Ei avgift for natur­inngrep vil gje innsikt i faktisk kostnad ved tap av natur

GJESTEKOMMENTAR: Uhilda og interessefri kunnskap må ligge til grunn for avgjerder om naturinngrep.

Både snøugla, vipa, grønfinken og hettemåka er på lista over kritisk truga artar i Noreg. Heile 93 av 234 fugleartar (40 prosent) – er i varierande grad truga av utrydding. På Svalbard er det verre, 19 av 34 artar (56 prosent) er på raudlista.
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Som folkeferd sit nordmenn i sanning på ei gyllen grein. Rikdommen har fleire kjelder, men det er ikkje til å kome unna at mykje kjem frå naturen. Nær sagt kor ein snur seg her til lands, ved kysten, på havet, i skogen eller på fjellet, kan ein kjenne nærleiken til naturen og alt han har å by på.

Naturen har mykje å by på …

På den eine sida kjem naturen med materielle verdiar i form av naturressursar, som kan utnyttast til verdiskaping og sysselsetting. Blant ufornyelege ressursar finn ein olje, gass og mineral. Desse let seg vinne ut, men berre éin gong. Når gruva er tømt, er det heile over. Ressursverdien er borte for alltid. For fornyelege ressursar som fisk, skog og fossefall, er det annleis. Slike ressursar tek i prinsippet aldri slutt, og forsyninga kan halde fram i all æve. Men berre om dei blir forvalta på godt og berekraftig vis.

På den andre sida kjem meir immaterielle verdiar av naturen i seg sjølv, med mindre handfaste, men vel så kostbare kvalitetar. For oss alle gir naturen kjærkomne høve til å kome seg bort og vekk, for avkopling, rekreasjon og fysisk aktivitet. Naturen er aldri stengt, ventar ikkje på nokon, har ingen forventningar og går aldri sur. Som god svevn reinsar han tanken, klarar synet og styrker sjølvkjensla. Men medan svevnen kan vere ein trulaus følgjesvein, er naturen ei kjelde som aldri sluttar å gje.

… men no står naturverdiane på spel

Det finst dermed eit vell av grunnar til å ta vare på naturen. Ikkje desto mindre er det fare på ferde. For naturen er på retrett, globalt, nasjonalt og regionalt. FN sitt miljøpanel har lenge åtvara mot store tap av artsmangfald og redusert biodiversitet. Her heime blei akkurat raudlista oppdatert, med bod om at kvar femte art i Noreg no står i fare for å døy ut. At til dømes villaksen no står på lista over truga artar, er eit nederlag for norsk naturforvaltning. Og me har ikkje så mykje anna enn menneskeleg aktivitet å skulde på.

At omfanget av urørt natur er tynna ut i løpet av dei siste tiåra, er no ei sak, – men i takt med den økonomiske veksten, held inngrepa ufortrødent fram. Utviklinga lèt seg korkje bremse eller stoppe. Presset mot naturen representerer ei utfordring på linje med klimautfordringa. Og ein kan ikkje lukkast i å legge til rette for ei berekraftig utvikling med mindre ein møter begge desse utfordringane på same tid.

For det store fleirtalet av inngrep i natur og landbruksjord er det i praksis ingen veg tilbake. Tenk på vegar og tunnelar, vindparkar og kraftlinjer, næringsparkar og kaianlegg, bustadar og hyttefelt. Det er berre i heilt sjeldne unntakstilfelle at slike utbygde område blir ført tilbake til noko i nærleiken av opphavleg tilstand. Meir vanleg er det at den gamle vegen blir liggande, i tillegg til den nye. Eller at bygg og anlegg blir forlatne utan restaurering. Dermed går det berre éin veg, og den vegen peikar beint nedover for naturen.

Les også

Hein Berdinesen: «Lokaldemokrati eller artsmangfold?»

Sett ein pris på naturen!

Om ein verkeleg ønsker å bremse eller stagge tapet av naturverdiar, talar mykje for strammare regulering frå politisk hald. Ei klar utfordring er at kostnadane for samfunnet ved tap av natur ikkje går inn i private interesser sine kalkylar av overskot og lønsemd. Ein stad å starte kunne difor vere å sette større pris på naturen, – bokstaveleg talt. Til dømes kunne ein innføre ei naturavgift for prosjekt som fører med seg naturinngrep, slik at private investorar kunne ta inn over seg den faktiske kostnaden ved tap av natur.

I omgangen med ny aktivitet som inneber naturinngrep og miljørisiko, burde ein vidare vurdere å styrke det såkalla føre-var-prinsippet, som allereie er nedfelt i naturmangfaldlova. Ein grunn til dette er at naturinngrep ikkje lèt seg gjere om. Når ein først har gått til verks, finst det ofte ingen veg tilbake. Å vente med å gjere eit naturinngrep vil difor i seg sjølv ha ein eigenverdi. Og verdien av å vente vil stige desto større uvissa er rundt inngrepet. Auka uvisse tilseier dermed atterhald med nye inngrep.

Les også

Bård Vehar Solhjell: «Det store sjansespelet med naturen»

Balansar utbygging og interesser

Andre har foreslått arealnøytralitet som eit nytt mål for naturforvaltinga. Det betyr at ein først og fremst skal bygge i område som allereie er påverka. Og om det finst gode grunnar til nye naturinngrep, så må ein kompensere gjennom av tilbakeføring av eit tilsvarande areal til opphavleg tilstand. Det betyr at om ein skal bygge ein ny veg, så må den gamle vegen, eller eit anna passande areal, førast tilbake til naturkvalitet.

Vidare må det bli slutt på at den som vil ha gjennomført eit inngrep, også er den som har ansvaret for konsekvensutgreiingane. Dette gir særs uheldige insentiv til overvurdering av gevinstar og undervurdering av miljørisiko og andre potensielle skadeverknadar. Då blir naturen taparen. Uhilda og interessefri kunnskap må ligge til grunn for avgjerder om naturinngrep. I vurderinga av miljørisiko bør ein legge mindre vekt på vurderinga frå prosjekteigar, og meir vekt på analysar og fråsegner frå uavhengige forskings- og ekspertmiljø.

Stor rikdom på naturressursar har ført med seg høgt forbruk og lågt medvit rundt konsekvensane av inngrep og utbygging i norsk natur. Ettersom stadig meir natur er bygd ut, og natur har blitt ein knappare ressurs, er det på høg tid å stramme livreima. Ei strammare forvaltning av norsk natur bør, i tida som kjem, vere driven av høgare verdsetting av naturen, av ei meir utprega føre-var-haldning, – og ikkje minst av uhilda kunnskap om risiko og skadeverknadar.

Følg på Twitter: @mohnitor

Publisert: