To radikaliseringshistorier

GJESTEKOMMENTAR: For å motarbeida politisk ekstremisme, må ein kanskje leita etter ekstremistar sine fellestrekk, også når både ideologi og radikaliseringsprosessar er ulike.

«Som fenomen er politisk ekstremisme ein hydra, eit monster med mange hovud», skriv Øyvind Strømmen.
  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:

For nokre dagar sidan sa 22 år gamle John T. Earnest seg for andre gong skuldig i ei lang rekkje brotsverk. Slik unngår han dødsstraff for terroråtaket han gjennomførte 27. april 2019, då han gjekk inn i ei synagoge i Poway i California og skaut rundt seg.

Han drap ei kvinne, Lori Gilbert-Kaye, og såra rabbien Yisroel Goldstein og to andre, inkludert ein åtteåring, før han stakk av. Motivet? Kort tid før åtaket hadde han lagt ut eit slags manifest på nettet, i form av eit «ope brev» drypande av jødehat. Men det var ikkje berre jødar han retta hatet sitt mot. Ein månad tidlegare hadde han starta ein brann i ein moské i Escondido, eit par dryge mil nord for Poway.

Nettradikalisering

John T. Earnest hadde ikkje noko rulleblad frå før. Han var ein stille og forsiktig, ung mann som hadde gjort det svært godt på skulen, og som spela piano på fritida. Han hadde ingen kjente band til høgreekstreme grupper. «Korleis son vår vart trekt til eit slikt mørke, er eit skremmande mysterium for oss», har foreldra hans sagt.

Sjølv takka han for «raude pillar» han hadde funne på nettforumet 8chan, ei referanse til spelefilmen «The Matrix», der hovudpersonen får valet mellom ein blå pille som lét han leva vidare i illusjonen, og ein raud pille som vekker han opp til den eigentlege røyndomen. For 8chan var antisemittismen den raude pilla, – trua på ei verdsomspennande jødisk samansverjing som søkjer å utrydda europearar.

Den unge drapsmannen sitt manifest er også prega av internettkultur. Han syner til den svenske youtubaren PewDiePie, som han hevdar å ha fått hjelp av. Det er ei rein løgn, ei slags trolling. Han kjem med referansar til dataspelet Minecraft. Det er også ein slags spøk, ein gjengangar på 8chan, der det vart snakka om ymse ugjerningar «i Minecraft».

Dette har ein også i norske ytre høgre-forum: Filter Nyheter kunne i mai avsløra innhaldet på ein lukka kanal på samtaleappen Discord, ein kanal knytt til ytre høgrepartiet Alliansen. Der kom det blant anna «vitsar» som denne: «Har lyst å skyte alle sigøynere. I [M]inecraft så klart».

Historia om Earnest er ei historie om ein radikaliseringsprosess på nett, ein prosess som tilsynelatande har gått raskt. Det er også ei historie om folkemorderiske fantasiar: Earnest fantaserer om fleire antijødiske valdshandlingar som ein del av ein revolusjon.

John T. Earnest i retten i San Diego, California.

Folkemord

Laurdag trykte den belgiske avisa De Morgen ein skakande og viktig artikkel, der jesidiske kvinner fortel om korleis belgiske jihadistar levde ut sine folkemorderiske fantasiar. Jesidiane er ein gamal religiøs minoritet som av IS vart rekna som fritt vilt: Menn og gutar vart tekne av dage, kvinner vart gjort til slavar.

De Morgen har lukkast i å identifisera ein belgisk jihadist som hadde tre jesidiske kvinner som slavar. Det dreier seg om Sammy Djedou, som også skal ha vore involvert i planlegginga av dei grufulle terroråtaka i Paris i november 2015.

Djedou vart drepen i eit droneåtak i IS-hovudstaden Raqqa i 2016. Men korleis hamna han der i utgangspunktet? Han hadde belgisk mor og ein far frå Elfenbeinskysten, og han vaks opp som katolikk. Han vart radikalisert gjennom den såkalla Resto du Tawhid. Denne organisasjonen vart driven av den belgiske konvertitten Jean-Louis Denis og delte ut mat blant trengjande i Brussel. Samstundes formidla dei salafi-jihadistisk ideologi, og oppmoda dei tilhengjarar til å dra til Syria.

Den katolsk truande mora til Djedou hamna sjølv i politiet sitt søkjelys fordi ho hadde sendt betydelege pengebeløp til sonen.

Kva er felles?

Historiene til Earnest og Djedou er ulike. Earnest vart radikalisert på nettet, i møtet med ein giftig nettkultur. Djedou vart radikalisert offline, på gata.

Men i båe høva var det dei som heia fram ekstremismen. Då Earnest posta sitt siste innlegg på 8chan, med ei lenkje til manifestet sitt og til ein livestream (som ikkje fungerte), var det fyrste svaret ei melding om at han måtte gå for «high score» – les: å drepa flest mogleg.

Og Denis, som spela ei rolle i Djedou si radikalisering? Ei mor melde han til politiet etter at hennar mindreårige son drog til Syria. Domstolen fann ikkje bevis for at han hadde ytt materiell støtte til syriafararar, men han vart dømd for å ha spreidd jihadistisk propaganda via Resto du Tawhid. Han sona ei fengselsstraff på fem år. Etter å ha sleppt ut igjen i 2018, byrja han på ny med det som på overflata står fram som hjelpearbeid: Utdeling av mat og klede til fattige.

Som fenomen er politisk ekstremisme ein hydra, eit monster med mange hovud. I arbeidet mot ekstremismen er det viktig å forstå ulike ekstreme ideologiar. Men det er også viktig å leita etter forklaringane utanfor ekstremismen:

  1. Kva var det som gjorde at nettopp Earnest og Djedou vart radikaliserte?
  2. Korleis enda nettopp dei opp med å vera blant hydraen sine hovud?
  3. Korleis blømde valdsfantasiane deira til terror og til beint ut deltaking i folkemord?

Les også

  1. – Dei var kanskje åleine om terroren. Men dei var ikkje åleine på nettet

  2. I ly av motstand mot korona­restriksjonane nytta ytre høgre 17. mai til å samle folk

  3. – Element frå spelkultur og humor (!) er vesent­lege element i digital radi­kali­sering og mobi­lise­ring

  4. – Q-galskapen er verdt å merka seg, også fordi han er smittsam

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Øyvind Strømmen
  3. Folkemord
  4. Radikalisering

Mest lest akkurat nå

  1. «Glimt av gammel storhet – og masse rør og rot. Men det viktigste denne kvelden var kanskje ikke kvaliteten på Kristian Valens show.»

  2. Kvinne brukte superlim på naboens elbil-lader

  3. Et enkelt Messenger-spørsmål fra en slektning ble til et mareritt for Rune Nedrebø

  4. Hugger opp supplybåter på løpende bånd under E39

  5. Trafikkuhell i Hillevåg

  6. Da hun fikk påvist det arvelige genet, fikk hun valget. For henne var det aldri et spørsmål.