Ropstad målar fanden på veggen. Det blir det mykje kluss av

KOMMENTAR: Kjell Ingolf Ropstad prøver seg i Listhaugs gamle fotspor. Han målar fanden på veggen. Det blir det mykje kluss av.

Publisert: Publisert:

Kjell Ingolf Ropstad vil ha eit livsynssopent og raust samfunn. I motsetning til «noen». Foto: Marit Hommedal, NTB scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør

I november meinte han at det kristne menneskesynet er under angrep frå miljøbevegelsen, at delar av den ikkje ser på mennesket som noko meir enn eit litt intelligent dyr, og at dette trugar verdigrunnlaget i Norge.

Han slo fast at han vil kjempa med nebb og klør mot at ein innfører Kinas eittbarnspolitikk her i landet.

Ved inngangen til desember fann han det først nødvendig å rykka ut og slå fast at «i Norge feirer vi jul», før han denne veka i eit innlegg i Vårt Land slår fast at «noen mener vi må fjerne deler av vår kultur som kan virke ekskluderende».

Raust og opent?

Desse nokså diffuse «noen» dannar ein bakvegg han så målar eigne synspunkt over. Og det han sjølv vil ha, i motsetning til desse «noen», får vi tru, er «et samfunn hvor alle kan få lov til å være hele seg. Da må vi strebe etter raushet, ikke nøytralitet og trange rammer».

Han vil ha eit livssynsopent samfunn, der vi frimodig kan feira den kristne høgtida. Han meiner at nettopp når vi blir eit meir mangfaldig samfunn, er det viktig å halda fast ved våre eigne tradisjonar og løfta desse fram på dei arenaer vi har felles. Vi skal ikkje gøyma bort den kristne kulturarven. Han vil ha julegudstenester og kristendomsundervisning.

Det er fleire ting her eg er einig med Ropstad i. Eg vil også ha eit livssynsopent og raust samfunn. Eg vil også at folk skal få tru eller ikkje tru på kva dei vil, og ikkje vera redde for å stå for det.

Men det var den der grassat store penselen han bruker. Fanden han målar fram med den. Inndelinga der dei som passar på dette rause og livssynsopne samfunnet er på hans side, mens dei andre er ein trussel mot det. Dei er «noen». Alle som vil kan plassera kven som helst som dei er litt skeptiske til, ueinige med, eller rett og slett ulike, som «noen».

Med det bidrar Ropstad til polarisering, sjølvsagt. Den breie penselen klussar over nyansane. Dette har lite med eit raust og livssynsopent samfunn å gjera.

Og det er synd, for eg er også einig med han i at det ikkje er særleg vide rammer blant oss i den offentlege debatten. Det er nokså fort gjort å finna ut kva det er god tone å vera for eller imot. Vi er betre på å trengja det vi ikkje lett kan tola ut i krokane, enn på å tola kvarandre. Det er trist, det gjer oss fargelause og lite robuste.

Ei juleforteljing

Men når vi kjem tett nok på kvarandre, i eit skulemiljø, i eit nabolag eller på ein liten stad, tar vi ofte i bruk ein svært handfast, praktisk toleranse. Den står det stor respekt av. Den leitar fram fellesskap blant ulikskap. Og den forpliktar, for den gjeld folk du har rundt deg heile tida, sjølv om dei er ganske ulike deg sjølv.

Bak suppe-på-ein-spiker-saka som fekk Ropstad til å rykka ut og slå fast at i Norge feirar vi jul, låg blant anna ei slik historie. Frå Seljord i Telemark. Der elevar for fleire år sidan bad skulen endra namnet på ballet frå juleball til skuleball, for dei ville ha med vennene sine frå Jehovas vitner. Dei fekk ikkje gå viss det var jul i namnet. Og skulen endra.

Eg vil tru det var svært viktig for dei barna det gjaldt. Dei fekk vera med vennene sine. Dei fekk ein ny fellesskapsarena. Og eg tvilar på at det blei mindre jul i Seljord av det. Men det blei kanskje litt lettare å vera barn.

For meg blir dette ei historie om å vera raus og løysingsorientert. Og trygg på eigen ståstad. Nei, det betyr ikkje at eg meiner alt skal tilpassast, tru dekkast til eller jesusbarnet gøymast.

Men det er ikkje alltid ein skal gjera denne praktiske toleransen i eit miljø om til svære spørsmål, heller. Små, praktiske handlingar menneske imellom blir ikkje automatisk til trugande steg som ubønnhøyrleg tappar vår eigen kulturarv tom.

Kosta kva det kosta vil

KrF har valt side. Med målarpenselen i hand tar Ropstad dei steg for steg mot høgre. Han tyr til triks frå USA, der litt rufsete stemmer på høgresida stadig vil ha folk til tru dei må gå i krigen for jula. Han frir til den eine gruppa tradisjonelle KrF-veljarar som er mest opptekne av å verna og skjerma kristen tru og kristne verdiar mot angrep. Han er i gang med å driva kristen identitetspolitikk for dei. Er du ikkje som oss, er du «noen».

Det er ikkje mykje plass for praktisk toleranse i Ropstads retorikk – kanskje bortsett frå den som kjem han sjølv og eigne veljarar til gode.

Derimot meiner han sterkt at «noen» – eller dei andre – har sett mykje på spel: Menneskets eigenverdi, røtene våre, verdigrunnlaget i Norge. Han inviterer til å la følelsane velta fram. På den gamle Listhaug-måten. Løysningar betyr ikkje noko, fellesskap utover sitt eige, betyr ikkje noko. Det som betyr noko, er å tenna ein flamme hos sine eigne. Kosta kva det kosta vil. For andre.

Det blir ikkje veldig livssynsopent. Det blir ikkje akkurat raust. Breie penslar har det ikkje berre med å mala over nyansar. Dei er heller ikkje så gode på å gi andre penslar plass på den same veggen.

Publisert:

Les også

  1. For kvar tale eg les, blir avstanden til 22.juli større. Var det for store ord for oss?

  2. – Det der blei vel litt pompøst, Trine Skei Grande

  3. – Politikarar, mektige byråkratar og dommarar har alle vore blinde og døve.

Mest lest akkurat nå

  1. Helikopter er satt inn i søk etter to savnede

  2. Arbeidsulykke i Stavanger sentrum

  3. NÅ: Følg regjeringens pressekonferanse direkte

  4. Nettopp valgt: Nå skal Ane Mari lede nye turister til Jæren

  5. Fastleger i Stavanger blir tatt ut i streik: - Kan medføre fare for liv og helse

  6. Kvifor har hytteeigaren rett til å klage på dette naustet?

  1. Kjell Ingolf Ropstad
  2. Seljord
  3. Jul
  4. Retorikk
  5. Jehovas vitner