Verdas beste tid er nå

KOMMENTAR: Mens verda snublar vidare mot, ja, gudane veit, er det kanskje verdt å minna seg sjølv på at me lever i verdas beste tid.

Publisert: Publisert:

Det blei Macron, ikkje Le Pen, som vann presidentvalet i Frankrike i 2017. Og i Burkina Faso har forventa levealder gått opp frå 34 til 59 år frå 1960 til 2015. Foto: Philippe Wojazer, Reuters/NTB Scanpix

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Godt år, ja. Nå går jo alt til helvete: I Amerika sit det stabile geniet og ser høgreorientert kabel-tv med sin kjempestore atomknapp. Isolert i Nord-Korea sit ein stuttjukk rakettkamerat med sin (vesle?) atomknapp. Begge lever i kvar si alternative verd. Gudane må vita kva dei kan finna på.

På strendene skyl det i land daude delfinar og kvalar fulle av plast, som ein illustrasjon på kor spinngale det står til med miljøet. På nettet fløymer det over av verbal dritt, hat og marakkels − er det sånn me tenkjer om kvarandre nå?

Rundt om i verda er det plutseleg dei autoritære, ikkje dei liberale, som er i vekst og framgang. Ekstremismen breier om seg. Og kva med krigane i Syria og Jemen? Eller svolt, tørke og naud, flyktningestraumar og mental og faktisk murbygging? All den generelle forjævligfiseringa. Alt dette som får oss til å rista på hovudet og utbryta at «det har aldri vore så gale som nå», og hausta anerkjennande nikk.

Men stemmer det?

2017, verdas beste år

Eg får ila til og tilstå at denne teksten er kraftig inspirert av ein kommentar eg las i New York Times her om dagen. Eg driv vanligvis ikkje med optimisme og positivitet, eg er meir av den, eh, realistiske typen, som ser mørkt/realistisk på det. Men nettopp derfor kvapp eg då eg såg tittelen «Why 2017 Was The Best Year In Human History». For 2017 var då eit forferdeleg år i menneskets historie?

Artikkelforfattaren Nicholas Kristof − som har jobba mykje med krig og konflikt, menneskerettsbrot og trøbbel, og som i november kom heim frå Nord-Korea, skremt og nervøs av det han såg − viser til at trass i alle dårlige nyhende, er det framgangen og betringa som gjeld på heilt grunnleggjande og omfattande område i verda:

  • Kvar dag går talet på folk som lever i ekstrem fattigdom (mindre enn to dollar dagen) ned med 217.000.
  • Kvar dag får 325.000 nye menneske tilgang på elektrisitet. 300.000 får tilgang på reint drikkevatn.
  • Fram til 1960-talet var eit fleirtal av jordas befolkning analfabetar og levde i ekstrem fattigdom. Nå er 15 prosent analfabetar, mens mindre enn 10 prosent lever i ekstrem fattigdom. Held utviklinga fram som i dag, er begge delar utrydda om 15 år. Etter tusenvis av år med elende, skjer dette altså i vår tid.
  • På 1950-talet levde dei fleste på jorda i diktatur, to av tre foreldre opplevde å mista eit barn før fylde fem år, det var både kald og varme krigar, svoltkatastrofar og kvinner hadde knapt rettar. Og du kunne i alle fall ikkje vera homofil.

Lange linjer

Kristof har lese ei komande bok av den verdskjende evolusjonspsykologen Steven Pinker, og nettsida Our World in Data til den tyske Oxford-økonomen Max Roser. Litt som avdøde Hans Rosling, analyserer Roser dei store og lengre utviklingstrendane, og finn altså piler som peikar oppover, ikkje nedover. Ta levealder: Før rundt år 1800 kunne eit menneske på jorda rekna med å bli rundt 30 år. I dag nærmar den globale levealderen seg 70 år. Ikkje bare fordi langt, langt færre barn enn før døyr før dei blir fem, men også fordi helsetenester, velstand og velferd har gått opp. Dette gjeld ikkje bare i rike, vestlege land som Norge, men også i den fattige delen av verda. I 1951 kunne du rekna med å bli vel 33 år om du blei fødd i Etiopia. Blei du fødd i 2015, kunne du rekna med å bli 65.

Roser er oppteken av å gå bak medienes dag til dag-rapportering om dramatiske hendingar, som han meiner gir eit skeivt bilete av verdas eigentlege tilstand og utvikling. Der har han nok eit poeng.

Konfliktorientering

Noko av skulda for det pessimistiske synet på korleis det står til ligg åpenbart på oss i mediene. Men sånn er det altså: Journalistikk er i sin natur konflikt- og problemorientert, slik også politikken er. Nyheiter er rapportar om avvik og uvanlege hendingar. Me lagar ikkje saker på alle dei milliardane av menneske som blir fødde, lever heilt vanlege − og stadig lengre − liv, og så døyr ein naturleg død, men på den promillen som døyr under dramatiske omstende. Men skriv ikkje om alle flya som tek av og landar, bare om dei forsvinnande få som styrtar. (2017 var det sikraste året i moderne, kommersiell luftfart.) Me skriv ikkje om alle dei stadene i verda der det er fred, harmoni og fint vêr, men om stadene der det er krig, trøbbel og naturkatastrofar. Me skriv ikkje om alt det som går etter planen, alt det som går framover, men om når det skjærer seg og blir dramatisk.

Som den, ehm, realisten eg er, må eg innrømma at eg for eitt års tid sidan var ganske usikker på om eg kom til å sitta her eitt år seinare. Det uhyggeleg deprimerande 2016 låg bak oss, med valet av Donald Trump og Brexit. Nå såg det ut til å gå mot høgrepopulistiske sigrar i vala i Nederland og Frankrike, og verdas undergang med Trump ved roret. Slik gjekk det ikkje. Tvert om. Det blei Macron. Trump har ikkje fått gjort stort. Det folkelege engasjementet, dei gode kreftene, reiser seg i både USA og Europa.

Dermed må det vera mulig å håpa på at me sit her også om eitt år. Og at 2018 viste seg å bli det beste året i menneskets historie. Med 2017 på 2. plass.

Les fleire kommentarar av Jan Zahl:

Publisert:

Les også

  1. Bør ein fiksa det som verkar?

  2. Cruise-turismens paradoks

Mest lest akkurat nå

  1. Fire nye koro­nasmit­tede i Stavanger – ett av tilfel­lene har ukjent smitte­kilde

  2. XXL Forus-ansatt har fått korona – kommunen ber kunder følge med på symptomer

  3. Over 30 prosent utvikler ikke symptomer på korona: – De går under radaren

  4. Jenter skulle rekke toget - endte med å stanse togtrafikken i Stavanger

  5. I kjøkken­skapet finnes mel som trolig er over 50 år, kaffe av litt nyere dato og servise med Telever­kets logo på

  6. Fortsatt ingen kontakt mellom partene – busstreiken trappes opp til Roga­land lørdag

  1. Klimaendringer
  2. Donald Trump
  3. Nord-Korea
  4. Brexit
  5. USA