Kor mange utval trengst?

KOMMENTAR: Det er jo bra at regjeringa ber om faglege råd. Men kor mange regjeringsoppnemnde ekspertutval treng dei, eigentleg?

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) har fått kritikk for å setja ned eit utval om fastlegeordninga
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Skal vi sjå. Vi kan begynna hos Helse- og omsorgsdepartementet. Her skal ekspertutvalet for gjennomgang av allmennlegetenesta finna ut av det der med fastlegekrisa. Sjukehusutvalet skal finna ut om ein bør endra måten sjukehusa blir styrte på. Ei ekspertgruppe skal vurdera dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av smitteverntiltaka under pandemien, varselutvalet skal sjekka varslingsordningane, ekspertutvalet om tvang skal evaluera det med manglande samtykkekompetanse for bruk av tvang i psykisk helsevern, og må ikkje forvekslast med tvangslovutvalet, som avslutta sitt arbeid i 2019, noko ein i tillegg har hatt to høyringsrundar på. Helsepersonellkommisjonen skal hjelpa regjeringa i å nå eit av sine viktigaste mål, les vi, som er å få på plass nok fagfolk med rett kompetanse i helsevesenet. I tillegg har vi abortutvalet, tannhelseutvalet, apotekutvalet og utvalet om kvinners helse og helse i eit kjønnsperspektiv.

Omfangsrikt

Det var Helse- og omsorgsdepartementet. Vi har fjorten departement til. Pluss Statsministerens kontor. Borte hos Kunnskapsdepartementet og dei, finn vi blant anna kvalitetsutviklingsutvalet, kompetansebehovsutvalet, og ekspertgruppa for digital læringsanalyse. For ikkje å gløyma offentleg utval om framtidas etter- og vidareutdanning, og opptaksutvalet.

Eit utval kan for eksempel ha sju medlemmer, eller 18. Til saman har dei ti nemnde utvala i det omfangsrike Helse- og omsorgsdepartementet rundt 125 personar – eller var det ekspertar – i sving med å hjelpa politikarane. Og berre for å ha sagt det – ikkje alle dei oppramsa utvala har sprunge ut frå Støre-regjeringa, nokre var igangsette av regjeringa Solberg.

Samtidig, i alle departementa, finst det mange fast tilsette fagfolk. Byråkratar som i ryggmergen har refleksar på å vera politisk nøytrale, lojale mot sitjande statsråd, og, vil eg tru, har høg kompetanse i å grava fram faktagrunnlag for dei politikarane som skal finna politiske løysingar, til høgre eller venstre eller midt i. Få alt opp på bordet, peika på blindsoner og fallgruver, kost og nytte. Trur eg.

Når det har blitt politiske planar av det, i alle fall av eit visst omfang, blir dei sende ut på høyring, der fagfolk og nokså vanlege folk, kan koma med innspel, ris, ros, applaus og åtvaringar. Før politikarane bestemmer seg.

Nødvendig?

At politikarane søkjer meir kunnskap før dei handlar, kan sjølvsagt vera både fint og vakkert. Det hender jo at ein treng meir informasjon, fleire fakta, før ein bestemmer seg. Anten ein leiar ei bedrift eller eit heilt land. Det hender også at ein eigentleg berre kvir seg for å bestemma seg, fordi det er vanskeleg, fordi det ikkje går heilt opp, fordi gode interesser står mot kvarandre, fordi ein ikkje vil eller kan betala prisen det kostar. Eller fordi ein inderleg ønsker seg kunnskap ein ikkje kan få før etter at ein har bestemt seg, og ser verknadene av valet ein tok.

Det hender ein berre må mota seg opp. Stola på at ein har grunnlag godt nok.

Heite, politiske poteter

Akkurat nå har vi jo ei regjering som ikkje på nokon måte liker å forhasta seg, men gjerne vil vera heilt, heilt sikre på at dei gjer ting riktig. Før dei eventuelt handlar. Ser vi på eitt par av dei nyaste utvala dei har sett ned, ser det også ut til at svaret på heite, politiske poteter, rett og slett er å setja ned eit utval. Som eit slags uttrykk for at dei forstår at dette er vanskeleg, og dei gjer noko med det.

«Vi må redde fastlegeordninga. Det hastar aller mest,» sa Ingvild Kjerkol (Ap) før regjeringsskiftet. Ti månadar etter regjeringsskiftet, som helseminister, set ho ned eit utval – rett nok eit hurtigarbeidande utval, for å sjå på fastlegekrisa.

Veit ein verkeleg ikkje nok om den nå? Om yngre legar som vil ha eit familieliv og ordna arbeidsforhold, og difor vegrar seg for å bli fastlegar, der arbeidsdagane ikkje vil ta slutt? Om at det vil ta tid, og at det vil kosta pengar?

Og visst dette er måten ein gjer det på med det som hastar aller mest, kor lang tid treng regjeringa på det som berre hastar?

Tips

I det langt meir beskjedne og mindre omfangsrike Barne- og familiedepartementet poppa også ei ny ekspertgruppe nettopp opp. Ekspertgruppe for barn i fattige familiar. Dei skal vurdera kva tiltak som er mest effektive, og korleis ein bør innretta den offentlege innsatsen. Det får student Olav Øverland til å tipsa om eksisterande kunnskap, forsking og rapportar på feltet. Som Statistisk sentralbyrå sin rapport om økonomisk ulikskap i Norge, eller ein forskingsartikkel frå King’s College London. Han meiner forskingslitteraturen er rik på korleis stadig lågare skattenivå og svakare skattepress på dei rikaste bidrar til større økonomiske forskjellar. Og føreslår eit meir omfordelande skattesystem. Noko Barne- og familiedepartementet slett ikkje har musklar til å få gjennom aleine, men som regjeringa kan få stortingsfleirtal for, viss dei absolutt vil.

Jo, ekspertutval kan bidra når det blir som vanskelegast. Men av og til, av og til, må sjølv ei regjering berre mota seg opp. Heilt utan ekspertutval.

Publisert: