Ny regjering: Høgst risikabel aleinegang

KOMMENTAR: Sentrum er dødt. Lenge leve sentrum.

Publisert: Publisert:

KrF-leiar Knut Arild Hareide og V-leiar Trine Skei Grande vil begge råka ille ute dersom dei to partia skil lag i regjeringsspørsmålet, skriv kommentator Jarle Natland. Foto: NTB / NTB scanpix

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

No med sørgjeleg uavklarte samarbeidstilhøve på såkalla borgarleg side, er det atter passande å sitera eit mantra frå den gamle heidersmann og Høgre-høvding Jan Peder Syse: "Vi må henge sammen eller bli hengt hver for oss".

Ord å legga seg på sinnet for Venstre og KrFs stortingsgrupper som samlast i desse dagar.

Syse var statsminister 1989-1990. Han leia ei borgarleg mindretalsregjering beståande av Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Syse hadde klokkartru på borgarleg samarbeid. Men prosjektet hans grunnstøytte kort tid etter på EU-striden.

Brubyggaren

Sjølv var han oppteken av å bygga brei tillit mellom partia. Ikkje minst difor vart han inderleg skuffa då Anne Enger Lahnstein (Sp) på direkten på TV peika på Gro Harlem Brundtland (Ap) som landets neste statsminister.

Les også

Fullt hus under Frp-satirisk boklansering

Les også

Ferdig på Stortinget – sjekk hvem som skal bygge fly

Les også

KrF-topp: – Ikke mulig å regjere med Frp

I 1997 danna Sp, KrF og Venstre ei ekte sentrumsregjering med Kjell Magne Bondevik (KrF) som statsminister. Bondevik I-regjeringa vart felt på gasskraftverk-saka av mellom anna Ap og Høgre våren 2000. Sidan har Senterpartiet etablert seg tydelegare på venstrefløya i norsk politikk, mellom anna med åtte år i raud-grøn fleirtalsregjering. Dei to andre sentrumskameratane, KrF og Venstre, har halde saman og lent seg trygt til Høgre – men også teke konsekvent avstand frå Framstegspartiet.

Flykta til begge sider

Hausten 2017 ser ut til å vera den endelege avskjeden med sentrum i norsk politikk, slik me har forstått det før. Allereie få timar etter at vallokala var stengde førre måndag, såg me Venstre-leiar Trine Skei Grande i tilsynelatande hjarteleg passiar med Frp-leiar Siv Jensen på Stortinget.

KrF-leiar Knut Arild Hareide var langt meir tilbakehalden, tydeleg prega av å ha leia partiet fram til det dårlegaste valresultatet sidan andre verdskrig. Tidlegare KrF-leiar Valgerd Svarstad Haugland har gode poeng i si oppsummering av nederlaget: Kjerneveljarane rømde både til høgre (Høgre og Frp) og venstre (Ap og Sp) av frykt for kva retning KrF ville venda seg.

No er Venstre-leiinga innstilt på å prøva ein ny strategi etter fire år som borgarleg støtteparti. KrF-leiinga er like tydeleg på at nokon Nydalen II-avtale ikkje kjem på tale og står fast på landsstyrevedtaket frå november i fjor om nei til å regjera med Frp, "av respekt for de politiske forskjellene".

Nådelaust oppgjer med Venstre

Dagsavisen-kommentator Hege Ulstein gjekk nådelaust ut mot det ho omtala som Venstre-hykleriet sist helg. Den kristne dagsavisa Vårt Land tilrår på leiarplass at Venstre slår følgje med KrF i opposisjon. Men det er liten grunn til å kjefta på Venstre for å ville gjera det beste ut av dei rådande tilhøve som det heiter.

Politikk handlar ikkje berre om det mogleges kunst, men om makt og ikkje minst vilje til makt. I fire år har Venstre og KrF vore støtteparti for dei blå-blå med vekslande utteljing og mykje kritikk undervegs. Det er naturleg at landets eldste parti ønskjer å koma i regjeringsposisjon att, for første gong sidan Bondevik II-regjeringa. Den gong hadde Venstre berre to mandat på Stortinget og fekk veksla dei inn i tre statsrådar.

I kompaniskap med Høgre og Frp blir Venstre ein opplagt juniorpartnar.

Kristeleg Folkeparti utanfor vil vera på vippen i ei opposisjonsrolle som fort gjer livet uhaldbart for ei borgarleg mindretalsregjering.

Høgre-leiar Erna Solberg meiner garantert alvor med at ho ønskjer breiast mogleg borgarleg samarbeid i regjering. I Frp vil det derimot bli felt få tårer dersom "mikropartia" skulle snubla ut av norsk politikk neste fire år.

Alt å tapa

Venstre og KrF har alt å tapa på å skilja lag. Begge sentrumspartia har i realiteten vore trygt plassert på borgarleg side i mange år. Ingen av dei har veljarar å henta på å byrja å vingla.

For dei to partia, for regjeringa Solberg II og til og med for landets del ville den beste løysinga ha vore så pragmatisk som at begge partia la vekk allergien mot å regjera saman med Framstegspartiet og gjekk inn for å gjennomføra mest mogleg av eige program.

Venstre og KrF ville saman i regjering kunne utgjort ein reell motpol til dømes til deler av Frp-politikken og -retorikken. Det ville ha vorte ei langt meir sentrumsorientert styring med meir vekt på fordeling, klima- og miljøpolitikk og verdispørsmål enn på til dømes sentralisering og nye skatteletter.

Eg ser for meg Hilde Frafjord Johnson (KrF) som ny utanriksminister, Knut Arild Hareide (KrF) som kommunalminister og Trine Skei Grande som kunnskapsminister. Rabulisten Abid Raja (V) kunne ha vorte justisminister med overordna ansvar for vår tverrpolitisk nedfelte strenge innvandrings- og flyktningpolitikk. Så legg me omstridd integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) inn i hans portefølje.

KrF-leiar Knut Arild Hareide i duett, eller var det duell, med Sylvi Listhaug (Frp). Foto: Audun Braastad/ NTB scanpix

Det hadde vore ei spennande og truleg levedyktig fleirtalsregjering, sjølv om det politiske spennet hadde vore stort – i norsk målestokk, vel å merka.

Diverre tyder lite på at mi altfor enkle og svart-kvite løysing vinn gjennom.

Signala peikar heller mot at Venstre og KrF kan skilja lag.

Venstre på eigenhand i regjering med Frp vil vera ein sjanseprega seilas aldri sett før i norsk politikk. KrF har lite og ingenting å henta på å støtta opp om Solberg-prosjektet dei neste fire åra, men endå mindre å henta på å velta ei borgarleg regjering med ein populær statsminister.

Norske veljarar likar ikkje uro. Jens Stoltenberg vart kasta ut av regjeringskvartala hausten 2001 etter å ha felt Bondevik I-regjeringa året før. Då enda det med dårlegaste valresultatet Ap har hatt i moderne tid.

Knut Arild Hareide har effektivt malt seg inn i eit hjørne, ein garantert tap-tap-situasjon.

Greier han å tenka ut av boksen no i trengselens tid?

Ei mogleg løysing er at KrF følgjer Venstre inn i regjering, ikkje no, men før kommunevalet 2019.

Publisert:

Les også

  1. Røde partier sliter over hele Europa

  2. Frp-kilde: Samarbeid forutsetter at Listhaug får fortsette

  1. Knut Arild Hareide
  2. Trine Skei Grande
  3. Politikk
  4. Stortingsvalg