjonen for påstanden.

Viktigare er det at norskingane ikkje har kompetansen næringslivet spør etter. Det finst nesten ikkje norske målarar. Det er mangel på sveisarar. Og då den arbeidslause bartenderen Oscar Gurney frå Fredrikstad, som har fagbrev i industrimekanikk, tok kontakt med 16 fiskemottak i nord fordi han alltid har drøymt om å få vera med på lofotfisket, fekk han avslag frå alle. Dei meinte han var overkvalifisert for jobben.

Samtidig kom Nav med sine analysar for den norske arbeidsmarknaden fram mot 2035, ein spådom arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) karakteriserer som «eit kjempeparadoks». For samtidig som Nav ser for seg at stadig fleire vil hamna utanfor arbeidslivet, vil me oppleva ein stadig aukande mangel på arbeidskraft. Situasjonen i januar kan vera eit frampeik på framtidas arbeidsliv.

Les også

Klaus Mohn: «Kunnskap, integritet og kritisk refleksjon kan sikre raskare og betre grøn omstilling»

Ettertrakta kunnskap

Nav ser for seg at Norge vil mangla kvalifisert arbeidskraft særleg innan yrkesfag og helse. Dette betyr at folk med oppdatert kunnskap på desse felta vil vera ettertrakta, på same måte som høgt utdanna kandidatar. Dei store taparane blir dei som har låg kompetanse og utdanning, dei som manglar nødvendig spesialisering. Forskjellane på dei som er ettertrakta på arbeidsmarknaden og dei som ikkje er det, vil auka.

Min første tanke var at dette må vera utdanningssamfunnets bakside. For gjennom dei siste 50 åra har me vel fått høyra at vegen til paradis går gjennom å ta høgare utdanning. At Norges viktigaste kapital ikkje ligg under havflata ute i Nordsjøen, men i hovuda våre, i landets humankapital. Er forklaringa på mismatchen mellom behovet for faglærte målarar, sveisarar og sløyarar at det har breidd seg ei teori- og mastersjuke der alle skal bli sosiologar eller religionsvitarar? Eller statsvitarar, som meg?

Vel, ifølgje interesseorganisasjonen Abelias såkalla «Omstillingsbarometer» for 2020, viser det seg at Norge ikkje skårar særleg høgt på masterutdanna menneske eller folk som tek doktorgrad. Tvert om. Norge hamnar på 22.-plass av 29 samanliknbare land i spisskompetanse. 34 prosent av Norges befolkning har høgare utdanning – 10 prosent av dei har lang, høgare utdanning. Sverige har 44 prosent og Danmark 40 prosent høgt utdanna. Norge er faktisk blant dei landa som har den lågaste delen av folk med høgare utdanning.

Les også

Utdanningsforsker: – «Mastersyke» ikke et stort problem

Les også

Jørg Arne Jørgensen: «Kan det bli for mye utdanning?»

Omstillingsproblem

Abelia har kome til at Norge sakkar akterut både på breiddekompetanse, spisskompetanse og teknologikompetanse. Dei meiner dette i sin tur svekker evna vår til nødvendig omstilling når den norske økonomien og velferdsstaten skal haldast flytande av humankapitalen vår, og ikkje lenger av naturressursane som per nå reddar oss.

Problemet er altså ikkje berre at det er for få som utdannar seg i helse- og yrkesfag, men at det også er for få som fullfører dei verkeleg lange utdanningsløpa på universitetsnivå. Skal Norge koma seg gjennom koronatider med stengde grenser og deretter gjennom ei grøn omstilling alle snakkar om, men som er meir komplisert å gjennomføra, må nordmenn utdannast i alle baugar og kantar, både på høgt og lågt nivå.

For redninga vår ligg framleis i kunnskap og kompetanse, enten det er innsikt i korleis du lagar ei fin trapp eller i korleis du skriv nok ein kommentar i avisa.

Les også

Sven Egil Omdal: «Arbeidere med bøyd rygg under milliardærenes speilsal er en symbolikk så overtydelig at enhver kurator ville avvist den som kunst»

Les også

  1. Dette er Norges største utfordringer frem mot 2060, ifølge finansministeren

  2. Over 600 flere arbeidsledige på én måned

  3. Servering og butikk gir lavest lønn og er hardest rammet av nedstengingen. Her er de 13 yrkene som tjener minst

  4. Anne (47) mistet jobben i desember. Nå må hun droppe studiene for å få dagpenger

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Kulturjobbar er visst ikkje som andre jobbar

  2. «Såg du årets Oscar-utdeling? Ikkje eg heller»

  3. Avverga tidenes kultur­poli­tiske skan­dale

  4. «Tidenes kulturpolitiske skandale»

  5. «Var Tix-gate ein vinn-vinn-vinn-situasjon?»

  6. Absurd kommuneregel

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Utdanning
  3. Abelia
  4. Jobb
  5. Yrkesfag