Er du digital om du les avisa på nettbrett?

KOMMENTAR: Ei hand i været dei som brukar helgar, feriar og kveldar på å hjelpa eldre slektningar med å få ruterar, pc-ar, fjern­kontrollar og nett­bankar til å verka?

Mange menneske kjenner seg sette på sidelinja i den digitale verda, og det gjeld ikkje berre dei gamle.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

It-støtte er blitt ei stadig viktigare oppgåve for pårørande. Men snart er vel desse som luskar i utkanten av den digitale landsbyen historie? Tru om igjen. Digital utanforskap er og vil bli ei utfordring i samfunnet. For det er ikkje berre grandtante Magda på nitti, husmor Beate på 70 eller kassamann Kåre på 50 som kan kjenna på avmakt i møtet med det digitale hurtigtoget som har fått ny fart under pandemien. Roger på 22 kan vera ein racer på Snapchat og dataspel, men likevel ute av stand til å fylla ut eit digitalt Nav-skjema. Ein universitetsprofessor kan kanskje senda e-post, men ikkje leggja lenker inn i ein tekst eller bestilla ei reise på nett.

Les også

Ikkje døy som ein prektig tørrpinn

Les også

Etter pandemien blir alle bygdefolk

Digitale blindsoner

Dette har to kvinner frå Ryfylke tatt konsekvensen av. Hege Fiskå og Ingvild Erøy Prestårhus har utvikla digihjelp-selskapet Kakadu. Selskapet vil gi den enkelte høve til å lære akkurat så mykje eller så lite som han eller ho treng for å meistre sin kvardag. Verksemda skal mellom anna laga tenester til privatpersonar som treng meir kunnskap om dei digitale løysingane som omgir liva våre, både når det gjeld helsetenester, bank-kontakt, skatteopplysingar, kontakt med slekt, eller rein underhaldning.

Kongstanken er å samla all relevant kunnskap på ei nettside, slik at folk ikkje slik som i dag må leita rundt på eit mylder av sider, med meir eller mindre gode råd. Kakadu fekk i haust nærare 3 millionar kroner frå Helsedirektoratet til å utvikla ei slik hjelpeside.

3 prosent, eller 130.000 av vaksne i Norge, brukar ikkje internett, smarttelefon, nettbrett eller pc. 600.000 menneske, 14 prosent av nordmenn frå 16 år og oppover, har ifølge Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse så svak digital kompetanse at dei står i fare for å bli utestengde frå samfunnslivet. Det viser ei kartlegging som blei presentert i fjor. Det er både eit demokratisk og eit sosialt problem, som også kan utfordra velferda.

To grupper peikar seg ut, eldre og folk med lågare utdanning. 80 prosent av dei ikkje-digitale er over 60 år. Du blir definert som ikkje-digital om du ikkje brukar datamaskin, nettbrett, smarttelefon eller internett. Personar med svak grunnleggjande digital dugleik likeins.

Blant dei med lågare utdanning finn ein også mange som tener lite og ikkje arbeider. Rapporten viser at det finst ei gruppe ikkje-digitale menneske i yrkeslivet også. 5 prosent av dei sysselsette og 5 prosent av dei med høgare utdanning er ikkje-digitale. Men talet går nedover. Dei siste ti åra har delen ikkje-digitale gått ned frå 24 prosent i 2010, til 14 prosent i 2020.

Ifølge rapporten er det ikkje grunn til å venta at delen ikkje-digitale av seg sjølv vil bli så mykje mindre enn han er no. Viss krava og samfunnsutviklinga held fram på same måte, vil også kva me reknar som grunnleggjande digital dugleik auka tilsvarande. Det betyr at folk heile tida må læra seg noko nytt.

Les også

Kven ringer barnehagen først når barnet spyr? Mor eller far?

Les også

Vågar du seia ja til ein journalist på ein dårleg hårdag?

Folk hjelper folk

Dei digitale blindsonene i Trondheim blei svært synlege tidlegare i haust då byens busselskap la om betalingssystemet. Reisande som hadde pengar til gode på det gamle betalingskortet, kunne få desse refundert på nett, men det var det mange som ikkje fekk til. Dermed blei det lange køar utanfor busselskapet sitt kundesenter av folk som trong hjelp av eit fysisk menneske med å få tilbake pengane sine.

Solberg-regjeringa la i september i år fram Digital hele livet, ein strategi for auka digital deltaking og kompetanse blant innbyggarane. Nav og kommunesektorens organisasjon KS er også blant dei som tek grep mot digitalt utanforskap. KS har utvikla Digihjelpen, ei digital netthandbok til kommunar som ønsker å auka den grunnleggjande digitale kunnskapen blant innbyggarane sine. KS har laga ein definisjon på kva det vil seia å ha grunnleggjande digital kompetanse. Denne definisjonen omfattar alt frå nettvit, personvern, til bruk av offentlege tenester.

Tilsette i norske bibliotek møter dagleg mange av dei menneska som treng digital hjelp. Bibliotekar Helge Risvand ved Sølvberget bibliotek i Stavanger fortel at ein del treng hjelp til å logga seg inn med bank-ID eller ønsker å få printa ut eit koronapass, eller andre dokument frå mobil eller pc. Andre treng hjelp til skanning av QR-kodar. Ifølge Risvand er det svært mange ulike typar menneske som treng digital hjelp. Alle set pris på å få hjelp av eit anna menneske.

Les også

Heidi Hjorteland Wigestrand: «Telefonsal bør bli forbode!»

Les også

Tomt i reiret? Kva med ein attpåklatt?

Ei vennleg portvakt

Innvandrarar utgjer ei stor gruppe, desse har også meir enn folk flest trong for meir kontakt med byråkratiet og treng difor noko til å rettleia dei i systemet. Ein arbeider difor tett med ulike innvandrarorganisasjonar i bydelane, opplyser Jelena Usken ved Sølvberget. I opplæringa for denne gruppa går digital kunnskap og samfunnskunnskap hand i hand, for at ein skal kunna gjera seg nytte av tenester som ein valomat eller helsenorge.no. Sølvberget har digihjelp-kurs fire kveldar i veka. Ønsket er å nå endå breiare ut, for ein veit at mange har digitale utfordringar, men ikkje søker hjelp, seier Risvand.

Han trur aldri digihjelpa vil kunna fasast ut på biblioteket. Å vera ein digitalt innfødd er eit flytande omgrep, for det vil alltid dukka opp nye system å setja seg inn i. Dette gjer at somme fell ut, eller ikkje orkar alt nytt. Me skal difor vera glade for at biblioteka er ei vennleg og hjelpsam portvakt rundt den digitale landsbyen som mange ennå kikkar inn i på ærbødig avstand.

Publisert: