Muhammed-karikaturane: Farleg enkelt

KOMMENTAR: Vi er i ferd med å laga oss ei ny, svært enkel historie, denne gongen om den norske delen av karikaturstriden.

Publisert: Publisert:

Demonstrantar i Beirut satte det danske konsulatet i brann. Foto: Mohamed Azakir, Reuters/Scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

– Å bruka ei så kritisk sak til ei slik vanvittig markering er rein galskap.

Det er Harald Minges ord. Året er 2006, vi er så vidt inne i februar månad, og Minge er sjefredaktør i Rogalands Avis.

Forfattar Anne B. Ragde er blant dei ti kulturtoppane som i eit opprop forlangar at alle norske media trykkjer Muhammed-karikaturane, så heile det norske folk får sjå kva det er som har fått muslimar andre stader i verda til å hata oss så sterkt.

Det brenn

For når vi kjem til denne første veka i februar, blir både den danske og den norske ambassaden i Damaskus satt i brann av sinte demonstrantar, i Teheran kastar 150 andre stein og brannfaklar mot den norske og den danske ambassaden, 300 demonstrantar har storma dei to landas felles ambassadebygg i Jakarta i Indonesia, i Gaza blir EU-kontoret angripe av ei opprørsgruppe, og Norge stengjer representasjonskontoret sitt etter alvorlege truslar, i Beirut blir 30 menneske skadde i eit angrep på det danske konsulatet, og minst ein blir drepen. Den norske ambassaden i Afghanistan blir stengt. Flagg brenn, steinar fyk, og liv går tapt.

Flagg brenn, steinar fyk, og liv går tapt.

Over 150 menneske mista livet som direkte følgje av demonstrasjonane, ifølgje Store Norske Leksikon.

FNs generalsekretær, Kofi Annan, kjem på ein pressekonferanse i Dubai med ei klar oppfordring til redaktørar i Norge, Danmark, Frankrike og Israel om å seia unnskyld til muslimar verda over.

Høgreleiar Erna Solberg seier at "ingen må synes dette er en god anledning for handlinger som provoserer ytterligere. Situasjonen er eksplosiv. Norske myndigheter må ha kontakt med myndighetene i de forskjellige land i Midt-Østen. Det er uhyre viktig å ha kontakt med muslimsk side. (...) Ingen må spille på dette i forhold til en islam- eller innvandringsdebatt."

Jonas Gahr Støre (Ap) er utanriksminister, og har send ut instruks til dei norske ambassadane i fleire land i Midtausten om å beklaga den uroa publiseringa av teikningane har skapt i muslimske miljø, dersom dei får spørsmål om det. Under ei reise til Palestina i januar 2006 framfører han ei offentleg unnskyldning til verdas muslimar.

Når det blir farleg

Det begynte langt fredelegare.
Jyllandsposten utfordra hausten 2005 danske avisteiknarar til å teikna profeten Muhammed. Dei trykte dei tolv teikningane for å testa ut sjølvsensur og ytringsfridom. Fleire norske aviser omtalte saka den gongen, blant andre Stavanger Aftenblad. Vi trykte ein faksimile av teikningane som illustrasjon. Utan at muslimar her reagerte.

I januar 2006 vel den kristne vekeavisa Magazinet, ved den då ukjende redaktøren Vebjørn Selbekk, å publisera teikningane.
I januar tek også fem imamar frå Danmark med seg desse teikningane pluss to-tre til, som Jyllandsposten slett ikkje har trykt, og reiser til Midtausten for å visa fram korleis Vesten gjer narr av profeten deira.

Vebjørn Selbekk må gå i dekning.

Stavanger Aftenblad støttar på leiarplass Selbekks rett til å publisera teikningane. Diskusjonane går høgt og intenst i norske redaksjonar. Men Selbekk blir ståande ganske aleine.

