Høgreekstremismen kom på nettet allereie i 1983

GJESTEKOMMENTAR: I dag har me kanskje lært at nettet ikkje er ein annan stad.

Hatefulle ytringar på nettet er i omfattande grad målretta mot unge. I lukka forum kan radikaliseringa går fort. Foto: NTB scanpix

  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:

«I året som kommer vil internett fortsatt være en viktig arena for spredning av terroroppfordrende, høyreekstrem propaganda», heiter det i PST si opne trusselvurdering for 2020, som vart publisert i februar.

Trusselvurderinga seier at det no er like sannsynleg at ei terrorhandling vil verta utført av høgreekstreme som av ekstreme islamistar. Nokre vil kanskje sjå på det som ein ukontroversiell konklusjon i eit Noreg som ber på arra frå 22. juli, og som også i fjor opplevde eit forsøk på eit høgreekstremt terroråtak. Men bak denne formuleringa ligg to utviklingstrekk: Den ekstreme islamismen er svekt etter at IS har mista kontrollen over sitt sjølverklærte kalifat. Trugsmålet frå høgreekstremismen er tilsynelatande i vekst.

Og då eg las trusselvurderinga, kom eg til å tenkja på George Dietz.

Pioneren

Det er nok ikkje mange som har høyrd om han. Tyskfødde Dietz var sist i tjueåra då han i 1957 innvandra til USA. På syttitalet vart han aktiv i den høgreradikale gruppa John Birch Society, som i dag kanskje er mest kjend frå Bob Dylan si blueslåt om mannen som ser hemmelege kommunistisk agentar overalt, og som til sist ender opp med å mistenka også seg sjølv.

Dietz byrja også å publisera tidsskriftet Liberty Bell, som til å byrja med forfekta ein bodskap i tråd med John Birch Society, men som etter kvart gjekk i nynazistisk lei og skulle koma til å osa av jødehat.

Men Dietz gjorde meir enn det. Han starta opp forlagsverksemd og bokhandel, og han rådde lesarane sine til å skaffa seg litteratur som – slik han såg det – passa for «patriotar». Katalogen til postordreverksemda han dreiv inkluderte skrifter av Adolf Hitler, bøker av ulike nyfascistiske skribentar, tekstar som fornekta Holocaust, og også rettleiarar om bomber og eksplosiv.

I 1983 hadde han skaffa seg ei datamaskin frå Apple, og han brukte mange timar på å læra seg det han sjølv omtale som «dataspråk», slik at han kunne lansera sitt eige bulletin board system (BBS), ei slags nettside som ein kunne ringja opp direkte med eit modem. Dette var årevis før world wide web, årevis før internett slik me kjenner det i dag i det heile fanst – men høgreekstremismen var allereie på nett.

To år seinare, i 1985, gav organisasjonen Anti-Defamation League – som arbeider mot antisemittisme – ut ein rapport om databaserte, høgreekstreme nettverk. I tillegg til Dietz sin BBS vert også ein tilsvarande driven av den høgreekstreme gruppa Aryan Nations omtalt. Rapporten peiker på korleis dei to plattformene vart nytta til å spreia høgreekstrem propaganda, og på korleis brukarar også kan leggja igjen sine eigne hatmeldingar. Nettet var eit sosialt medium også før verdsveven vart til, – medan Facebook-grunnleggjar Mark Zuckerberg framleis gjekk i bleier.

Lettpåverkelege unge

Ifølgje ADL-talspersonen Justin J. Finger låg faren i desse nettverka ikkje berre i at dei gjorde det lettare å spreia hatefull og anti-demokratisk propaganda, men også i at dei høgreekstreme propagandistane lett kunne nå «lettpåverkelege unge menneske». ADL-rapporten konkluderte likevel med at det var lite som tydde på at nettverk som dette representerte eit stort framsteg for dei som spreia antisemittisk og rasistisk propaganda.

Det hadde dei kanskje rett i, men 35 år seinare ser det annleis ut. Når ein skal snakka om politisk ekstremisme i dag, kjem ein vanskeleg unna å snakka om nettet. Det gjeld uavhengig av om ein snakkar om høgreekstremisme, ekstrem islamisme eller andre variantar.

I nokre høve handlar den samtalen framleis om «lettpåverkelege unge», og det er verdt å merka seg at både ekstreme islamistar og høgreekstremistar veit å retta bodskapen sitt mot eit ungt publikum. Ein heil del av IS sin propaganda var stappa med populærkulturelle referansar, både til kjende spelefilmar og til dataspel som Call of Duty og Grand Theft Auto. Høgreekstremismen har det siste året på si side vorte knytt til såkalla chan-forum, ikkje minst fordi fleire høgreekstreme ugjerningsmenn har vore aktive på slike. På desse foruma har reglane vore få, og ein ser der ein nettkultur der det har vore om å gjera å tøya grensene, og det florerer av memer, referansar til spel og filmar, ironi og sarkasme. Dei som startar på ei radikaliseringsbane i denne verda, kan radikaliserast raskt.

Men meir enn det

Chan-verda er ganske ugjennomtrengjeleg for dei som ikkje skjøner denne nettbaserte ungdomskulturen. Ein treng likevel sjeldan leita lenge for å få auge på hatet. Og det er heller ikkje som om hatet finst berre der, og berre frå «lettpåverkelege unge». Du finn det i kommentarfelt nærare deg, i kommentarar skrivne av godt vaksne folk, av digitale innvandrarar snarare enn digitale innfødde.

Til sjuande og sist handlar ikkje dette om internett. Internett er ikkje ein annan stad, ikkje ein virtuell røyndom, ikkje ei verd bortanfor vår eiga. Hatet som finst her, finst også der. Hatet som finst der, finst også her. Slik var det i 1985. Og slik er det framleis.

Les også

  1. PST med ny trusselvurdering: Dette er de største sikkerhetstruslene mot Norge

  2. PST: Tips fra venner og familie ofte avgjørende for å stanse terror

  3. I Sverige har ytre høyre vokst seg sterkt – nå venter resten av Norden

  4. Øyvind Strømmen: «Brannstifterne i Europa»

  5. «Det går eit gjenferd gjennom Europa»

  6. MAGASIN: Disse mennene ser på seg selv som lite attraktive, ensomme og mener seg fratatt «retten» til sex

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Øyvind Strømmen
  3. Høyreekstremisme
  4. Netthets
  5. Internett

Mest lest akkurat nå

  1. Lastebil mistet nesten lasten i rundkjøring - saktegående køer

  2. Helikoptertrafikken stanses – mannskap på plattformer kommer seg ikke i land

  3. Nytt koronadødsfall i Vindafjord

  4. Viking-spiss usikker på framtiden: – Har begynt å se etter andre alternativer

  5. Erna Solberg: – Ikke rom for de store jule­selskapene i år

  6. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter