Er konklusjonen etter koronaen at kultur­jobbar ikkje er like viktige som andre jobbar?

KOMMENTAR: Då den gradvise gjenopninga av hovudstad og land kom i gang, stod kulturlivet igjen langt nede på prioriteringslista.

Sånn såg publikum ut på årets Mabl-ish, på festival korona-style.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

I helga gjekk ein slags versjon av musikkfestivalen Mablis – Mabl-ish – av stabelen i Vålandsskogen i Stavanger. Ikkje heilt som i eit normalt år, men likevel. I staden for to scener, var det éin. I staden for tusenvis av folk ståande tett i tett i sola eller regnet, var publikum delt opp i tre kohortar à 200 stykke, som så sat i kvar sin tilviste sakkosekk.

Ifølgje rapportane frå helga fungerte det. Så langt har det ikkje kome meldingar om koronasmitte – som jo er blitt alle tings høgaste mål dei siste 15 månadane.

Mest avlyst

Mabl-ish skil seg frå dei fleste store musikkfestivalane i sommar ved at han i det heile tatt blei gjennomført. Palmesus i Kristiansand er avlyst, i år som i fjor. Det same er Øyafestivalen i Oslo og Bergenfest.

Sjølv om Norge er i ferd med å opna, er ikkje alt som før i kulturlivet. Så lenge det er smitteverntiltak, så lenge me må halda meteren, vil det ikkje vera økonomi i ei rekkje kulturarrangement. Om det var hyggeleg i Vålandsskogen i helga, er det ein ganske stor økonomisk forskjell på å ha 600 betalande tilskodarar og 5000 per dag.

Les også

Nå åpnes kulturlivet for alvor

Statleg støtte

Den einaste måten det har vore mogleg å halda eit minimum av aktivitet i kulturlivet det siste, kompliserte året, har vore gjennom statlege støtteordningar. Utan stimuleringsmidlar til gjennomføring og kompensasjonsordningar for avlyste arrangement – kombinert med NAV-pengar til arbeidslause frilansarar og næringsdrivande – ville det knapt vore noko kulturliv igjen til å arrangera konsertar og andre publikumsretta aktivitetar framover.

Så sjølv om kulturminister Abid Raja (V) har fått mykje kjeft frå kulturlivet for å ha vore for seint ute og for lite treffsikker med dei nasjonale støttetiltaka, er det verkelege målet på om han lukkast som kulturminister om det faktisk finst eit levande norsk kulturliv også etter pandemien. Dette blir det viktigaste bidraget til hans ettermæle.

Slik det nå ser ut, ser det meste av kulturlivet ut til å ha kome seg gjennom krisen. Det har vore hardt. Det har kosta dyrt. Mange har tapt mykje. Mange har vore fortvila. Men dei fleste har kome seg gjennom. Som i så mange andre samanhengar viser det seg å vera å lurt å ha blitt fødd og leva i eitt av verdas rikaste land – både på pengar og på tillit.

Låg sjølvtillit

Men på eitt punkt er eg spent på korleis sjølvbiletet og -tilliten i kulturlivet vil sjå ut etter pandemien. For var det eitt punkt som smerta ekstra – på tvers av frustrasjonen over økonomiske tap, arbeidsløyse og stadig skiftande og forvirrande koronareglar – så var det kjensla av at kultur tydelegvis ikkje var like viktig som anna arbeid.

Regjeringa har gjennom heile koronaen styrt etter ei tydeleg prioriteringsliste. Aller viktigast har sjølvsagt vore å hindra alvorleg sjukdom og død. Men så skulle barn og unge prioriterast. Deretter arbeidsplassar og næringsliv.

Etter kvart blei det tydeleg for mange av dei som har sin arbeidsplass i kulturlivet, at desse arbeidsplassane hadde mindre verdi enn næringar som til dømes var avhengige av å importera arbeidskraft frå utlandet. Ei arbeidsinnvandring som kanskje var viktig for økonomien, men som førte til importsmitte, som så stengde endå meir av samfunnet ned.

Kulturlivet la også merke til at mens dei kunne samla null, 20, 100 eller 200 menneske i eit rom, kunne Ikea og Biltema samla hundrevis av folk i sine butikkar. På eit visst tidspunkt kunne 70 gjester koma til Stavanger konserthus for å nyta ein betre middag i Spiseriet – men berre 20 personar samla seg i Fartein Valen-salen, der det er plass til 1400. I store delar av koronaperioden har ein kunna sitja tett på fly, tog og buss – men ikkje i teater, kino eller konsertsal.

Sist i prioriteringa

Og då den gradvise gjenopninga av hovudstad og land kom i gang, stod kulturlivet langt nede på prioriteringslista. Sjølv om det knapt er registrert smittespreiing på kulturarrangement. (Unntaket er to amatørkonsertar med barn og unge i Nøtterøy kulturhus i juni.)

Alt dette har fått mange som jobbar med kultur, til å lura på kvifor akkurat denne typen næring skulle prioriterast lågare enn alle dei andre. Og strengt tatt har det aldri kome veldig gode svar, bortsett frå ullent snakk om «det totale smittetrykket» og bladi bladi.

Med så sterke smittetiltak blei det også umogleg for det meste av kulturlivet å utøva den funksjonen dei kunne hatt både for enkeltmenneske og samfunn i ei vanskeleg tid. I staden for å tenkja nytt og modig om korleis ein kunne nå ut på nye måtar, var dei store, offentlege kunstinstitusjonane dei første til å stenga ned og permittera – mens små private aktørar tenkte digitalt. I staden for å vera arenaen for trøyst, underhaldning, refleksjon og perspektiv, forsvann kulturen i koronaens første fase – og er knapt tilbake når me nå nærmar oss slutten.

Til hausten blir livet meir normalt. Då kan kulturlivet kanskje prøva å klatra seg litt oppover på rangstigen igjen.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Det smilande makt­skiftet

  2. Blant dei som har stått fremst i kjefte­køen, er dei som nå skal ta over makta

  3. «Mangfald» er det nye moteordet – også i kulturlivet. Men korleis får ein det til utan å enda i den reine parodien?

  4. «Er det verkeleg val­kampen som får deg til å bestemma kven du skal stemma på?»

  5. Kulturjobbar er visst ikkje som andre jobbar

  6. «Såg du årets Oscar-utdeling? Ikkje eg heller»

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturpolitikk
  3. Kultur
  4. Musikkfestivaler
  5. Koronaviruset