Stoltenberg og dei

KOMMENTAR: Sett frå utsida, frå denne kanten av landet, ser det ganske enkelt ut: Jens Stoltenberg bør ikkje bli sentralbanksjef i Norge.

Jens Stoltenberg talar på Ap’s landsmøte i 2019. Jonas Gahr Støre og Gro Harlem Brundtland til venstre.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Dette kan eg ikkje så mykje om. Eg har i grunnen berre lese meg til kva som er viktig for Sentralbankens tillit og omdømme, og då verkar det veldig rett fram og enkelt å forstå:

Sentralbanken skal passa på at pengeverdien i Norge held seg stabil, fastsetja renta, passa på at vi ikkje drar på oss for mykje gjeld, eller at inflasjonen tar heilt av. For at marknaden skal stola på dette, blant anna på at renta blir sett ut frå veldig kjedelege, økonomiske, langsiktige omsyn, er det viktig at alle ser at Sentralbanken (Norges Bank) er eit uavhengig, sjølvstendig organ.

Sentralbanksjefen er også styreleiar i styret for oljefondet vårt, som jo er heilt hårete stort, og dermed svært interessant som investor. At det får politiske konsekvensar rundt forbi, når Oljefondet gjer eller ikkje gjer investeringar, er ikkje vanskeleg å sjå. Men dei investeringane er det Nicolai Tangen som gjer. Så skal styret og styreleiar passa på at han gjer jobben skikkeleg, slik styre skal. Også dei investeringane skal skje på god avstand frå sitjande politikarar.

Tenk på Jens Stoltenberg

Han har vore statsminister for Ap i åtte år. Han er den viktigaste leiaren dei har hatt etter at Gro Harlem Brundtland trekte seg. Han er svært synleg. Vi ser han som Nato-sjef, men også som statsmann og arbeidarpartipolitikar.

Det er det ingenting galt med. Utover at det må vera svært vanskeleg å få folk i inn- og utland til å sjå Jens Stoltenberg utan å tenkja politikk.

Siv Jensen, tidlegare finansminister (Frp), Tina Bru (H), Kari Elisabeth Kaski (SV), Sveinung Rotevatn (V) og Erna Solberg (H) er blant dei som på ulike måtar har peika på dette: Det er avgjerande for tilliten til Sentralbanken at også sjefen der først og fremst er uavhengig, for alle som ser han.

Ingen av desse politikarene skal vera med å behandla dette, det er regjeringa sitt bord. Og Finansdepartementet har altså bedt både Jens Stoltenberg og Ida Wolden Bache om å søkja. Sistnemnde er nå assisterande sentralbanksjef.

Dagens Næringsliv og Aftenposten meiner det ikkje vil vera klokt å setja Stoltenberg i den rolla. Det same har Aftenbladet meint.

I avisa Nordlys synes Skjalg Fjellheim nå at så mange der nede i Oslo er kritiske, og så mange av dei lener seg over mot høgre i politikken, at det må vera snakk om eit Stoltenberg-kompleks. Det er ein kampanje, seier Fjellheim til Dagsnytt 18, og etterlyser på rørande vis tvisyn, nyansar og gråsoner. «Det vil være en fallitt for landet vårt hvis vi ender opp med at den viktigste kvalifikasjonen for å bli ny sentralbanksjef i Norge, er å ikke være Jens Stoltenberg», skriv han.

Så mykje for det tvisynet. Eller nyansane.

Øyre-halding som kvalifikasjon

Hanne Skartveit, politisk redaktør i VG, som også er ei ganske borgarleg avis, ville eg sagt, gjekk alt i september inn for Stoltenberg. Skartveit meiner Stoltenbergs internasjonale politiske kompetanse og erfaring er viktig for å halda Nicolai Tangen i Oljefondet i øyrene. Eg veit ikkje heilt om Tangen treng å bli halden hardare i øyrene enn det som er vanleg for sjefar, men Skartveit meiner det. Og ser Stoltenberg som vår beste, anten det gjeld tilstrekkeleg tilskrudd øyrehalding, påpassing av at Oljefondet ikkje blir brukt politisk, eller å passa på pengane våre, rett og slett. Dagsavisen, på si side, har meint at sjølv om Ida Wolden Bache formelt er best kvalifisert, må likevel Stoltenberg få jobben.

Oppi alt dette høyrer vi lite om Wolden Bache. Det kan jo vera jobben som assisterande sentralbanksjef også har gjort henne til ein sterk øyrehaldar, skulle det bli nødvendig i jobben som landets viktigaste pengepassar.

Blankpussing

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er nær venn av Jens Stoltenberg, som også var den som henta Støre inn i politikken og løfta han fram. Støre har meldt seg inhabil, men stemmesurret stig. Kven var på middag heime hos Knut Brundtland, kva blei sagt då Støre og Stoltenberg gjekk tur? Og har verkeleg ikkje finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) diskutert dette med statsministeren, før Stoltenberg og Wolden Bache blei bedt om å søkja jobben?

For meg verkar dette ennå enkelt: Det må vera heilt glasklart for alle at sentralbanksjefen vår ikkje har politiske bindingar. Då kan ikkje Jens Stoltenberg vera sentralbanksjef.

Sånn er det, alt før vi har lagt til det med at han er nær venn av sitjande statsminister, og at dei har jobba tett saman øverst i toppen av same parti. Han ville heile tida måtta pussa og pussa på det der som skal vera glasklart for alle, heile tida overbevisa om at det er det. Og den dagen Norges Bank av gode, kjedelege grunnar held renta nede, samtidig som det tilfeldigvis gir Ap drahjelp for å vinna eit val, kan den glaspussinga bli så intens at det får sjølv renta til å vakla. Eller i det minste tilliten til Sentralbanken. Det går jo ikkje, det. Blankpussing kan ikkje vera ein del av jobben til ein sentralbanksjef.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Kor stor og sterk skal Stavanger kommune gjera seg i møte med sårbare «Nora»?

  2. – Sjå for meg Jens Stolten­berg utan å ten­kja poli­tikk? Det går ikkje

  3. Den einaste vegen ut av pandemien kan ikkje vera at alle må marsjera i same takt og sjå i same retning. For kven er vi då?

  4. «Det er grenser for kor mykje risiko vi kan fjerna, før vi blir ståande heilt stille. Og det gjeld ikkje berre koronarestriksjonar»

  5. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  6. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Jens Stoltenberg
  3. Norges Bank
  4. Jonas Gahr Støre