AUF i våre hjarte

GJESTEKOMMENTAR: «Kva ligg på steinen? / Det er ikkje fangeklede. / Det er ein grå Bik Bok-genser. / Stranda er full av klede, dei datt ikkje ned frå himmelen.»

Publisert: Publisert:
Kristin Auestad Danielsen
Forfattar og dramatikar

Tekstmeldingar mellom pårørande og offer under terrorangrepet 22. juli 2011 er ein del av læringssenteret på Utøya. Vi skal ikkje gløyme. Og vi treng å høyre stemmene til dei som overlevde terroren. Foto: Jon Olav Nesvold, NTB Scanpix

Innleiinga er eit utdrag frå eit dikt eg skreiv og gav ut i diktsamlinga «Merk mine ord, åleinemor» i 2012. Dette er eit dikt om Utøya 22. juli 2011, som plutseleg var full av klede frå ungdommar som kledde av seg for å symje frå terror, frå livlause og skadde kroppar og frå levande kroppar i skjul.

Mange kunstnarar og forfattarar, og no filmskaparar, jobbar med dette temaet.

Det er kanskje nesten vanskeleg å ikkje ta tak i denne ekstreme hendinga, som har ei heilt særskilt betydning i Norge. Som diktar kjennest det som ei plikt å ta tak i terror frå ein nordmann på norsk jord.

Så kjem rulleteksten. Og det er kanskje den mest spesielle opplevinga med filmen.

«Du kommer aldri til å forstå»

Ein vanleg formiddag i mars sit eg på Sølvberget i sal 6 og ventar på at filmen «Utøya 22. juli» skal starte. Vi er kanskje tjue stykk spreidde rundt i salen. Det er ei roleg, men også spent stemning. Det er som om vi i salen prøver å førebu oss på det vi snart skal sjå. Vi sit der og ser reklame frå Kiwi, Stavanger Parkering og Battery Energy Drink. Når eg trur filmen har starta, skjønar eg at det er ein trailer om ein film frå krigen i Syria. Så ein ny trailer, denne gongen ein jordskjelv-film i Oslo. Så ein tredje trailer, ein film om drapet i Kongo, om Moland og French. Det kjennest som vi lever i ei svært valdeleg tid.

Filmen startar. Etter ekte kameraopptak frå eksplosjonen i regjeringskvartalet, står plutseleg eit stille kamera inni ein furuskog. Vi skimtar ein teltplass mellom trestammane med blå, oransje og grøne telt. Og så ei ung kvinne som ser rett inn i kamera og seier: «Du kommer aldri til å forstå.» Filmen er eit forsøk på å kome så tett på ungdommane sine opplevingar med skytinga på Utøya som mogleg. For oss som ikkje var der. Lyden av skota er overraskande. Filminga av redde ungdommar der norsk natur ikkje klarer å tilby gode nok gøymestader. Eg prøver fleire gonger å telje skota undervegs, men mister teljinga kvar gong. Medan vi ventar på at skota skal starte og ta slutt, kjem vi svært tett på ungdomane på Utøya. Det gir eit sterkt inntrykk.

Så kjem rulleteksten. Og det er kanskje den mest spesielle opplevinga med filmen. Å sitje der med folk i mørket etterpå. Ingen går, vi sit og ser heile rulleteksten saman. Pensjonistar, lærarar og elevar. Det er heilt stille. På doen står eg i kø med ein lærar og nokre elevar, og når den eine jenta kjem ut av doen, spør læraren om det går bra. Og eleven seier ja. Og læraren seier vi ses i morgen.

Kvifor vil ikkje filmen vise motiva for terroren?

Innvendingar

Kanskje treng vi slike emosjonelle inntrykk for ikkje å gløyme 22. juli. Eg syns filmen både er vakker og livsbekreftande i all sin gru. Filmen fortel ikkje heile sanninga om 22. juli. Men det seier den heller ikkje at den skal gjere.

Det har vore innvendingar mot å vise fram handlinga, og berre den. At ofra sine vitnemål åleine skal vise kva 22. juli handlar om, gjer filmen vanskeleg å kritisere. Her er også innvendingar mot å utelate heilt terroristen sine grunnar for massakren.

I utlandet er det også innvendingar mot den manglande distansen. Svenske Aftonbladet har innvendingar mot ikkje å ta med gjerningsmannen bak terroren: Kvifor vil ikkje filmen vise motiva for terroren?

Les også

Variety: – Alt ved Erik Poppes 22. juli-film er diskutabelt

Les også

Poppe: – Hvis det ikke gjør vondt å se denne filmen, så er det for sent

Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) og Arbeiderpartiet (Ap) kan dra 22. juli-kortet kvar dag, for min del.

Vi treng AUF-arane no

Filmen har hatt innverknad på norsk politikk denne veka. Filmen har vore ei påminning om vår nye historie. Dei siste hendingane i norsk politikk, og åtaket med påstanden om at «Ap mener at terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet», er svært historielause. Samtidig kan ikkje Ap vere beskytta mot ein kvar form for kritikk. For korleis skal vi snakke om terror i dag når det er eitt parti i Norge som blei så hardt ramma?

På slutten av filmen blir det opplyst om at høgreekstremismen er på frammarsj i Europa. Terroren blei utført av ein 32 år gammal høgreekstremist frå Oslo.

Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) og Arbeiderpartiet (Ap) kan dra 22. juli-kortet kvar dag, for min del. Dei mista ungane sine for politikken sin. Og dei vil gjere alt for at noko slikt aldri skjer igjen. Heldigvis finst det AUF-arar som vil minne oss på dette. Om kva dei har vore ein del av. Og at dei enno er opptekne av politikk.

La oss håpe filmen er ein motivator for AUF-arar til framleis å halde på med politikk. For norsk politikk treng politikarar som blei ramma av terroren. Vi treng politikarar som har kjent terroren på kroppen. Vi høyrer mykje om korleis Utøya-overlevande har det. Om dei får den hjelpa dei treng i kommunane dei bur i. Om dei er i jobb eller studerer. Men eg vil høyre kva dei meiner. For norsk politikk treng dei. Vi treng dei i norsk politikk.

Les også

Nei, 22. juli-filmen kjem ikkje for tidleg

Les også

Filmmelding: «Verdig og sterk Utøya-film»


Publisert: