Sa du ikkje ja til å stå på liste i år heller?

GJESTEKOMMENTAR: Ingen fylke utanom Møre og Romsdal har færre kvinner i kommunestyra enn Rogaland. Kan ein reisa kjerringane under årets kommuneval?

Det er ikkje berre enkelt å få kvinnene med på partilistene før årets kommuneval heller. Bare eitt fylke har fleire menn i kommunestyra enn Rogaland i inneverande valperiode. Bildet er frå Stavanger kommunestyre.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Ved førre val var fire av ti kandidatar til kommunevalet kvinner, ifølge SSB. Kjønn, i tillegg til alder, på dei som styrer kommunane våre, har truleg mykje å seia for kva jord som blir verna og kva barnehagar som blir bygde. Nå blir mange avgjerder fatta av heilt andre enn dei som vil kjenna vedtaka på kroppen. Men ikkje berre kvinner er mangelvare i rogalandske kommunestyre, det er også langt mellom dei under 40 år.

Godt vaksne forsamlingar

Kommunane i Rogaland blir per i dag styrte av 112 personar over 60 år (89 menn, 23 kvinner). 180 er mellom 50 og 59 år (114 menn, 66 kvinner). 199 er mellom 40 og 49 år (111 menn, 88 kvinner). 114 er mellom 30 og 39 år (65 menn, 49 kvinner). 64 er mellom 18 og 29 år (39 menn, 25 kvinner).

Dermed blir kommunestyresalane i stor grad leikegrind for dei middelaldrande og gamle kommunestyremedlemmer. Dei som har andre preferansar og problemstillingar enn folk i småbarnsfasen. Menneske som ikkje kjenner på kroppen kva det betyr å stemma nei til ein ekstra sosiallærar på skulen.

Og ekstra vanskeleg er det framleis å få med ho som står med handa på barnehageporten, ho som sit i FAU og planlegg bursdagen til minstemann, medan ho kjenner livspulsen slå og tidsklemma klemma i det travle, moderne kvardagslivet. Så når nokon spør om ho vil driva med politikk i tillegg, svarar ho ofte nei.

Underteikna har vore i kontakt med ein del parti i Ryfylke. Fleire slit med å få tak i kvinner og yngre menneske generelt. Kvifor seier desse kvinnene nei år etter år? Alle har det vel travelt?

Sauda Ap har bala fælt med å få nok kvinner på lista i år. I Hjelmeland Ap har ein måtta få dispensasjon sentralt frå Ap fordi ein ikkje greidde å få eit listeforslag med meir enn 40 prosent kvinner.

Kvinnene i Hjelmeland som har blitt kontakta oppgir at tida ikkje strekk til, eller at interessa og engasjementet manglar, opplyser Gaute Hauge, leiar i Hjelmeland Ap.

Du treng ikkje vera eit «politisk dyr»
med stålkontroll på alle detaljar
for å seia ja til å bli kommunepolitikar.

Det går veldig tregt

Sauda Høyre prøvde seg med ei eiga samling for 10–15 kvinner som ein håpa å få med i politikken. Margret Hagerup frå Time inviterte til potetsuppe i fjor sommar, og hadde meir hell med dette grepet enn søsterpartiet i Sauda. 17 kvinner og 16 menn står på lista frå Time Høyre. Ved førre val var talet 10 kvinner og 15 menn, ifølge NRK. I Sauda var det berre ei eller to kvinner frå samlinga som tok steget til å bli med på lista til årets kommuneval.

Ifølge leiar i Sauda Høyre Paul Løyning takkar kvinnene nei fordi dei ikkje har tid, at dei er i ein fase i livet der dei ikkje kan prioritera politikk, medan andre tvilar fordi dette er nytt og dei føler at dei ikkje kan politikk. Han opplever også at ein i større grad må vera på kvinner og ha fleire rundar med dialog før ein får eit svar. To kvinner i nominasjonskomiteen inviterte difor 10–15 kvinner ein meinte kunne vera aktuelle til samling for å forklare at det ikkje er så skummelt som ein kanskje trur.

Høyre i Hjelmeland seier seg nøgde med å ha fått inn 7 kvinner av totalt 20 listekandidatar, men partiet saknar yngre politikarar av begge kjønn. Strand Høgre har 8 kvinner av totalt 26 personar på lista.

Etter valet i 2019 blei det vald inn 418 menn og 251 kvinner i kommunestyra i Rogaland. Kvinnedelen er dermed på 37,5 prosent. Heller ikkje storbyane var spesielt likestilte. I Sandnes og Stavanger var to av tre menn i dei nye kommunestyra i 2019. Nasjonalt enda kvinnedelen på 40, 5 prosent etter kommunevalet for fire år sidan. Hadde ein ikkje hatt personstemmer, ville kvinnedelen vore på 44, 6 prosent, seier statsvitar Jo Saglie til NRK.

I Stortinget er 76 av 169 representantar kvinner (45 prosent). Kommunestyra i Norge og Rogaland heng altså etter, og går kvinnedelen opp like seint som han har gjort, vil det gå rundt 25 år før halvparten er kvinner av kommunepolitikarane.

Med tanke på at ein som kommunepolitikar vil få direkte påverknad på tenester innan helse og oppvekst som småbarnsmødrer er storforbrukarar av, er det litt rart at politikk ikkje fenger kvinner meir. Tomter og næringsutvikling bør også vera interessant å få påverka for menneske i etablerarfasen.

Les også

Trond Birkedal: «Stavangervalget er avgjort»

Treng ikkje vera «flink pike»

Leiar i Suldal Venstre Dag Fisketjøn meiner kvinner overtenker kva det betyr å stå på ei partiliste og kunna bli vald inn i kommunestyret. Politikarens bodskap er at du treng ikkje vera eit «politisk dyr» med stålkontroll på alle detaljar for å seia ja til å bli kommunepolitikar. Folk trur ofte at det krev meir enn det gjer. Sunt folkevit og kontakt med det verkelege livet held i massevis og trengst i kommunalt styre og stell, meiner han.

Fisketjøn meiner at alle kommunale utval sine møte bør strøymast. Ikkje berre langdryge kommunestyremøte. Får ein kikka inn i utvalsmøta, vil du i større grad sjå at dei er sette saman av heilt vanlege folk, seier han.

31. mars er siste frist for partia i Norge til å levera inn listeforslag, ifølge Valgdirektoratet.

Då Suldalsposten annonserte etter journalist for ei stund sidan, stod det i annonsen: «Trur du ikkje du er kvalifisert? Tenk som ein mann, søk likevel!» Kanskje dette er eit råd kvinner som blir spurte om å stå på ei partiliste, også kan ta til seg?

Publisert: