Pizzademokratiet leverer! Politikken i Noreg i særklasse i demokrati gjennom dialog og diskusjon

GJESTEKOMMENTAR: Nokre kvalitetar er unike i det norske demokratiet. Dei må hegnast om når smittesituasjonen no krev at norske politikarar nasjonalt og lokalt innfører kriselover og fullmakter.

Publisert: Publisert:

Då helseminister Bent Høie (H) og næringsminister Iselin Nybø (V) presenterte den nasjonale koronakrise-vegleiaren for kommunane, vart pressekonferansen utsett med fire timar – regjeringa, LO, NHO og KS måtte først bli samde om reglane. Foto: Stian Lysberg Solum, NTB scanpix

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
iconDenne artikkelen er 126 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

«Me var ikkje einige om korleis dette skulle sjå ut klokka to i dag. Men då gjorde me det som me gjer i dette landet: Me set oss ned ved eit bord, bestiller pizza og så tar med den tida me treng for å bli einige».

Slik var oppsummeringa til Iselin Nybø søndag 29. mars etter at regjeringa, under sterkt press frå NHO og LO, ville korrigere kommunane si praktisering av lokale karantenereglar.

Desse reglane kan somme stadar skape umoglege arbeidsforhold for næringslivet.

Våre politikarar bruker kanskje for mykje pengar no, somme folk kan skrive dumme ting på nettet og ekspertar kan mangle gode svar eller vere usamde seg imellom.

Men: Man måste jämföra. Det effektive og rådslagande demokratiet i landet vårt set i røynda Noreg i ei særstilling internasjonalt.

Nettopp denne sida ved demokratiet vårt er det viktig å verne om også under virus-krisa. Det bør leggast ekstra vekt på at det er mogleg for opposisjonen å kome med innspel nasjonalt og lokalt, føresett at tidspresset gjer det mogleg, – og at journalistar får overvake dei politiske prosessane i tråd med Grunnlova.

Hovudorganisasjonane, her ved frå venstre LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen, adm. direktør Ole Erik Almlid i NHO og KS-leiar Bjørn Arild Gram, var ikkje samde seg imellom eller med regjeringa – men dei diskuterte seg alle fram til semje. Slikt ville ha vore verre å få til i alle andre demokrati. Foto: Stian Lysberg Solum, NTB scanpix

Eineståande data om verdas demokrati

V-dem (Varieties of democracy) heiter ei makelaus datasamling, med data over ei rekke tilhøve som spelar inn for verdas demokrati over tid. Den er truleg den mest omfattande og pålitelege datasamlinga om demokrati som eksisterer.

Vi kan bruke V-dem til å samanlikne Noreg med andre land. Når eg studerer korleis valprosessane og ymse deltakingsnivå artar seg i Noreg, ligg vi som venta blant dei øvste med høg skår. På desse felta ligg vi likevel ikkje klårt føre land som Tyskland, England eller USA.

Derimot er vi i ein særklasse som dialog-og-diskusjons-demokrati, det vil seie på «deliberative democracy index» i datasamlinga. Denne handlar om korleis debatt og rådslaging om politiske avgjerder fungerer.

Indeksen er sett saman av korleis landa skårar i samfunnsengasjement, kor opptatt ein er av det felles beste, å kunne lytte til motargument, gje vekt til høyringar og leve opp til ei grunngjevingsplikt for styresmaktene.

Ser vi til dømes på i kva for grad norsk politikk er prega av at ulike partar sine argument slepp til og vert lytta til, er norsk politikk unik. Her skårar vi faktisk jamt over dobbelt så høgt som til dømes det dei franske, tyske, britiske og amerikanske demokratia gjer; Noreg ligg jamvel klart over skårane til våre nordiske naboar.

Det er beint fram oppsiktsvekkjande kor særmerkt denne sida av det norske demokratiet er.

Fredrik Solvang i brennpunktet

NRK Debatten har dei første vekene under krisa vist ei viktig side av deliberativt demokrati på norsk. Somme av debattane har hatt sjåartal på over ein halv million; ryktet om den felles samtalens død som følgje av fragmentering i sosiale medium, er overdrive.

Det vart spetakkel då Fredrik Solvang i Debatten i førre månad vigde stor plass til den i overkant alarmistiske forskaren Gunhild Alvik Nyborg. Alt dagen etter var ulike ekspertar inviterte til eit ekstraprogram. Her svara dei utførleg på kritikken. Du kan trygt seie motargumenta slapp til – i eit program med sjåartal opp mot ein halv million.

Les også

Svein Tuastad: «Visst må vi diskutere styremaktene, ikkje minst i krisetider!»

Mistillit-paradokset

Det er ulike måtar styremakter kan oppnå støtte og oppslutnad på. Dei kan opptre som om dei var opphøgde og særleg innsiktsfulle, om enn litt uvisst av kva for grunn. Ein annan metode er å spele på samhald og lydnadsplikt.

I vår type demokrati kjem legitimiteten derimot nedanfrå, frå eit nett av debattar og rådslagingsprosessar. Dette er eit sterkare system som er betre i stand til sjølvkorreksjon – og det toler usemje og usikkerheit.

Jamfør då Fredrik Solvang prøvde å stille leiaren av Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, til veggs nyleg: «Du skaper tvil! Du har problematisert det, sier du. Men det er jo å skape tvil!»

«Det er jo tvil om alle disse tiltakene, faktisk», svara Stoltenberg. «Ikke om de enkleste, å vaske hendene og holde avstand. Men alle de tunge tiltakene med store ringvirkninger for samfunnet, er det tvil om effekten av.»

Når opposisjonen er motvillig eller fagfolk er usikre, hender ofte paradoksale ting. For det første skjer ei læring for tilhøyrarane, trass tvitydige signal. For det andre vil politikk som saknar god grunngjeving, verte korrigert. I sum verkar det tillitvekkjande. Paradokset er at det som liknar mistillit, er laga av det same stoffet som skaper tillit.

Dette systemet er naturlegvis noko anna enn anarkisme. Også hos oss har sentrale byråkratar lojalitetsplikt.

Godt teikn

Når Camilla Stoltenberg vedgår at ho er usikker, eller når regjeringa kjem med framlegg som deretter vert korrigerte av opposisjonen midt i denne krisetida, burde vi eigentleg juble. Då kan vi vite at dei komparativt sett særmerkte kvalitetane til det norske demokratiet utfaldar seg også under krisa.

For pizzademokratiet – det leverer!

Publisert:

Korona-viruset

  1. – Umulig å teste ferjepassasjerene

  2. Nasjonale tall: Halvparten av covid-19-pasienter sliter med pusten

  3. Politiet i Oslo fortviler over ungdom som ikke vil holde avstand: Ber kommunen rydde opp i festingen

  4. Milliardtap for Norwegian-aksjonærene

  5. Farsund-ordfører ber innbyggerne unngå Oslo-tur

  6. Nordmenn på reise fikk karantene-sms

  1. Korona-viruset
  2. Demokrati
  3. Gjestekommentar
  4. Svein Erik Tuastad
  5. Iselin Nybø