Kulturens koronaklemme

KOMMENTAR: I tillegg til å ha fjerna minst ein tredel av kultursektorens inntekter, har koronakrisen vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet.

Publisert: Publisert:

Det slo ikkje heilt til då Abid Raja (V) serverte «gladnyheiter» til eit kriseramma kulturliv i festantrekk. Men nå går det litt betre. Foto: Terje Bendiksby, NTB scanpix

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Endeleg har kulturminister Abid Raja (V) fått litt skryt. Den siste statlege hjelpepakken på 650 millionar kroner til eit hardt pressa kulturliv fekk både nasjonale og lokale aktørar til å pusta litt lettare og rosa den ansvarlege statsråden for å ha teke ansvar for feltet sitt.

Dette kjem etter eit par tøffe månader for den ferske kulturministeren, som – med god grunn – er blitt kritisert for ikkje å skjønna seg på kulturlivet. Han har også blitt skulda for å vera umusikalsk i sin påståtte presentasjon av «gladnyheiter» når realiteten er at aktørane i feltet kjempar for ikkje å gå dukken.

Klønete lokalpolitikk

Også lokalt har koronakrisen blitt klønete politisk handtert. Den kulturpolitiske bløffen fleirtalspartia Ap, Sp, Rødt og FNB prøvde seg på i eit lesarbrev i Aftenbladet 19. mai, der dei framstilte ei storstilt sommarsatsing for barn på heile 30 millionar kroner som ei gåvepakke til kulturlivet, blei grundig avslørt. «Nå øker vi altså (kultur)satsingen med sommerens aktivitetssatsing for barn med kulturaktører som leverandører av tjenester og opplevelser», skreiv fleirtalspartias representantar i kommunens kulturutval.

Folken-sjef Mariann Bjørnelv blei grundig provosert, og meinte politikarane ikkje hadde fått med seg kva kulturlivet faktisk treng. Ho fekk støtte av fleire sentrale kulturaktørar, som både reagerte på den korte søknadsfristen, på uklare formuleringar og på at ingen hadde spurt dei.

Verdas dyrast sommarferie

Kommunedirektøren var skeptisk til å bruka 30 millionar kroner på å arrangera sommarferie for Stavangers barn og unge på så kort tid. Men sjølv etter at han reduserte initiativet til 10 millionar kroner, snakkar me sannsynlegvis om verdas dyraste sommarferie.

Søknadsfristen gjekk ut 1. juni. Nesten 130 søkjarar klarte å snikra saman forslag til sommaraktivitetar for barn og unge på dei få dagane dei hadde tilgjengeleg. Rundt 30 av dei kan rubriserast under kultur. Resten er frivillige lag, idrettsaktørar og andre. Blant søkjarane finn me også Mariann Bjørnelvs Folken, som har søkt om 530.777 kroner til å arrangera sommarkonsertar for ungdom.

Dårleg dialog

Det meir fundamentale problemet som har kome til syne gjennom både dei statlege og kommunale prosessane for å handtera koronakrisen i kulturlivet, er at det har blitt ganske tydeleg at kulturpolitikarane ikkje kan kulturfeltet særleg godt – og at dei har for dårleg dialog med feltet.

Som regissør Per-Olav Sørensen skreiv i eit ope brev: Abid Raja forstår ikkje kultursektoren. Sørensen prøvde interessant nok å forklara Raja korleis kulturlivet heng saman med eit omgrep mange kunstnarar sjølv føler seg ukomfortable med å snakka om, nemleg næring. Artisten du ser på scenen i Konserthuset, er nemleg berre siste ledd i ei lang og omfattande næringskjede, som også involverer ei rekke andre enn det du tenkjer på som kulturaktørar, enten dei køyrer taxi, driv hotell, servering, turisme eller lyd- og lysfirma.

Inntektene borte

Men også den enkelte kunstnar eller kulturaktør er avhengig av å få inn pengar for å kunna betala banklånet og halda liv i familien. I ein rapport Kulturrådet fekk utarbeida i midten av mai, kom det fram at meir enn 1,5 milliardar kroner i kultursektoren forsvann berre i april og mai. Alle desse pengane blir ikkje erstatta av dei statlege støtteordningane – og det var heller ikkje å venta.

Samtidig som det ikkje er nokon menneskerett å vera kunstnar eller å kunna krevja at det offentlege skal sørga for inntektene, må ein hugsa at det er det politisk bestemte smittevernet som hindrar mange kunstnarar i å kunna tena pengar nå – og i overskodeleg tid framover. Så lenge det må vera ein meter frå skulder til skulder mellom publikum, vil ingen konsert eller kulturarrangement kunna gå i pluss eller gi kunstnarane tilnærma normale inntekter.

Gjera noko anna?

Det er altså i denne situasjonen signalet frå Stavangers kulturpolitikarar og kulturavdeling er at byens kunstnarar burde gjera noko anna enn det dei faktisk prøver å få gjennomført. At i staden for å måla det nye biletet eller spela inn dei nye låtane, bør dei laga pedagogiske opplegg for barn – med veldig kort tidsfrist. Eller laga nye digitale samarbeidsprosjekt, basert på ein utlysingstekst som aldri vil vinna nokon klarspråkpris – med veldig kort frist.

Eg skjønnar godt at kunstnarar som Natasja Askelund, Ingeborg Kvame og Anna Ihle reagerer. For dei politiske initiativa ber meir preg av seminar og skrivebord enn av at nokon har snakka med kulturaktørane sjølve .

Noko av det gode som kan koma ut av den kulturpolitiske debatten som heldigvis har oppstått, er om kulturpolitikarar og kulturaktørar snakkar meir saman. Neste gong Stavangers kulturpolitikarar legg 10 eller 30 millionar kroner på bordet for å hjelpa kulturlivet dei seier me treng meir enn nokosinne, kan det faktisk vera at det er ei hjelpepakke til kulturlivet.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kor mange er nok? 500? 5000? Heile Moria?

  2. Rajas (nesten) umulige hovudpine

  3. – Korleis blir livet fram­over om folk er endå meir forsiktige enn styres­maktenes smitte­råd?

  4. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  5. Viking må bytta navn!

  6. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturpolitikk
  3. Kultur
  4. Kommentar
  5. Abid Raja