Ungarn er ein westernfilm, og Orbán rir inn i solnedgangen

GJESTEKOMMENTAR: Det kom ingen store overraskingar under valet i Ungarn sundag. Statsminister Viktor Orbán og partiet Fidesz sit nok ein gong med bukta og begge endane i ungarsk politikk.

Viktor Orbán har samla partiet sitt allmakt i Ungarn gjennom å framstilla alle som er usamde med han, ute og heime, som fiendar av Ungarn. Og han står i spissen for eit nytt skilje mellom Aust- og Vest-Europa.
  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Heilt til sist i den polske journalisten Igor Janke sin biografi over Viktor Orbán skriv Janke, som er positivt innstilt til den ungarske statsministeren, at Orbán er ein annleis politikar. Ein politikar som vågar å føreslå løysingar som ikkje er «fasjonable og aksepterte i dagens Europa», ein som nyttar eit anna språk, og seier det andre er redde for å seia. «Han ser det gode og det vonde. Som ein god Western-film».

I møtet med ungarsk politikk er det viktig å hugsa på dette, at den ofte er prega av like klår polarisering som westernfilmar.

Den siste tala Orbán heldt i valkampenheldt han i småbyen Székesfehérvár, ein by med lang og rik historie, ikkje minst knytt til det gamle ungarske kongedømet. I tala gjorde Orbán det klårt at Fidesz ynskte å avslutta valkampen ved å stå der det kristne Ungarn vart fødd, «fordi det er det me meiner verkeleg står på spel i kampen som står føre oss på sundag».

Det mest interessante spørsmålet var om dei kom til å vinna to tredjedels fleirtal, nok til å sikra dei komplett dominans. Det gjorde dei.

Fiendar, ikkje motstandarar

Tala er også elles ein god introduksjon til retorikken den ungarske statsleiaren tek i bruk. Han hevda at hans politiske motstandarar vil ta Ungarn frå ungararane, og at opposisjonspartia tener utanlandske interesser. Han anklaga dei for å vera i lomma på den ungarsk-amerikanske rikmannen George Soros, ein populær busemann for både Fidesz og andre, og for å vera i stand til å gjera kva som helst for å skaffa seg pengar og makt. Han omtala migrasjon som ei slags tørråte som sakte, men sikkert vil sluka Ungarn. Fidesz er formelt sett Høgre sitt søsterparti, men har gått stadig lenger mot høgre. I dag høyrest Viktor Orbán langt meir ut som Marine Le Pen enn som Erna Solberg. Dei politiske motstandarane hans er ikkje berre motstandarar. Dei er fiendar. Fiendar som vil undergrava og øydeleggja Ungarn.

Men polariseringa går også andre vegen. Ungarsk opposisjon legg ikkje fingrane mellom når dei skildrar Orbán og hans styre. Nokre av dei seier at landet er i ferd med å verta ein mafiastat. Det er som om det herjer ein kald borgarkrig i Ungarn. Eller: Det er som den herja for nokre år sidan, men så vart vunnen av Fidesz, som etter solide valsigrar – no i tre val på rad – har kunna styra landet som dei vil, og har kunna plassera sine eigne i mest alt som er av sentrale posisjonar.

Valet på sundag var nemleg alt anna enn ein thriller. Fidesz-venlege media dominerer i Ungarn og gjer at ein splitta opposisjon kjemper i motbakke. Meiningsmålingar har lenge synt at Fidesz kom til å vinna stort, og det mest interessante spørsmålet var om dei kom til å vinna to tredjedels fleirtal, nok til å sikra dei komplett dominans. Det gjorde dei. 106 av landets 199 parlamentarikarar vert valde i einmannskrinsar, og ein oppslutnad på vel 48 prosent av røystene gjev dermed Fidesz superfleirtalet dei vona på. No kan dei halda fram å styra Ungarn akkurat slik dei vil.

Dette er dårlege nyhende for landet si demokratisk utvikling. Orbán har for lengst gjort det klårt at det dei byggjer i Ungarn er eit «illberalt demokrati», ein «arbeidsbasert stat». Men det er også dårleg nyhende for europeisk samarbeid.

Les også

Viktor Orbán: Den liberale helten som ble de liberales fiende

Ei kløft mellom aust og vest

Rett nok er det slik at valsigeren også vert feira blant vesteuropeiske høgreradikalar, som er begeistra for Orbáns innvandringsmotstand, og for hans nasjonale konservatisme. Gratulasjonane har alt kome frå både blant andre Marine Le Pen i Frankrike, Geert Wilders i Nederland, Kent Ekeroth i Sverigedemokraterna og frå Beatrix von Storch i Alternativ for Tyskland, som skildra valsigeren som «ein dårleg dag for EU, ein god dag for Europa».

Orbán er rett nok ikkje uttalt EU-motstandar. Det er heller ikkje Fidesz. I eit Ungarn som drar nytte av EU-midlar på svært mange område, ville det kunne ha skada populariteten hans. I staden retter han åtak mot eit metaforisk Brussel, slik han også gjorde i tala i Székesfehérvár, og mot framtida «Brussel, FN og George Soros sine verkstader har planlagt for oss». Men EU-motstandar eller ikkje: Orbán kjem til å stå i vegen for felleseuropeiske løysingar i flyktningspørsmål.

Den unge Viktor Orbán markerte seg allereie i 1989, som leiar av Fidesz sittt ungdomparti. Da var han ein forkjempar det liberale demokratiet.

Og viktigare: Valsigeren hans er eit uttrykk for at kløfta mellom Vest-Europa og det gamle Aust-Europa er i ferd med å verta djupare. Det er ei kløft som har ei lengre historie, der også kommunisttida speler ei rolle. Orbán starta si politiske karriere som ung demokratiaktivist sist på 1980-talet, paradoksalt nok med støtte også frå George Soros. Han er stadig ein regimeendrar. I Fidesz’ sine auge har endringane i Ungarn dei siste åra ikkje berre vore eit oppgjer med det Orbán kaller vesteuropeiske dogme, men også eit endeleg oppgjer med kommunistane som herska i landet i fleire tiår. Det er ei kløft som handlar om knuste draumar.

Og ikkje minst, det er ei kløft som handlar om politisk kultur. Om ein forstår ungarsk politikk som ein westernfilm: Orbán rir inn i solnedgangen. Han rir ein veg som fører Ungarn vekk frå Vest-Europa, og vekk frå det liberale demokratiet.

  • Tidlegare gjestekommentarar av Øyvind Strømmen finn du her
  • Andre tidlegare gjestekommentarar finn du her
Les også

Orbán jubler over «historisk valgseier»


Les også

  1. Øyvind Strømmen: «Det er ikkje sikkert du vil lika det som kjem etter Europa»

  2. Fareed Zakaria: «Demokratisk forfall i hele verden, ’sterke institusjoner’ ikke nok»

  3. Arild Inge Olsson: «Demokratiet sliter i motbakke»

Publisert:
  1. Viktor Orbán
  2. Ungarn
  3. Gjestekommentar
  4. Øyvind Strømmen

Mest lest akkurat nå

  1. Slik blir den nye korona­hverdagen fra mandag av

  2. – Folk skal kunne spise som en konge med lue­sveis

  3. Opptur for Jan (71) etter flosshatt-aksjon

  4. 21 smittetilfeller på Nord-Jæren, en Stavanger-skole på gult nivå

  5. «17 nye spillere! Her må printeren ha gått varm!»

  6. Frustrert Fridjonsson ute i kulden: – Jeg er sint