Ei vekes kulturell makt­demonstrasjon

KOMMENTAR: Den som ser kultur som ein rein utgiftspost og kakepynt, bør studera den kulturelle superveka me har bak oss.

Ein levande by er avhengig av eit levande kulturliv. Men eit levande kulturliv er også avhengig av eit levande publikum. Her frå Mods-konserten i Jåttåvågen laurdag 11. juni.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Er kultur viktig? Svaret på dette spørsmålet kjem an på kven du spør. Enkelte entusiastar vil svara eit rungande «Ja!», endåtil hevda at kultur er det viktigaste me har.

Andre vil nok rangera kulturfeltet ganske langt nede i hierarkiet over viktige ting. Signalet frå styresmaktene under koronaen var til dømes ikkje til å ta feil av: Kultur var den første sektoren til å bli stengt ned, og den siste til å bli opna opp. Kultur var langt mindre viktig enn andre næringslivsområde og arbeidsplassar. Kulturpolitikk skårar også lågt når veljarar skal rangera kva som avgjer kva parti dei stemmer på.

Måla kultur?

Nå kan det sjølvsagt diskuterast både kva som ligg i ordet «kultur» og kva som ligg i ordet «viktig». For ikkje å snakka om korleis ein måler dette. Entusiasten vil snakka om opplevingar, erkjenning, glede og store kjensler. Kynikaren – ifølgje Oscar Wilde ein person som veit prisen på alt, men ikkje kjenner verdien av noko – vil kanskje heller snakka om det som kan teljast. Om budsjett, publikum, inntekter og utgifter. Lønnar kulturen seg?

Okei. La oss sjå på kulturlivet i regionen med kynikarens blikk, i det minste for ei – ikkje heilt tilfeldig vald – veke i juni.

La oss starta med helga 10.–11. juni. Då samla det tidlegare dansebandet Catrix frå Rennesøy – seinare meir kjent som Mods – 40.000 publikummarar på SR-Bank Arena. Same helg markerte startskotet for Rikssamlingsjubileet, som skulle kulminera med eit svært arrangement i Møllebukta i helga som var. Til saman kom det 15.500 publikummarar på jubileumsmarkeringa nord og sør for Boknafjorden.

Me går vidare til tysdagen, 14. juni. Denne dagen møtte 17.500 opp på Torget i Stavanger til Equinors gratiskonsert. Litt seinare på kvelden kom 5000 metalheads til DNB Arena for å sjå Judas Priest live.

Billettinntektene utgjer
berre ein liten del
av den økonomiske verdi-
skapinga kulturlivet.

Mangfaldig tilbod

Dagen etter drog 45.000 menneske til Forus travbane. Ikkje for å sjå på hest, men for å høyre Guns ’n Roses spela opp. Sjølv leia eg ein debatt om jærsk mentalitet på Mellombels på Bryne den kvelden, i regi av Snakk! og Time historielag.

Så kom helga og Mablis-festivalen i Vålandskogen i Stavanger. Eg veit ikkje kor mange som kom fredagen, men laurdagen blei alle dei 3500 billettane selde.

I tillegg var det Tanangerdagene, Dalane Bluesfestival og folkefest i Egersund. Ja, og då har eg ikkje nemnt alle dei kulturarrangementa som humpar og går kvar dag. Rogaland Teater hadde laurdag siste framsyning av «Våken drøm», som har gått for fulle hus på Hovedscenen dei siste vekene. Stavanger konserthus hadde til dømes besøk av den amerikanske komikaren Louis C.K. På Sandnes spelte Sandnes symfoniorkester. På Sølvberget heldt folk fram med å låna bøker. Eller gjekk på kino. Regionens mange kunstgalleri var opne.

Legg ein saman berre dei arrangementa eg har tal på, landar me på 103.000 publikummarar. På éi veke. Legg me til alle dei andre, aukar talet med ganske mange tusen til.

Det er altså grunn til å tru at eit tal som nærmar seg Stavangers totale befolkning har opplevd noko så lite kvantifiserbart som stor glede på eit kulturarrangement den siste tida. At kultur betyr noko. Ikkje berre for nokre få, men for svært mange.

Store inntekter

Men la oss ikkje fortapa oss i vammelt føleri. La oss halda fast på kynikaren! For det er altså sånn at over 100.000 menneske kjøpte billettar til alle desse arrangementa – og då held eg Equinors gratiskonsert utanfor reknestykket. Legg du saman alle desse billettinntektene, blir det ein ganske stor sum.

Noko av det interessante med kulturøkonomien er likevel at billettinntektene berre utgjer ein liten del av den økonomiske verdiskapinga kulturlivet – dei som står på scenen, dei som skaper det kunstnariske innhaldet – genererer. Éin ting er lyd, lys, teknikk, transport og administrasjon som trengst for å gjennomføra eit kulturarrangement. Men alle dei 100.000 publikummarane skal også transporterast, ha mat og drikke, ein heil del av dei har også behov for overnatting.

Dermed er eit levande kulturliv også viktig for transportsektoren, for restaurantar og uteliv, for hotell og butikkar. På same måte som eit levande kulturliv er superviktig for at folk skal ha lyst til å bu og leva her. Ein by utan eit levande kulturliv er ein kjedeleg by. Kven vil bu der?

Trøbbel

Alt dette høyrest jo kjempebra ut. Masse folk. Utselde konsertar. Gigantarrangement. Store pengar.

Problemet er at alt ikkje er topp i kulturlivet for tida. Guns ’n Roses og Judas Priest er internasjonale verdsstjerner – som la ut billettane før koronaen. Mods er eit fenomen. Gratiskonsertar med store norske stjerner er gratis.

Grunnmuren i kulturlivet er ikkje sånn. Dei aller fleste er ikkje verdsstjerner. Dei fleste fyller ikkje stadion. Og dei fleste slit nå med at publikum ikkje er tilbake etter koronaen. Folk kjøper ikkje billettar som før.

Men vil folk framleis ha eit levande kulturliv, nye kulturelle superveker, må dei også koma tilbake på kvardagane. Utan eit levande publikum blir også det levande kulturlivet borte.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Ei vekes kulturell makt­demonstrasjon

  2. Kjære Equinor: Gratis­kon­sert på Tor­get var kan­skje ikkje så lurt nå?

  3. I 2022 er det ikkje berre kvinnene som treng særleg vern

  4. Over natta blei eg den livredde 14-åringen igjen

  5. Det viste seg å vera langt enklare å stå utanfor og kritisera enn å sitja med ansvaret

  6. Kva er viktigast, kunstens fridom eller politiske krav om mangfald?

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kultur
  3. Arrangement
  4. Rogaland Teater