SV - partiet du kjenner igjen

KOMMENTAR: Anten du er einig med dei eller ikkje - det er lett å vita kor SV står.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

SV hadde landsmøte i helga. Dei er i medvind, og dei er lette å kjenna igjen. Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB Scanpix

Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour, og då går lyset i festsalen på hotellet av, sjølv om festmiddagen knapt har begynt, sjølv om servitørane må bera hovudretten, tallerk for tallerk, til over 200 deltakarar i mørket, og ingen eigentleg ser kva som er oppå tallerken. For i SV tar dei mørket på alvor.

Debattane

Dei har lange, lange debattar, dei fortset gjerne til seine kvelden, for at alle som har tenkt å seia noko skal få seia noko. Detaljar, kampsaker, digresjonar og prinsipp kjem tett som hagl. Dei lange linjene om politikk og program blir ikkje bare dradd i, frå den eine sida og den andre, dei står heile tida i fare for å smuldra opp i veldig små punkt det ikkje er så lett å navigera etter, i alle fall for ein som ikkje er heilt heime i denne kulturen.

Er det val, og valkomiteen er delt mellom to kandidatar, får ikkje berre dei to presentera seg frå talarstolen, også tre delegatar for kvar av dei, skal på talarstolen for å oppeldna salen til å gå for akkurat deira kandidat. Så det tar tid. Demokrati tar tid. Eg trur ikkje SV blir dei første til å endra på det.

Klima og klasse

Men eg trur dei er partiet som med størst truverd kan ta tak i klimapolitikken og den sosiale konflikten som ligg der. Når tiltaka blir tøffe, når utsleppa verkeleg skal ned, må ein finna måtar å gjera det på som ikkje fører til sosialt opprør.

«Skal ein få til ein klimapolitikk som verkar, må ein ha eit svar til dei gule vestane», blei det sagt frå SVs talarstol. Rekninga må ikkje berre gå til dei mange, til vanlege folk, men også til dei få, dei rikaste. Folk må kjenna at alle tar sin del. SV løftar den diskusjonen nå - skal det utjamnast over skatteseddelen, skal ein innføra ein grøn sjekk, slik dei har i Danmark, der dei under ei viss inntektsgrense får kompensasjon for miljøavgiftene, eller skal kvar og ein av oss få tilbake kvar krone som blir henta inn i miljøavgifter. Den diskusjonen må tas. I alle parti. Men den ligg ganske nært SVs sjel.

Så er det jo ikkje alltid då, at dei er like lette å tru på. Kan ein verkelg bruka same, stramme grep på næringspolitikken som ein gjorde rett etter krigen? La staten sitja med bukta og begge endane? Fører det fram? Sjølv meiner partiet at høgresida sin næringspolitikk berre er omfordelingspolitikk, der passive, forlengst rike eigarar, får både i pose og sekk. Noko som gjer dei rike rikare, men ikkje nødvendigvis fører til verdiskaping for land og folk.

Med så omfattande endringar for næringslivet som klimaendringane krev, er det på den eine sida forståeleg å ropa på staten for å få til styrte løysingar. Men nyansane forsvinn. Næringspolitikken til SV har ein del å gå på. Å få klima- og næringspolitikk til å hengja saman, er nyvald nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes sin visjon og klare oppdrag. Han er kystens og distriktas mann, han er den flest i rogalandsdelegasjonen gjekk for, nettopp for at dei skal kunna møta næringslivet med meir nyanserte og truverdige svar enn mange forventar at SV.

Les også

Bred næringspolitikk sikret Torgeir Knag Fylkesnes nestlederverv i SV

Les også

Høyre: – Næringspolitikken er en katastrofe for Rogaland

Mot straumen

Kampen mot ulikskap, for utsleppskutt og grøn næring ligg i tida. Ordet antirasisme - til og med ordet rasisme - har nesten gått ut av tida. SV løftar det fram igjen. Det er det gode grunnar til. Vi snakkar om hets og hatytringar, om ytringsfridom og ytringsansvar, om innvandringskritiske stemmer, om islamofobi og framandfrykt. Men vi snakkar ikkje lenger om rasisme.

Det fekk vi kritikk for av FN tilbake i 2015. «Kvifor går de rundt grøten? Kvifor bruker de ikkje rasismeordet? For de har det jo. Men de kallar det noko anna. For eksempel etnisk diskriminering.»

Før jul kritiserte idéhistorikar Dag Herbjørnsrud endringar i sjølvaste Store Norske Leksikons artikkel om rasisme. Han meiner den utvatnar omgrepet. Etter jul har Frps stortingsrepresentant og tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen sagt at «vi må sørge for at den etnisk norske befolkningen vedlikeholdes». Etter terrorangrepet på New Zealand, måtte statsministeren stengja kommentarfeltet på si facebookside, integreringsminister Jan Tore Sanner meinte politiet burde sjekka om kommentarfelta på nettstaden Resett var straffbare, mens Bergen Frps William Steffensen i eit innlegg på Resett meiner innlegga som sjokkerte Sanner, held «valdselementa i sjakk», og er eksempel på «ytringsfridommens funksjon som lynavleiar for ein meir valdeleg diskurs.» Å la folk oppfordra til vald i kommentarfleta, skal altså vera ein slags garantist for at vald ikkje skjer. Det kan også vera motsatt, for å seia det slik.

Å gå til kamp mot rasisme, er ikkje å vera naiv. Det er å kjempa for at andre ein deler samfunn med, skal ha same rettar som ein har sjølv.

Makta

Venstresida har blitt skulda for nærmast å idyllisera innvandring, for å nekta å ta i innvandrarars interne kamp for likeverd og fridom, og for å stempla folks uro ganske enkelt som framandfrykt. Skal SV løfta kampen mot rasisme, må dei ta den kritikken innover seg. For venstresidas definisjonsmakt i slike spørsmål, er også makt. Den har ikkje alltid blitt klokt brukt.

SV er til å kjenna igjen. Men også eit parti som vil snakka makta midt i mot, må kjenna igjen når deira eiga makt rammar uheldig, og vita kor grensene for denne makta skal gå.

Publisert: