November-barometer i budsjett-kaosets tid: Raud-grønt fleirtal er tilbake

KOMMENTAR: November-barometeret er grøssande nytt av gamalt merke for dei som var inderleg lei av raud-grøn fleirtalsregjering. Men bør inspirera statsminister Erna Solberg (H) til å skaffa betre kontroll på det borgarlege samarbeidsprosjektet.

Publisert: Publisert:

Renn tida ut? Erna Solberg sjekka klokka på veg inn til møte med Nydalen-kameratane samla på Sola i oktober. Foto: Pål Christensen

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

På ni nasjonale meiningsmålingar i november, innhenta av pollofpolls.no, hamna Nydalen-partia (Høgre, Frp, Venstre og KrF) i mindretal på fem av dei. I snitt endar den gamle raud-grøne konstellasjonen (Ap, Senterpartiet, SV) med eit fleirtal på 87 av 169 stortingsmandat.

Klikk på grafikken for full størrelse.

Les også

Barometer for oktober: Ap i framgang, KrF på vippen

Les også

Barometer for september: Sp i siget

Dessutan har Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne eit mandat kvar.
Nydalen-partia har til samanlikning hatt fleirtal heilt sidan desember 2015, med unntak av august i år.

No er det rett nok slik at målingane sprikar. Til dømes publiserte VG og Dagbladet kvar si meiningsmåling 18. og 19. november der venstrefløya hadde stort fleirtal i VG og låg tydeleg under i Dagbladet.

Men hovudtendensen er markant og har gått igjen sidan i vår: Ap veks, Senterpartiet gjer det stødig godt. På den eine målinga, Sentio for DN 18. november, hadde Ap og SV reint fleirtal aleine.

Over sperregrensa igjen

Det som skil seg særleg ut denne gongen er at Sosialistisk Venstreparti karrar seg over sperregrensa, i motsetnad til dømes i oktober og fleire månader tidlegare i 2016. SV har hatt det tungt etter åtte år i regjering og har enno ikkje funne seg sjølv att.

Det er fullt forståeleg at SV-leiar Audun Lysbakken har erklært at partiet ikkje går til val på raud-grøn plattform neste gong. Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil likevel kunne rekna med SV som støtteparti og ville sjølv i regjering med Senterpartiet hatt eit ganske breitt spelerom politisk både til høgre og venstre dersom denne snitt-målinga var val.

Ap veks

Framgangen for store, ansvarlege Ap er ikkje unaturleg i ei tid med veksande arbeidsløyse og urolege tider. Senterpartiet ser ut til å ha funne ein sikker vinnarformel med konsekvent reformmotstand og tilsvarande ønskemotstandar i Solberg-regjeringa.

Begge partia nyt også godt av at det borgarlege samarbeidsprosjektet har vorte meir uvisst enn før. Det borgarlege kaoset er best eksemplifisert ved KrFs såkalla regjeringsavklaring.

Dessutan dei tilnærma parodiske budsjettforhandlingane som no vonleg er inne i siste og avgjerande fase, sjølv om dei tydelegvis skal strekka seg langt inn i desember før endeleg avklaring.

Til punkt 1: KrF seier ja til Høgre og Venstre, nei til Frp i regjering. KrF seier ja til statsminister Erna Solberg. Men held døra ørlite på gløtt for å kunne støtta statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) dersom valresultat og forhandlingar tilseier det.

KrFs føretrekte alternativ har 58 mandat av 169 i november og har ikkje ein sjanse i havet til å flyta utan Frp.

Les også

KrF: Velsigna uavklart før valet 2017

Til punkt 2: Venstre-leiar Trine Skei Grande er meir borgarleg orientert enn kva Knut Arild Hareide (KrF) har gitt uttrykk for. Men det er Venstre som held budsjettforhandlingane i gang langt på overtid med det som frå utsida sett verkar som ei heilt unødig pukking på nokre ekstra øre i drivstoffavgift.

Les også

Optimisme etter krisemøte på Statsministerens kontor

No kan det jo alltid diskuterast om ikkje problemet her ligg like mykje i at Frp står steilt på bilpakka, kjærleg omtala som 15/35 (15 øre meir på bensin, 35 øre på diesel).

Men Cicero-direktør Kristin Halvorsen sette den heimlege avgiftsdebatten i perspektiv denne veka: Samla norske innanlandske CO2-utslepp er knapt ein tidel av utsleppa frå all olja og gassen som me hentar opp og sel til utlandet.

Utrekningar frå pollofpolls.no og valprogrammet Celius viser at overført til Rogaland - det vil seia korrigert etter oppslutninga frå 240.000 veljarar i fylket i 2013 - så mister Frp eit mandat til Ap.

Elles er KrF og Geir S. Toskedal nærast å mista eit mandat. Venstre er nærast å ta eit fast mandat, men er i november-barometeret allereie inne på utjamning med Iselin Nybø.

Publisert:

Les også

  1. Barometer for mai 2016: Sp vinn, Frp taper på maimålingane

  1. Erna Solberg
  2. Trine Skei Grande
  3. Knut Arild Hareide
  4. Siv Jensen
  5. Politikk