Drit i å lage svære arrangement

GJESTEKOMMENTAR: Dæ æ jabnå så dræge, også i kulturpolitikken.

Publisert: Publisert:

– Bruk oss lokale. Øyvind Rimbereid, biletet, ein av Noregs mest prisbelønte diktarar, sit oppe på Auglend ein plass og produserer poetiske råvarer av internasjonalt format på rogalandsdialekt. Tenk det, skriv Kristin Auestad Danielsen. Foto: Kristian Jacobsen

  • Kristin Auestad Danielsen
    Forfattar og dramatikar
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Her er seks råd frå ein råvareleverandør til politikarar og byråkratar som vil lære meir om korleis ein lagar vettug kulturpolitikk.

Drit i å lage svære arrangement

Min påstand er at store prestisje-arrangement er pengesluk de luxe med altfor høge administrasjonskostnadar. Hugs: Dæ e jabnå så dræge, også i kulturpolitikken. Leiv Johan Sevland blir gjerne litt rund i formuleringane sine når han snakkar om ringverknadane etter Stavanger 2008. Min påstand er at investeringane ein legg i store arrangement ikkje alltid har dei ringverknadane ein skulle tru. Ein sånn event er berre ein sånn event. Men året derpå når festen er slutt, så held korps fram med å spela, og kulturskulelærarane lærer gutar nye hip-hop-trinn og seksåringen tar fatt på «Fola fola blakken» på fiolinen sin for aller første gong, og ein av våre viktigaste forfattarar set seg opp på skriveloftet for å skrive sitt viktigaste dikt.

Ikkje tru at utlandet alltid er sinnsjukt mykje betre.

Ver kjedeleg

Fokuser på godt politisk handverk heller enn luftige tankar og visjonar. Eg håpar at konferansen Open Port på Tou Scene 26. oktober er jordnær og edrueleg, gjerne kjedeleg. Når politikarar blir for visjonære på kulturens vegne, så trur eg vi får dårlegare og kjedelegare kultur, og det blir eit større søkjelys på form enn innhald. Tørr å stå i bakgrunnen. Av og til verker det som om politikarar heller vil gi pengar til ting som dei sjølv kan klippe snorene over, som dei kan opne, bygg og store festivalar og messer. Tilrettelegg for langsiktige ordningar som støttar oss råvareleverandørar.

Bruk oss lokale

Politikarar, orienter dykk og hugs: Det er lov å ikkje ha peiling, men de er nøydde til å orientere dykk over feltet. Ver stolte over det vi har, det er godt nok i massevis. Ikkje tru at utlandet alltid er sinnsjukt mykje betre. Og dette seier eg ikkje for å vere provinsiell, eller at eg hatar utlandet, eller at eg er trongsynt. Men eg trur her kanskje skjuler seg eit slags mindreverdigheitskompleks når ein alltid skal kikke til utlandet. Hugs: Rogaland er også utlandet for alle andre enn oss som bur her. Bruk oss lokale! Ta kontakt! Ver nysgjerrig på lokale kunstnarar. Hald dykk oppdaterte på kven som er tildelte statens kunstnarstipend. Desse folka får betalt av staten for å drive med det dei er flinke til, og desse folka er ofte interesserte og har tid til å bruke sitt kunstnarskap positivt i sitt lokalområde. Øyvind Rimbereid, ein av Noregs mest prisbelønte diktarar, sit oppe på Auglend ein plass og produserer poetiske råvarer av internasjonalt format på rogalandsdialekt. Tenk det.

Eksponer kulturangsten

Mange slit med ein slags kultur-angst. Gjerne mot såkalla høgkultur. At vi er så snobbete og så elitistiske. Jammen, vi har også blindtarm og må til tannlegen. Vi må også sortere sokkar heime og betale bompengar. Her er det eksponering av kulturangsten som skal til. Hugs: Me kultur-folk er gjerne sosiale analfabetar. Så difor kan mange av oss verke litt rare i sosiale settingar. Men det er ikkje noko vondt i oss. Vi berre er sånn. Eg blir også stressa av å gå på opningar og premierar med vin og sånn. Hugs: Berre snakk om veret. Eller sei: Så fin bluse du har på deg. Eller: Idag var det jammen mykje kø på Motorvegen. Eller: Den fargen på det biletet der minnar meg faktisk om sofaen til oldemor. Eller: Kor er doen? Sånne ting.

Snakk om pengar

Hugs, me er så sinnsjukt fattige! Det er heilt sant. Gjer det billigare for kunstnarar i regionen å jobbe og lage kunst. For me hard-core kunstnarar slit som andre lågt betalte grupper når gjennomsnittsinntekta i regionen er så høg. I 2016 var gjennomsnittslønna i Stavanger kommune 538. 100 kroner. Ifølge ein rapport frå 2015 som var ein utredninga av kunstnarøkonomien låg den gjennomsnittlege inntekta frå kunstnarskapet på 185.000 kroner. Dette er eit gjennomsnittal som inneheld alle underbransjar, litteratur, musikk, teater, film og biletkunst. Kan du tenke deg kor lutfattige vi er? Korleis skal vi betale for å bu? Korleis kan kunstnarar også få lov til å forsørgje familiane sine? Sosialpolitikk er også kulturpolitikk. Å bry seg om korleis me råvareleverandørar faktisk har det i kvardagen, er også god kulturpolitikk. Sidan 90-talet er me kunstnarar blitt sjølvstendig næringsdrivande. Det betyr at dei fleste av oss fell utanfor mange trygdeordningar, som sjukeløn og pleiepengar.

Les også

Makt, penger og kunstnerliv; åpenhet om kriteriene for kunstnerstipend er nødvendig

Støtt og søk råd

Lytt til erfarne fjellfolk. La kunstnarane sjølve få lov til å vere visjonære og internasjonale. Gruppa bak prosjektrom Normanns fartar til LA titt som det er, tar med seg lokal kunst til junaiten og kjem heim igjen med fjonge amerikanarar i kofferten. Spør dei korleis dei har fått dette til? Spør dei om kva dei treng? Støtt opp og styrk institusjonane som vi allereie har. Eg trur at ein av grunnane til at Stavanger har gjort det så bra på samtidskunst, er rolla til Rogaland kunstskole. Rogaland får med denne skulen ein evig tilstrøyming av kunst-studentar bur her i byen, som gjer alt dei kan for å kunne produsere verdas beste kunst.

Publisert:

Les også

  1. Romeo og Julie på Rogaland Teater − igjen og på nytt

  2. Herlighet, kor vanskeleg kan det vere?

  1. Kristin Auestad Danielsen
  2. Debatt
  3. Kulturpolitikk
  4. Kunst
  5. Øyvind Rimbereid