Anne B. Ragde er ei av dei som meiner ein er i ferd med å lempa på prinsippa i ytringsfridommen, fordi situasjonen er så farleg. Det er nettopp då ein må stå fast, seier ho til Aftenbladet.

- Slik er psykologien bak alle kriser som kjem ut av kontroll - partane står steilt på sitt, til det til slutt ikkje er rom for andre enn dei reine og ranke, svarar sjefredaktør Tom Hetland.

- Det er nok å minna om opptrappinga som førte til første verdskrig for å visa kor galt det da kan gå. Det er ikkje sikkert at alle ytringar til ei kvar tid tener ytringsfridommen på sikt.

Det var første gongen norske media opplevde at noko vi publiserte i ein samanheng i vårt eige demokrati, spreidde seg globalt, til land utan demokrati, utan ytringsfridom eller religionsfridom, til land der vår samanheng var umuleg å få fram.

Når det blir for enkelt

Poenget med alt dette? Denne veka var statsråd Sylvi Listhaug ute og minte om at Jonas Gahr Støre under karikaturstriden "hang ein norsk redaktør til tørk". Han er difor ikkje til å stola på som statsminister, var Listhaugs poeng.

Eg er ikkje bekymra for Jonas Gahr Støre. Han har nok av folk rundt seg som kan vera det.

Men vi er i ferd med å laga oss ei svært enkel historie, denne gongen om den norske delen av karikaturstriden. Der Vebjørn Selbekk har blitt helten med ryggrad nok til å stå opp for ytringsfridommen, mens redaktørar flest let han i stikken, og Gahr Støre og Stoltenberg feigt gjorde knefall for krenka, religiøse kjensler.

Det er ikkje nødvendigvis usant. Men det er for enkelt.

Vi skreller vekk samanhengen, og står til slutt igjen med bare rett og galt.

Kor er fana nå?

Vi skreller vekk samanhengen, og står til slutt igjen med bare rett og galt. Det gjer det vanskeleg å gjenkjenna situasjonen, når ytringsfridommen igjen står på spel.

Den sitjande regjeringa sat heilt stille, utan å blunka, då den kinesiske fredsprisvinnaren Liu Xiabo for ei stakka stund var i fridom og i live. Dei kunne invitert han til Norge for å gi han fredsprisen. Dei gjorde ikkje det. Forholdet til kinesiske styresmakter var viktigare.

Av same grunn sleppte dei heller ikkje Dalai Lama inn til seg då han besøkte Norge.

Det er vanskeleg å sjå at det skulle vera større grunn til å stola på Erna Solberg i spørsmål om ytringsfridom, enn på Jonas Gahr Støre.

Men det er lettare for dei fleste av oss å meina sterkt om korleis ein burde ha halde ytringsfridommens fane rein og høg i 2006, enn å halda presset oppe når den sitjande regjeringa gøymer fana på ryggen. Det bekymrar meg.

Publisert:

Les også

  1. Sandelson: «Kvifor, kvifor i all verda, reiser de dykk ikkje opp, Bent Høie, Ketil Solvik-Olsen eller Solveig Horne?»

  2. Sandelson: Nikab-forbod: Plikt til å visa ansikt

  3. Sandelson: Ting å vera kry av

  4. Sandelson: Du må aldri bli redd!

Mest lest akkurat nå

  1. Ein person koronasmitta på skip i Randaberg – 32 i karantene

  2. Preikestolen: – Vi taper noen millioner

  3. Søk etter antatt omkommet kvinne ved Månafossen fortsetter tirsdag

  4. Politiet henlegger sak om bilbrann i Hundvåg­tunnelen

  5. Snart avgjøres det hvem som blir ny Venstre-leder: En av disse har hatt fire ukers ferie i juli. Den andre to dager.

  6. Var på vei over Skagerrak da de så uvanlig farkost

  1. Jonas Gahr Støre
  2. Sylvi Listhaug
  3. Vebjørn Selbekk
  4. Solveig G. Sandelson