Forsking til å stola på?

KOMMENTAR: Norske forskarar står i kø for å finna ut korleis barnehagebarn skal bli flinkare på skulen. Det verkar ikkje akkurat sjølvstendig.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

«Tidleg innsats» er Solberg-regjeringas viktigaste satsing for skule. Men kva er fornuftig tidleg innsats? Foto: Vegard Wivestad Grøtt, NTB Scanpix

Barn gjer det betre i språk- og reknetestar på skulen, når dei har gått i barnehagar der det jobbar menn. Det har forskarane Nina Drange og Marte Rønning i Statistisk sentralbyrå (SSB) funne ut.

Det var den einaste faktoren dei fann som gjorde ein forskjell − kor mange i barnehagen som hadde utdanning, ga ingen utslag i deira tal.

Om det er noko med menn i seg sjølv, som gjer utslaget, eller om det er noko med dei barnehagane menn søkjer seg til, kan ikkje forskarane seia noko om. Det er også det finaste med forskarar − dei nektar å dra slutningar lenger enn dei finn grunnlag for. Vi andre, skal det innrømmast, har lett for å dra slutningar akkurat så langt at dei tilsvarar eigne meir eller mindre opprørte kjensler.

Les også

Menn i barnehage gir flinkere skolebarn

Travelt

«Vi må ta all forsking seriøst», seier leiaren i Utdanningsforbundet i Stavanger, Inger Grødem Haraldsen, til funna i SSB-rapporten.

Må vi det?

Det kan i alle fall bli travelt for barnehagane framover.

Frå SSB kan barnehageleiarane ta med seg at dei må få inn fleire menn i barnehagane, frå forskingsprosjektet Tidlig Trygg i Trondheim at små grupper og lukka avdelingsstruktur legg det beste grunnlaget for ein god start på skulelivet, frå Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo at jo meir utetid dei klarer gi barnehagebarna, jo flinkare blir dei til å konsentrera seg når dei begynner på skulen.

Stavangerprosjektet, som ganske riktig held til ved UiS, meiner det er eit faresignal når ein to-åring er svak i matematikk, særleg når det er ein gut, trur eg, og uansett kjem det til å forplanta seg vidare inn i skulen. Det viser deira storstilte forsking over ti år, som har som mål å auka kunnskapen om barns utvikling frå 2½ til 10 år innanfor og mellom områda språk, matematikk, motorikk og sosial kompetanse i barnehagealder, og lesing, skriving og rekning i skulealder.

Edle mål

Og målet? Dei vil «identifisera tidlege utviklingsfaktorar som fremjar eller hemmar tileigninga av ferdigheiter i lesing, skriving og rekning».

Lær dei språk og treklatring, og overvak kor godt dei forstår matematikk, altså, og begynn ikkje med det seinare enn ved fylte to år.

Agderprosjektet, også det leia frå UiS, forskar på korleis eit førskuleopplegg som gir barna auka stimulering innanfor sosiale ferdigheiter, sjølvregulering, språk og matematikk, kan bidra til at barn i større grad har same læringsgrunnlag ved skulestart, og dermed likare muligheiter for å kunna lykkast i såvel utdanningsløp som arbeidsliv.

Applaus

Og mens barnehagane er travle med å passa på at alt dette blir gjort tidleg nok, at menn er ute og klatrar i tre med ei lita gruppe to-åringar frå morgon til kveld, mens dei lærer dei språk og sjekkar ut matematikk-kunnskapen deira, skal dei vita at dei får heiarop og applaus frå utsida.

«Skal en hindre frafallet i videregående skole, må en satse på kvaliteten på barnehagene», kunne økonomiprofessor Katrine Vellesen Løken ved Handelshøgskolen i Bergen nettopp fortelja NHO sin årskonferanse.

NHO-sjefen sjølv, Kristin Skogen Lund, gjentok den same bodskapen på Solamøtet denne veka. Ein må satsa svært tidleg, skal alle unge klara skaffa seg nok kompetanse til å koma seg gjennom skulen og inn i arbeidslivet.

Så altså, skal barnehagelærarane ta all forsking seriøst, må dei få inn fleire menn, leika meir ute, ha mindre grupper og lukka struktur, oppfatta det som ein fare viss to-åringane heng etter i matematikk, og sørgja for at alle blir gode nok i språk og treklatring til også å klara seg sosialt. Så kan dei venta litt, på resultata frå Agderprosjektet, om kva slags førskuleopplegg som gjer flest barn best mulig rusta til å møta skulen, klara seg gjennom vidaregåande og koma seg over i arbeidslivet.

Trendar i tida

Tidleg innsats er sjølve hovudsatsinga til den nye regjeringa.

Sjølvsagt vil vi alle at alle barn skal ha ein god barndom. Sjølvsagt vil vi alle at alle barn skal få læra seg å lesa og skriva og rekna skikkeleg. Sjølvsagt ønskjer vi at alle barn som treng det skal få den hjelpa dei treng tidleg nok, så ikkje alle timane og åra på skulebenken blir ei lang rekke nedbrytande og meiningslause nederlag.

At det blir forska på kva som gir gode barnehagar, er både bra og nødvendig.

At menn blir løfta fram som omsorgspersonar og avgjerande ressursar for barn, er på høg tid.

Grenselaus forsking

Det er forsking der resultata nok er til å stola på. Men det er også forsking som skuleflinkt skriv seg rett inn i trendar i tida. Rett inn i eit gjeldande, politisk system.

Det er ikkje bare kva det er med menn i barnehagane ein då ikkje klarer seia noko om, det er også kva skulesystemet vårt gjer med barna. Og det er også kor grensene går for kva «tidleg innsats» bør vera og gjera.

Les også

Guttene henger etter allerede som 2-åringer

Ein kan enda i parodien. Der det gjeld å finna dei rette kodane å plotta inn i veldig små barn, for å sikra at dei seinare gjer det bra på skulen. Som om barnehagane er stasjonar for programmering av barn.

Som om målet på ein lykkeleg barndom er kor godt ein gjer det på nasjonale testar i lesing, skriving og rekning.

Som om det skulle finnast fornuft i å overvaka to-åringars grep om matematikk.

Les også

Spesialundervisningsreform i vente: «Vi må ta radikale grep. Det nytter ikke å flikke».

Les også

Sandelson: Tips til Torstein (Ap): Ting å ta vekk

Les også

Sandelson: Datostempling av barn

Publisert: