Kunstnarambisjonar? Flytt til Oslo!

KOMMENTAR: Er det kulturpolitisk greitt at 60 prosent av Kulturrådets arbeidsstipend går til éin by? Ti år etter at eg begynte å telja kunstnarstipend, har Oslo-dominansen berre forsterka seg.

Publisert:
Jan Zahl
Kulturjournalist

Thomas Dybdahl var ein av totalt sju rogalandsbaserte kunstnarar som fekk arbeidsstipend frå Norsk kulturråd i år. 166 av dei 283 kunstnarane som fekk arbeidsstipend, bur i Oslo. Foto: Carina Johansen

«For å sikre kunstens plass som eit gode i samfunnet må det leggjast til rette for produksjon, formidling og tilgjenge over heile landet.»

Sitatet er ikkje noko eg eller ein distriktsfanatikar har kokt i hop. Det står å lesa på side 10 i regjeringas kulturmelding «Kulturens kraft – kulturpolitikk for framtida», som blei lagt fram av kulturminister Trine Skei Grande (V) i november i fjor. I Oslo, så klart. Det er jo der det skjer.

Kultur i heile Norge?

Sitatet reflekterer det som har vore eit kulturpolitisk mål i Norge sidan ein fann opp kulturpolitikken, nemleg at kultur er noko som både skal kunna produserast og opplevast i heile Norge. Og at det er eit statleg ansvar å bidra til at så skjer.

Eitt av dei viktigaste verkemidla for å sikra kunstnarisk produksjon og tilgjenge i heile landet – og at det skal kunna bu kunstnarar i heile landet – er Kulturrådets årlege utdeling av statens kunstnarstipend. Mest attraktive og høgthengande er arbeidsstipenda, som i år sikrar mottakarane ei årleg inntekt på 268.222 kroner. Somme får stipendet for eitt år, mens stipendet til etablerte kunstnarar sikrar inntekta i ti år. Det finst arbeidsstipend både for «vanlege» kunstnarar, for unge/nyetablerte kunstnarar, for etablerte kunstnarar og seniorkunstnarar.

Har eg talt rett, kom det inn 5167 søknadar om arbeidsstipend til denne runden. 283 fekk ja. Sjansen er altså forsvinnande liten – vel fem prosent – for å bli ein vinnar i kulturpolitikkens svar på Vikinglotto med gullpott.

Flest frå Oslo

Søknadane om kunstnarstipend kom frå heile landet. Suverent flest (45 prosent) kom frå Oslo – som huser rundt 35 prosent av landets kunstnarbefolkning.

Men den verkelege overrepresentasjonen viser seg ikkje før du ser på kor mange av arbeidsstipenda som går til hovudstaden. Heile 166 av 283 utdelte arbeidsstipend går i 2019 til Oslo. Det tilsvarer 59 prosent. Resten av landet – der 87 prosent av oss bur, og der det ifølgje kulturmeldinga både skal produserast og tilgjengeleggjerast kunst av høgaste kvalitet – får dela dei siste 40 prosentane seg imellom.

Oslo huser altså den største delen av kunstnarar i Norge. Oslo-kunstnarar sender fleire søknadar til Kulturrådet enn andre fylke. Og dei får større tilslag enn talet på søknadar skulle tilseia.

Regionale ambisjonar

Rogaland? I årets tildeling fekk sju kunstnarar frå Rogaland arbeidsstipend frå Kulturrådet. Det utgjer 2,5 prosent av alle stipenda. Fordi det var så få søkjarar? Nei. Det kom 217 søknadar om arbeidsstipend frå Rogaland, 4,2 prosent av totalen. Men Rogaland har altså – i motsetnad til Oslo – lågare tilslagsprosent. Det er deprimerande for eit fylke som blant anna huser ein tidlegare europeisk kulturhovudstad, og som i to tiår har hatt store kulturambisjonar. Stavanger har i årevis vore den norske storbyen som har brukt suverent mest pengar på kultur.

Men endå meir deprimerande er det å sjå konsistensen i tala - og utviklinga over tid. For eg begynte altså å telja arbeidsstipend frå Kulturrådet allereie i 2009, og gjorde det ganske jamt og trutt fram til 2016. Korleis tala har utvikla seg i løpet av tiårsperioden? Vel: Delen av arbeidsstipend som går til Oslo, har gått opp, frå 55 prosent i snitt til nærmare 60 prosent dei to siste åra eg har talt.

Les også

Statistikkvinnar Sogn og Fjordane fekk 0,9 prosent av pengane

Les også

Oslo fekk flest kunstnarstipend

Les også

Total Oslo-dominans – igjen

Les også

Over halvparten av kunstnerstipenda kvart år hamnar i Oslo

Les også

Oslo – Rogaland: 186 – 6

Les også

Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.

Les også

Er oslofolk flinkare?

Mislukka mål

Dette har skjedd samtidig som det har gått ein debatt rundt stipendpolitikken, og parallelt med at Kulturrådet dei siste åra har sendt ut pressemeldingar der dei skriv at stipendkomiteane også tek omsyn til geografisk spreiing når dei bestemmer kven som skal få ja. Det har også skjedd parallelt med at samtlege kulturministrar, frå Torhild Widvey via Linda Hofstad Helleland til Trine Skei Grande, har snakka om kor viktig det er å spreia makt i kulturlivet, både geografisk, organisatorisk og økonomisk.

Men meir debatt og større medvit rundt den geografiske skeivdelinga av stipendmidla har altså ikkje bidrege til større spreiing, men til meir sentralisering av arbeidsstipenda. Talas tydeleg tale er at ein har mislukkast.

Forklaringar?

I løpet av dei ti åra eg har jobba med problemstillinga, har eg vore innom ei rekkje mulige forklaringar på kvifor Oslo kjem så mykje betre ut enn resten av landet. Alt frå at det kjem for få søknader frå andre stader i landet, at søknadane er dårligare eller at det er lettare å bli sett om du jobbar i Oslo. Eg har også sett på samansetninga av stipendkomiteane. Nesten tre fjerdedelar av komitémedlemmene hadde i 2016 bustad i Oslo-regionen. Og så kan det jo sjølvsagt henda at dei flinkaste kunstnarane bur i Oslo, at kunstnarane i resten av landet ikkje held same nivå.

Les også

- Viktig å vera synleg i Oslo

Les også

- Geografi må inn i stipendvurderinga

Les også

Komiteane ser ikkje på geografi

Men bodskapen til norske kunstnarar med ambisjonar – eller norske regionar med kulturelle ambisjonar – er uansett også deprimerande. For når du ser på tala, blir det lett å konkludera med at ein bør flytta til Oslo om ein vil opp og fram i kulturlivet, og at det er nesten umogleg å nå gjennom i det statlege stipendsystemet om du bur ein annan stad. Som er omtrent det motsette av målet både i den nasjonale, regionale og lokale kulturpolitikken.

Publisert: