Fire som viste politisk mot i 2018: Leif Arne Moi Nilsen, Hadia Tajik, Knut Arild Hareide og Christine Sagen Helgø

GJESTEKOMMENTAR: Internasjonalt var 2018 eit heller mørkt politisk år, men det politiske motet lyste opp. Også i Noreg var årets behaldning nettopp motet til somme politikarar.

Publisert: Publisert:

Fire modige politikarar i 2018 (frå venstre): Leif Arne Moi Nilsen i Stavanger Frp; nestleiar Hadia Tajik i Ap, partileiar Knut Arild Hareide i KrF; Høgre-ordførar Christine Sagen Helgø i Stavanger. Foto: Carina Johansen, Vidar Ruud/NTB Scanpix, Ole Berg-Rusten/NTB Scanpix og Jonas Haarr Friestad

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Medan bilbrannane kasta sitt dystre lys over Champs-Élysées, stupa jamvel populariteten til nykomar-presidenten Emmanuel Macron som ein utbrent nyttårsrakett. I alle dei store europeiske landa har tillita til dei politikarane som er tettast assosierte med den liberale politiske ordenen, falle.

I Russland jublar Putin for kvart falsk nyhende president Trump spreier i USA. Også i 2018 fekk Putin hjelp frå uvant hald til å rokke ved tillita til den liberale politiske ordenen.

Mot dette bakteppet kåra magasinet Time fire journalistar eller journalistiske miljø som årets namn. Dei fire stod i frontlinja i kampen mot falske nyhende og for den sannferdige diskusjonen demokratiet er avhengig av. Ein av dei, Jamal Khashoggi, vart myrda av det saudiarabiske regimet.

Kontrasten er stor til norsk politikk, som finn stad i eit eineståande fredeleg, velordna og velstyrt land. Men også hjå oss lyste det politiske motet opp i 2018.

Fire lokale og nasjonale politikarar kan tene som døme.

1. Rabulisten: Leif Arne Moi Nilsen (Frp)

Leif Arne Moi Nilsen på den provisoriske talerstolen på Sølyst under demonstrasjonen mot bomringane og bymiljøpakken på Bybrua i Stavanger i august 2018. Foto: Kristian Jacobsen

29. oktober i haust stoppa aksjonistar frå Nok er nok-gruppa det pågåande møtet i Stavanger bystyre. I etterkant spreidde aksjonsleiinga falske nyhende om ordføraren og politimeisteren. Det lydde eit svakt, men attkjenneleg ekko av anti-parlamentarismen vi har sett internasjonalt. Til slutt kom dei arge, lokale bomring-motstandarane heldigvis på betre tankar.

Ein lokalpolitikar som var med på å arrangere demonstrasjonar mot bom-ringane, var Leif Arne Moi Nilsen (Frp). Dei gule vestane i Frankrike hadde ikkje ein liknande figur, og der manglar det eit kommunikasjonsfellesskap mellom dei som demonstrerer og politikarane. Når eit slikt samband manglar, vil det lett auke den politiske framandgjeringa. Då Moi Nilsen stod på bybrua i Stavanger og organiserte demonstrasjonar onsdag 22. august, danna han samstundes ei bru mellom på den eine sida ufiltrert politisk aggresjon og på den andre sida dei standardiserte politiske prosedyrane. Om eg har forstått det rett, var Moi Nilsen også med på å hanke aksjonistane inn på rett spor under etterdønningane til den famøse bystyreaksjonen.

Moi Nilsen hadde mot til å gå mot eit samla politisk establishment, og han vann så å seie på eigehand sakseigarskap for sitt parti til den viktigaste lokalpolitiske saka dette året.

2. Moralsk ryggrad: Hadia Tajik (Ap)

Hadia Tajik (t.v.) gjorde det ho meinte var rett og las opp fra varsla mot Trond Giske, – sjølv om det kunne skade henne sjølv politisk, og trass i at partileiar Jonas Gahr Støre og partisekretær Kjersti Stenseng bad ho om ikkje å gjere det. Foto: Berit Roald, NTB scanpix

Boka «Arbeiderpartiet. Alle skal ned.» av VG-journalistane Lars Joakim Skarvøy og Marie Melgård gir eit truverdig bilete av spelet bak kulissane under det ekstremt krevjande oppgjeret i Arbeidarpartiet etter at framferda til Trond Giske vart kjent. Boka får godt fram korleis nestleiar Hadia Tajik var under eit enormt press før sentralstyremøtet til Arbeidarpartiet 2. januar 2018 om Giske-saka.

