USA i oppløysing

GJESTEKOMMENTAR: At USA som nasjon sprekk opp i ei tåke av rasisme og aggresjon, burde ikkje overraska nokon.

Publisert: Publisert:

Dette ferske reportasjebiletet frå Tucson, Arizona går rett inn i ei 250 år lang historie. Foto: Josh Galemore, Arizona Daily Star/AP/NTB scanpix

  • Eirik Magnus Fuglestad
    PhD i sosiologi

Den amerikanske, føderale unionen er fødd i flammane frå frigjeringa av dei afrikanske slavane etter borgarkrigen i 1861–1865, men borgarkrigen tok eigentleg aldri slutt. USA er ikkje ein nasjon, men ein ekstrem fridomsideologi som stadig trugar med å slå om i sin rake motsetnad – undertrykking.

Les også

George Floyd ropte 21 ganger at han ikke kunne puste

Mot slaveri, men hadde slavar

«Fridomens land», blir USA ofte kalla, men det motsette er i grunnen like sant. Å vera slavebunden er det motsette av å vera fri, og det var nett som ein slavestat USA vart grunnlagt. Dei amerikanske grunnlovsfedrane ropte høgt om fridom frå band og slaveri då dei lausreiv seg frå det britiske imperiet – dei var frie menn, måtte vita, og dei hadde ingen annan herre enn seg sjølve. Men sjølv var dei herre over slavar.

«Ikkje som slavar, men som frie menn», lyd omkvedet i det som er vorte heitande «The liberty song» (fridomssongen) under den amerikanske frigjeringskrigen 1775–1783. Men dei fridomselskande amerikanarane klarte aldri å ha anna eit ein schizofrent forhold til slavehald av afrikanarane. Mange av grunnlovsfedrane hadde slavar i arbeid på landbrukseigedommane sine, og dei heldt fram med å halda slavar til sin døyande dag.

Thomas Jefferson, landet sin tredje president og forfattar av sjølvstendeerklæringa – den som forkynner universelle rettar til «liv, fridom og jakta på lykke» – hadde mange hundre slavar. Han likna slaveriet med det å halda ein ulv i øyro: «Me kan ikkje trygt sleppa den, men me kan heller ikkje trygt fortsetta å halda den slik», skreiv Jefferson.

Ein moderne historikar har sagt det meir kvast. Den amerikanske fridomen var nemleg grunnlagt på den private eigedomsretten, og slavane var nettopp det, eigedom. Difor, seier historikaren Winthrop D. Jordan, var det faktisk slik at det at amerikanarane vann sin fridom frå britane, meir enn noko anna festa grepet om slaveriet av afrikanarane.

Ekstrem individualisme

Me har alle sett amerikanaren på tv som peikar rifla si på den forbipasserande og skrika sint: «Get off my property!» (Kom deg bort frå eigedommen min.) Amerikanarane held eigedomsretten sin høgare enn noko anna. Det er i samanheng med dette at me må forstå den for oss ekstreme og irrasjonelle trongen til å eiga våpen. Dei skal beskytta eigedommen sin, for den er kjelda til fridomen deira.

Dette botnar i ein slags ekstremistisk individualisme der kvart menneske er sett som den høgste suverene makt. Det er jo også dette alt vestleg demokrati og menneskerettar bygger på, men ulikt den europeiske erfaringa har den amerikanske ikkje blitt tukta av arbeidarrørsla sitt kollektive, sosialdemokratiske medvit.

Djupast sett var det dette den amerikanske borgarkrigen i 1860 åra handla om – pur individualisme og retten til å eiga. Det var ikkje så mykje ein krig mellom rasistar og menneskerettsforkjemparar. Nei, det var til sjuande og sist ein krig om suverenitet – og dermed om eigedomsrett. Sørstatane, som kjempa for å halda på det afrikanske slaveriet, meinte hardnakka at dei stod i tradisjonen frå grunnlovsfedrane. Dei kjempa rett og slett ein kamp for å behalda retten til å styra seg sjølv, retten til å bestemma over eigedommen sin (slavane).

Mot dette kom dåverande president Abraham Lincoln med eit nytt prinsipp: «A house divided against itself cannot stand». Eit splitta hus kan ikkje stå, USA trong ei sterk sentralmakt som skulle bestemma over individa. Men var Dei sameinte statane eigentleg eit hus? Kunne presidenten berre koma her å bestemma kva folka i delstatane kunne gjera med eigedommen sin? Sørstatane meinte nei, men som me veit, lagnaden ville at dei tapte. Lincoln fekk samla dei amerikanske statane til ein nasjon. Så vart han skoten og drepen like etterpå. Noko var i ulage.

Amerikanarane var aldri eigentleg ein nasjon, dei var alle individualistar som kjempa for fridommen til å eiga og råda over seg sjølv. Ein slik ideologi kan ikkje i lengda vera nasjonsbyggjande. Kanskje var Lincoln sin død eit jærteikn som peika fram mot heile nasjonen sin metaforiske død idet den går i oppløysing?

Døyvd av framgangen

Tida etter den amerikanske borgarkrigen og fram til nyleg har på mange vis vore ei einaste stor oppgangstid for USA. All ulmande uro har vorte undertrykt i ei blanding av eufori og kapitalistisk jernmakt etter kvart som landet først segla opp som verdas største industrinasjon tidleg på 1900-talet, for så å koma sigrande ut av to verdskrigar og den kalde krigen. Fridomens imperium, kalla Jefferson USA, og i det tjuande hundreåret var den ekstreme amerikanske fridomstrongen retta utover som ei slags imperialistisk fridomsmakt.

Men USA er ikkje lenger i oppgang. Då blir makta retta innover, og dei interne motsetnadane kjem til syne. Dei gruppene som aldri tok del i makta og fridomen, protesterer. At det heile starta med pågripinga og dødsfallet til afroamerikanaren George Floyd, er sjølvsagt ikkje tilfeldig. Ein stad i eit mørkt hjørne av den amerikanske ideologien si sjel ligg vissa om at fridomen bygde på slaveriet, og at den amerikanske nasjonen i om lag 150 år har vore halden saman av ei løgn som la eit dekke over den strukturelle rasismen.

«Eit splitta hus kan ikkje stå!» ropar Lincoln frå grava. Kan dei protesterande massane finna ny grunn for eit nytt hus?

  • Tidlegare tekstar av Eirik Magnus Fuglestad
  • Tidlegare gjestekommentarar

LES OGSÅ: «Harvard-professoren Jill Lepore, som blir kalt sin generasjons mest fremtredende historiker, ser likheter mellom både Tea Party- og Occupy-bevegelsene i massedemonstrasjonene etter George Floyds død. Nå er det potensial til fundamental forandring. Og totalitarisme.»

Publisert:

Les også

  1. – Ligger dårligere an enn tidligere én-periode-presidenter

  2. – Konflikter og historiske traumer rir USA nå

  3. Gunnar Grendstad: «Staten ville at svarte skulle bli tapere»

Mest lest akkurat nå

  1. – Landet stenges dersom smitten øker mye

  2. MC-ulykka i Haugesund: Politiet har frigitt namnet på den omkomne

  3. Ektemannen Artur leter på 11. dagen etter sin kone, Elżbieta

  4. Desse badelanda går med overskot og har besøksrekord

  5. Smitteutbruddet i Haugesund: - Involverer flere hundre mennesker

  6. Norge kan legge hele EM-festen til Stavanger før jul

  1. Gjestekommentar
  2. Eirik Magnus Fuglestad
  3. USA
  4. Rasisme
  5. Historie