Populisme à la Trump i seks punkt
KRONIKK: Lærdommen frå Trump-perioden er at trugsmålet mot demokratiet kjem innanfrå – frå dresskledde rikmannssøner villige til å ofre ideala sine for pengar og verv.
- Svein Erik TuastadStatsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger


Populistar med makt følgjer ein eigen logikk. Ei som har gått grundig til verks for å vise kva som sameiner populistar som Donald Trump i USA, Viktor Orbán i Ungarn og Recep Erdoğan i Tyrkia, er den italienskfødde, politiske filosofen Nadia Urbinati. Ho er i dag professor ved Columbia University i New York.
Urbinati har i fleire bøker analysert populismen. Den siste boka hennar er om korleis populistar som har vunne makta i val, omformar demokratiet. Framferda til Trump passar som hand i hanske med hennar teori.
Teorien kan summerast opp i seks punkt om korleis populistar som Trump ber seg åt når dei har makt.
1. Direktelinje til folkeviljen
«Men for å forstå hvordan folk kunne få seg til å storme kongressbygningen, må man ha sett en av hans taler fra begynnelse til slutt, og hvilken kontakt han har med folkemengden. Det er en urkraft».
Det var Jon Elster, kanskje Noreg sin aller fremste nolevande samfunnsvitar, som sa dette i eit Morgenblad-intervju etter Kongress-storminga. Stundom når Trump talar på folkemøte, kan vi sjå at han gjer små pausar og seier til dømes «Love you», som om det var til ein kjærast. Einskapen Trump opplevde mellom seg sjølv og tilhengjarane reflekterer ei eiga demokratioppfatning. Populistane opplever at dei har ei direkte linje til folkeviljen.
2. Dei rette folka mine er sjølve folket
Det følgjer at for populistane er det nokon som er dei «rette» og gode folka, og nokon som ikkje er det. I Washington var det dei som jubla for Trump som var det sanne folket. Slik blir folket til dei rette folka – kjernetroppane.
Og sidan populistleiaren i eigne auga er det mest rette folkeuttrykket av dei alle, vert i grunnen han sjølv den aller beste representasjonen.
Det er dette tittelen på Urbinati si siste bok fangar opp: «Me: The people».
3. Treng ikkje partia
Når populistar som Trump har ei førestilling om at dei representerer folk flest best og veit kva som rører seg, er ikkje dei partipolitiske prosessane som kjenneteiknar våre demokrati, lenger nødvendige. Populisten er jo sjølv representanten for dei som eigentleg er folket, partia trengst i grunnen ikkje i nokon særleg grad.
4. Treng ikkje media heller
Det same gjeld for media. Tradisjonelle medium er ein annan forstyrrande instans mellom populistleiaren og folk flest. Difor var Twitter perfekt i den forstand at dette sosiale mediet skapte eit direkte samband til folket – det vil seie så lenge han ikkje vart utestengd.
5. Er på sitt vis demokratar
Er populistar som Trump demokratar?
Urbinati meiner det, men med atterhald om at den endra typen demokrati som populistar står for, kan skli over i det autoritære. Populistar ønskjer å ha val. jamvel om vala ikkje kan rokke på førestillinga om at populistane er dei sanne folkerepresentantane.
6. Populistar omformar demokratiet
Den kanskje aller viktigaste innsikta til Urbinati er at dei nyare populistane som har vunne val og utøver makt, omformar demokratiet. Deira demokrati er sterkt personprega, mindre partistyrt og uavhengig av media og ein opplyst offentleg samtale. Sosiale medium gjer dette mogleg.
Men det krev òg at partiet som populisten representerer, godtar å verte redusert til ein heiagjeng.
Arild I. Olsson: «Demokratiet har seiret»
Michael Jarlner: «Farvel til historiens verste president»
Trugsmålet mot demokratiet
Det er ikkje sikkert at det var dei grupperingane som storma Kongressen som var det største trugsmålet mot det amerikanske demokratiet. Dei ville trass alt aldri vere sterke nok til å kunne ta over maktinstitusjonane.
Det same gjeld frykta for at personar med ikkje-demokratisk sinnelag vart plasserte i den eine posisjonen etter den andre utan at det vart lagt merke til. Utnemninga til nøkkelposisjonar vert kontrollert av dei valde representantane, og eit «stille kupp» ville verte stoppa.
Kan hende det største trugsmålet mot demokratiet i USA kjem innanfrå, frå mangelen på ryggrad hjå dei som sjølve er valde.
Mediesituasjonen, med direkte sambandslinje mellom populistleiaren og hans entusiastiske publikum, var ein føresetnad for populisme à la Trump. Dei sosiale media er som skreddarsydde for ein annan type maktutøving i randsona til det tradisjonelle demokratiet. Det nye endra, populistiske demokratiet er publikumsdemokratiet.
Ei omforming frå eit partibasert demokrati til eit publikumsdemokrati kravde at Republikanarane, dei valde representantane, godtok å verte reduserte til passive støttespelarar for Trump i staden for å stundom å kunne seie nei.
Det er på denne måten det amerikanske demokratiet kan bli endra og kanskje øydelagt: Ved at omsynet til sjansen til omval for mange republikanarar gjer at dei vel å støtte ein sjarlatan, sjølv om dei skjønar at det ikkje gagnar landet.
Lærdommen frå USA er at forfall i etisk standard hjå dei valde representantane sjølve er det største trugsmålet mot demokratiet.
Trump var eit frampeik om korleis det kan gå om tilstrekkeleg mange lar pengar og verv vege tyngre enn ideala.
–––
Les også:
- Eirik Magnus Fuglestad: «Har me no berre eit tiår på å hindra at det går gale for demokratiet?»