Vottar, vin og Jantelov

KOMMENTAR: «Du skal ikke tro du kan lære oss noe.» I alle fall ikkje om alkohol.

Polkøen i Sandvika sist helg.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Det finst jo nokre rare ting ved landet vårt. Eller, i alle fall finn forskarar innimellom ut rare ting om landet vårt. Som at vi driv med svært streng, sosial kontroll over kvarandre. Der er vi på linje med land som Pakistan (dei slår oss riktig nok litt), India og Malaysia. Heilt i andre enden av skalaen, der dei vel nærmast tillèt kvarandre kva som helst, finn vi Nederland, Israel og Ungarn.

Streng sosial kontroll heng elles gjerne saman med at det er knapt med ressursar, tett med folk, eller strengt, kontrollerande regime i landet. Vi er jo ikkje heilt der. Sjølv ikkje under koronaen.

Svartedauden og dugnaden

Men forskarane gjekk til ein pest-pandemi for å finna forklaringa: Svartedauden. Rundt år 1350. Svartedauden gjorde det av med svært, svært mange, blant anna med adelen. Igjen stod bøndene. Ideala til dei attlevande blei samhald og likskap. Heilt nødvendig for å overleva og koma på fote igjen.

Det er i alle fall til å kjenna igjen. Trua på at alle er like mykje verd, uansett inntekt, bakgrunn og utdanning. Tilliten til at alle gjer sitt, stort eller litt. At alle stiller på dugnaden. Nå veit vi jo at det ikkje fungerer heilt sånn i praksis, på dugnaden er det vel dei same som dreg lasset kvart år, og viss den bakgrunnen blir mindre lik vår enn den var før, eller viss det ser ut til at den er mindre lik, så luggar det ganske kraftig i både tru og tillit.

Likevel, dette er ideal mange av oss liker å halda høgt. Men dei har også ei bakside. I snart hundre år fanga i Jantelova. Der du ikkje skal tru du er noko, og i alle fall ikkje tru at du er noko betre enn andre, eller at du kan læra oss noko. Denne, meiner forskarane, lever i beste velgåande. Den gir seg rare utslag, som at idrettsheltane våre på ei og same tid skal vera heilt unike og overmenneskelege, og samtidig heilt vanlege og nesten akkurat som oss andre. Ispedd vår eigen vri på den amerikanske draumen – kven som helst kan klara å koma seg opp og fram. Men altså ikkje for langt fram.

Vottane til Bernie Sanders blei herleg vanlege i alt det opphøgde og alvorlege.

Vottar og vin

Kanskje er det grunnen til at bildet av senator Bernie Sanders under presidentinnsetjinga i USA tok så heilt av på sosiale medium, også hos oss. I alt det formelle, det veldige oppbodet av politifolk, det overdådige i kjolen til Lady Gaga, i rituala og talane og avstemte antrekk og alt, så sit Bernie Sanders der. Det er kaldt. Han sit med armar og bein i kross, litt for seg sjølv, ansiktsmaska hans matchar ikkje resten av antrekket på nokon som helst måte. Og så har han vottar på. Strikkevottar. Han er ein av oss, og samtidig blant dei fremste. Det var eit bilde til å bli glad av, ei munter framstilling av det som elles kan vera ein ganske vanskeleg balanse å halda.

Og mens Sanders-bildet ennå dukka opp i nye, i muntre variantar sist helg, dukka også bilda av polkøane i dei ennå opne kommunane i Oslo-regionen opp. Regjeringa stengde ned for å bremsa den britiske mutanten av koronaviruset i å festa vilt rundt blant oss. Berre matbutikkar og apotek var opne, folk blei bedne om å halda seg heime. Men akkurat der gjekk grensa for mange. Dei skulle ha vin og sprit til helga, og reiste i kø til nærmaste opne kommune og pol. Så resultatet blei det stikk motsette av det som var poenget med å stengja – viruset fekk betre kår for sin eigen fest.

Vedtaket måtte gjerast om, av smitteomsyn. I Norge held vi oss berre heime viss vi har dagleg tilgang på mat, medisinar og sprit.

Jantelova

Det trur eg det er vanskeleg å kritisera. Ein ting er at vi er alle trøytte og leie nå, det kan vera grunn til å prøva å vera litt raus, rett og slett. Men eg trur den viktigaste grunnen til at dette er vanskeleg, er Jantelova. Du skal ikkje tru du er betre enn oss. Du skal ikkje tru du kan læra oss noko.

Kven som har kjøttvekt nok, og i tillegg står passe langt framme blant likemenn til å få vera «oss», har nok skifta til ulike tider. Når det handlar om alkohol i vår tid og kultur, er dei fremste blant «oss» alle som har tatt steget passeleg langt vekk frå eigen bakgrunn, alle som kan balansera og tola eit raust og opent forbruk av alkohol. Drikk du ikkje, i ein eller annan samanheng der det blir forventa av deg, bør du nesten kunna visa fram legeattest med diagnose, eit medisinglas eller ein graviditet. Kan du ikkje det, vil det bli kravt ei anna forklaring.

Det er på ingen måte noko du kan få vera i fred med. Men du bør liggja veldig lågt, så det ikkje på noko vis kan sjå ut som du kan finna på å tru at du er betre enn «oss». Det gjer det også vanskeleg – i heilt andre, større samanhengar – å diskutera alt som har med alkohol å gjera.

Ugyldig

Det er lite sjarmerande. Jantelova er ofte det. Den går ut på å kontrollera andre, trykkja dei ned, setja dei utanfor, gjera dei mindre verde. Så dei ikkje treng lyttast til. Slik djupt religiøse ein gong gjorde, der dei var sterke nok til å ta plassen som «oss». Det var også svært lite sjarmerande. I våre dagar held det å stempla ein meiningsmotstandar som moralist, eller med at «du er ikkje som oss.» Noko det også står i Jantelova at du ikkje må tru du er. Og som ennå svært effektivt gjer argumenta dine ugyldige.

Så eg trur ikkje det er så mykje vits i å diskutera om det verkeleg var nødvendig å reisa til neste pol for dei som ikkje fekk tak i vin i eigen kommune. Eg trur Jantelova har låst den diskusjonen. Vi får heller tøysa litt meir med det der bildet av Sanders med vottane.

Les også

  1. – Eg trur Chris­tian Tybring-Gjedde (Frp) har rett i ein ting: Vi flokkar oss for lett

  2. – Ta vaksinen, når du kan

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Bernie Sanders
  3. Koronaviruset
  4. Solveig G. Sandelson