Partileiar og partisekretær ville ikkje at ho skulle lese opp frå varsla mot Giske. Men varslarane ønskte sterk at ho skulle gjere det. På møtet valde Tajik å lese opp frå to av varsla, jamvel om det kunne koste henne hennar eiga politiske framtid. I ettertid ser det ut som om prosessen dermed fekk større legitimitet.

Hadia Tajik har alltid framstått som lojal, men kanskje utan å markere sin eigen politiske profil særleg sterkt. Det siste har endra seg. Etter 2018 kan ingen seie om Hadia Tajik at ho manglar mot.

Les også

Bokmelding: «Giske er skurken. Punktum.»

3. Merkesmann: Knut Arild Hareide (KrF)

28. september gjorde Knut Arild Hareide det han meinte var rett for partiet, sjølv om det kunne koste han posisjonen som partileiar. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix

Før landsstyremøtet i KrF 28. september 2018, då Knut Arild Hareide tilrådde venstresving for KrF, hadde han innsett at utan politisk fornying ville KrF ikkje kunne rekruttere nok nye veljarar. Partiet trong ein breiare appell, og ei nøktern analyse tilsa eit allianseskifte.

Hareide kunne redda si politiske karriere ved å følgje den politiske vanetenkinga. Men då ville KrF tape på det, slik han såg det. Analysen til Hareide verka korrekt.

Hareide lei nederlag i partiet sitt. Sven Egil Omdal siterte diktaren Per Sivle i si treffande oppsummering om ein mann med mot: «Merket det stend, um Mannen han stupa.»

Les også

Svein Erik Tuastad: «Von i hangande snøre for KrF?»

4. Suveren ordførar: Christine Sagen Helgø (H)

Om eitt år går Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø (H) ut av lokalpolitikken. Til no har ho vore i sterk ordførar for partiet sitt. Foto: Jon Ingemundsen

Ordførar Christine Sagen Helgø annonserte i sommar at ho ikkje stiller til val att komande haust. I dei store norske byane har oppslutnaden om dei store partia gått i bølgjedalar. Høgre sin stabilitet i Stavanger utgjer unntaket; Sagen Helgø har si del av æra for det.

Christine Sagen Helgø er uredd. Det synte ho då ho ei veke i november utfordra både si eiga bystyregruppe og statsminister Erna Solberg. For det første var ho ein av utbrytarane frå Høgre som røysta med fleirtalet for 80 prosent kutt i klimagassutsleppa. For det andre stilte ho opp i demonstrasjonane til vern av dagens abortlov.

Du treng ikkje vere Høgre-medlem for å kunne vere stolt over Stavanger sin ordførar.

Lysande mot

– Ver så modig du kan, formanar historie-professoren Timothy Snyder i analysen sin av korleis vi best motverkar tyranniet. Stumpane på adventslysa kan vi tenne for dei som våga å vise mot i 2018, både innanfor og utanføre Noreg sine grenser.

Når nokon trugar demokratiet, vil dei vere vår sterkaste motmakt.

Publisert:

Les også

  1. Solveig G. Sandelson: «Presseetikken gjeld, også i terrorsaker»

  2. – Landssvik-skuldingar og oppfordringar til vald kan bli lesne av nokon som tek dei på alvor

  3. – «Utstøtte» gjør opprør i land etter land, hvem har et godt svar?

  4. Hilde Øvrebekk: «Verden er bedre enn noensinne»

Mest lest akkurat nå

  1. «Er vi gjøker i Sandnes?»

  2. Elg sett i Sandnes: - Den kan skape farlige situasjoner

  3. Sesongen avlyses for breddefotballen: - En trist dag

  4. Fikk du med deg smellet i Gandsfjorden?

  5. Mener barnehager med mye fravær bør stenge: – Barn overlates til seg selv mer enn de burde

  6. Enkelt, fargerikt og praktisk: – Vi falt pladask første gangen vi besøkte tomten

  1. Knut Arild Hareide
  2. Christine Sagen Helgø
  3. Leif Arne Moi Nilsen
  4. Hadia Tajik
  5. Svein Erik Tuastad