Det Listhaug sa

KOMMENTAR: «Norge skal ikke ta imot båtmigranter», skreiv statsråd Sylvi Listhaug på Facebook. Det er gjeldande norsk politikk.

Publisert: Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Mange reagerte på og fordømte denne meldinga på Facebook 29. august. Men Listhaug har rett, dette er norsk politikk. Skjermdump frå Facebook

Så langt i år har minst 640 menneske på flukt mista livet i Middelhavet. Det gjer dette til den mest dødelege migrantruta i verda.

Fire dagar i august redda hjelpeorganisasjonen Leger uten grenser 356 flyktningar frå kysten utanfor Libya. Dei tok dei om bord i det norskflagga skipet «Ocean Viking». Internasjonale reglar seier at ein skal setja dei ein har redda i land i ei trygg hamn.

Fjorten dagar tok det før desse 356 fekk lov til å gå i land i ei slik hamn. Til slutt tok Malta imot dei, etter at Frankrike fekk med seg fem andre EU-land – Tyskland, Irland, Portugal, Luxemburg og Romania – på å lova å ta imot alle om bord, og behandla asylsøknadene deira.

Frankrike spurde Norge også. Men Norge sa nei.

«Tiltrekningsfaktoren»

«Grunnleggjande mekanismar for å forhindra at folk set ut på sjøen er ikkje på plass,» sa justisminister Jøran Kallmyr (Frp) til NRK. «Det gjeld blant anna eit silingssystem, sånn at vi raskt kan senda dei som ikkje skal ha opphald i Europa, tilbake til Afrika.»

«Europa trenger en langsiktig løsning som sikrer at migranter med beskyttelsesbehov får opphold, samtidig som tiltrekningsfaktoren reduseres», forklarte statsråd Kallmyr og statsråd Ine Eriksen Søreide (H) denne veka på NRK Ytring. Dei viser til at Norge sidan 2015 har bidratt med 200 millionar til eit fond som blant anna har fått 17.000 migrantar evakuerte frå Nord-Afrika, og gitt 70.000 bistand til reintegrering i heimlanda sine. Regjeringa skal også henta 450 kvoteflyktningar rett frå Libya til Norge, i samarbeid med FNs høgkommisær for flyktningar, og har sagt seg villige til å auka til 650. Tanken er sjølvsagt at det både er sikrare for flyktningane, som ikkje treng prøva å koma seg over Middelhavet, det gir menneskesmuglarane dårlegare kår, og gjer det tydeleg at å prøva å flykta til Europa ikkje er ei løysing for dei mange.

Så vi sa nei.

Krigslogikk

Kallmyr og Eriksen Søreide brukar ord som ikkje akkurat nappar i hjarterøtene. «Redusere tiltrekningsfaktoren» må bety at ein skal gjera det så vanskeleg ein kan for folk, både å leggja på flukt over Middelhavet og å tena pengar på menneskesmugling over det same havet.

Statsrådane Jøran Kallmyr og Sylvi Listhaug skuldar Leger uten grenser for å hjelpa menneskesmuglarane, og for å bidra til at fleire legg ut på flukt denne vegen. Sidan dei altså er til stades med redningsfartøy utanfor kysten av Libya.

I borgarkrigsherja Libya sit rundt 6000 flyktningar i forvaring. I sommar blei 130 menneske i ein slik leir såra i eit flyangrep, over 50 blei drepne. Det kan vera det er fleire ting enn ein hjelpeorganisasjons redningsbåt som får dei som kan klara det, til å flykta vidare til havs.

Vi er i ein slags krigslogikk her. Der ein held risikoen for tap av sivile liv her og nå opp mot kor mange liv ein meiner ein kan redda på lang sikt. Samtidig som ein tydeleg ønsker å beskytta sitt eige folk. Det er ikkje våre liv ein risikerer, det er andre sine. Og det er så viktig for å oppnå det ein meiner er nødvendig, at ein helst ser at internasjonale hjelpeorganisasjonar kjem seg ut av området.

Tyrkia-avtalen

«Når norske og europeiske ledere snakker om EU-Tyrkia-avtalen som en suksess, lukker de øynene for de enorme menneskelige lidelsene denne politikken medfører», skriv sosialantropolog og stipendiat ved Cambridge, Heidi Mogstad.

Avtalen med Tyrkia er frå 2016. Tyrkia skal, enkelt sagt, hindra flyktningar i å ta seg vidare til Europa, mot at Europa tar imot ein flyktning som alt er i Tyrkia for kvar som blir hindra.

Og langt færre kjem over Middelhavet nå enn for nokre år sidan, 139.000 i 2018, mot over ein million i 2015. Men risikoen for at det kostar dei livet, er større. Rutene har blitt farlegare og livreddande hjelparar færre.

For dei farlege rutene frå Libya til Italia, og frå Tyrkia over Svartehavet, er igjen tatt i bruk. Redningsinnsatsen på havet er redusert, Italias regjering lar ikkje lenger private redningsfartøy leggja til i sine hamner. EU finansierer den libyske kystvakta, som er blitt sterkt kritiserte for halvhjarta redningsarbeid og hard valdsbruk. Dei sender også flyktningane tilbake til Libya, eit land FNs høgkommisær seier ingen må sendast tilbake til, det er ikkje trygt.

Leger uten grenser meiner Tyrkia-avtalen, som er meint å stansa flyktningstraumen til Europa og undergrava smuglarnettverk, vil gjera ordet flyktning meiningslaust og utan innhald. EU jobbar med liknande avtalar med 16 andre land.

Nødvendig politikk?

For mange av oss kjennest det støytande når Listhaug på Facebook-veggen sin slår fast at «Norge skal ikke ta imot båtflyktninger», som om det skulle vera eit svar vi har venta på, og blir glade for. Ein politikk vi vedkjenner oss, og ser er nødvendig.

Men Listhaug har denne gongen kalla ein spade for ein spade. Dette er gjeldande norsk politikk. Styresmaktene våre er framme ved krigslogikken når det gjeld flyktningstraumen over Middelhavet. I ei slik grad at ein finn humanitære organisasjonars nærvær i området forstyrrande.

Eg har ingen høg hest å setja meg på. Ingen flammande overbevisande løysingar å koma med. Men eg syns vi burde diskutera det som skjer, heller enn at Listhaug seier det høgt.

Les også

Berre ei Facebook-setning?

Les også

Listhaugs karakterdrap

Les også

«Kvifor, kvifor i all verda, reiser de dykk ikkje opp, Bent Høie, Ketil Solvik-Olsen eller Solveig Horne?»


Les også

Natasja Askelund: «’Eldreomsorgen’, sier de – men få snakker om død og sorg, smerte og angst, anger og lengsel, bæsj og spy, – ingen tør nevne puss og blod»

Publisert: