Severin Suveren møter EU

GJESTEKOMMENTAR: Vi bør endre innstillinga til samarbeid i Europa-politikken.

«Mi vurdering av norsk Europa­politikk er at vi bør tenke nøyare gjennom kva demokratisk suverenitet kokar ned til», skriv Svein Tuastad.
  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Når vi står utanfor EU, får vi då meir reell demokratisk suverenitet i Noreg? Eller er oppfatninga om sjølvråderett snarare eit sjølvbedrag i ånda til Severin Suveren, han som stadig braut fjellvettreglane og fekk vanskar fordi han var for sjølvgod?

Vurderingane mine om norsk EU-politikk kjem først mot slutten. Eg skriv ikkje på nokon sine vegne, men gjer merksam på at eg er med i Europabevegelsen.

Her er først eit forsøk på å presentere bakgrunnen til tre av dei heitaste EU-sakene i Noreg for tida.

1. Når toget kryssar grensene

Den fjerde jernbanepakka til EU handlar om at når du tar tog i Europa, skal det ikkje vere nokon heft om toget kryssar grensa til dømes mellom Danmark og Tyskland eller Noreg og Sverige og så vidare. For å få dette til er det eit eige EU-byrå (ERA), som godkjenner alt som har med tog som kryssar grensene å gjere, – i staden for at kvart land gjer det.

Det er ganske praktisk for oss passasjerar – og for dei som lagar togutstyr eller fraktar gods òg: Same reglar, same tryggleik. Jernbanepakkane er grøne; dei styrker jernbanen som transportform i Europa samanlikna med bil og fly.

Eit argument mot dette systemet er at når EU bestemmer meir, vert det mindre norsk sjølvråderett, jamvel om det meste er teknisk. Dessutan inneber jernbanepakke fire at regelen skal vere konkurranse mellom togselskap når det er effektivt og best for kvaliteten.

Tidlegare samferdsleminister Knut Arild Hareide slo under stortingsdebatten om jernbanepakke fire den 31. mai i år likevel fast at det er rom for nasjonale vurderingar av kor tid konkurranseutsetjing er høveleg.

2. Acer og den urolege straummarknaden

Sakene om utanlandskablar, Acer og energimarknad har mykje til felles med jernbanesaka. Acer liknar energidirektoratet i Noreg, NVE, med Acer som ei slags europeisk NVE-utgåve. Acer lagar ikkje reglane for samarbeidet, men handhevar det landa har vorte samde om.

Også på energiområdet er det ulike pakkar, energipakkar, som er vedtekne i EU. Dei regulerer ein stadig meir samanvoven energimarknad og gjer det lettare å få fornybare energikjelder til å erstatte fossil energi; den gryande europeiske energimarknaden er del av det grøne skiftet. Noreg bestemmer sjølv kva for utanlandskablar vi vil ha for å utveksle straum.

Fornybar energi er vanskeleg å lagre i store mengder. Difor gjer fleire fornybare energiformer i same marknaden forsyninga meir effektiv og trygg. Sett over tid vil Noreg også i framtida ha låge prisar. Årsakene til prisauken som er no, er omstridde. Jamvel om kablar kan føre til ein viss prisauke i ein overgangsperiode, er det andre grunnar til dagens rekordhøge prisar.

Eit motargument mot norsk deltaking også på dette området gjeld sjølvråderetten. Oslo tingrett vurderer for tida om Acer-saka var brot på grunnlovskravet om tre firedels fleirtal på Stortinget ved suverenitetsoverføring. Då vil Senterpartiet og venstresida kunne stoppe tilslutninga til Acer.

Høgsterett har i ei liknande sak om jernbanepakke fire gått inn for at det ikkje inneber så mykje suverenitetsoverføring at det trengst tre firedels fleirtal.

Som eit alternativ til EØS er Sveits-løysinga i røynda eit luftslott.

3. Alternativ til EØS

Regjeringa vil greie ut alternativ til EØS-avtala. Føremonen med EØS-avtala er at avtala er dynamisk: Nye reglar vert automatisk innarbeidde, i staden for stadige re-forhandlingar. Ulempa er at vi i realiteten må akseptere alt EU bestemmer utan å vere med på avgjerslene sjølve, slik EU-landa kan.

Sveits si tilknytingsform, som i staden for EØS har mange einskildavtaler med EU, har vorte trekt fram som eit alternativ til EØS. Sveits har altså ei rekkje einskildavtalar som stadig vert reforhandla. Ofte skjer det endringar innanfor felta som er regulert av ein einskildavtale. Det får igjen ringverknader til andre avtaler, som då også må reforhandlast. Tidvis vert det brot, og Sveits lyt då ut av deler av samarbeidet.

Etter Brexit vil EU truleg ha mindre tolmod med at land vil ha på plass nye, utmattande byråkrati-system. Som eit alternativ til EØS er Sveits-løysinga i røynda eit luftslott.

Når Severin Suveren møter EU, er haldninga korleis EU kan utnyttast på ein lur måte.

Løft blikket!

Mi vurdering av norsk Europa­politikk er at vi bør tenke nøyare gjennom kva demokratisk suverenitet kokar ned til.

Jamvel om det på eit vis er rett at Noreg og andre land taper nasjonal kontroll ved å ta del i internasjonalt forpliktande samarbeid, manglar den andre sida i reknestykket. For grunnen til at vi samarbeider og bestemmer ting i fellesskap, er jo at vi får noko igjen. Vi oppnår meir med samarbeid enn utan. Dette tillegget på si side styrkar suvereniteten.

Har vi demokratisk suverenitet om vi ikkje kan løyse ei utfordring fordi vi er for svake åleine? Er det ikkje snarare slik at vi oppnår suverenitet om vi samarbeider? Miljøpolitikken er eit godt døme; vi er avhengig av at andre også bidrar på ein forpliktande måte.

Når Severin Suveren møter EU, er haldninga korleis EU kan utnyttast på ein lur måte. Norsk politikk bør heller ha blikket retta mot kva samarbeid kan gje oss og andre.

Les også

  1. Kan EU få regulert de store teknologi­gigantene?

  2. Hemnen frå dei som hadde alt

  3. Hvem husker Berlinmurens fall?

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Svein Erik Tuastad
  3. EU
  4. EØS
  5. Sveits

Mest lest akkurat nå

  1. Varsler 5 kroner kilo­wattimen rundt middagstider

  2. Slik vil Norled revolus­jonere elekt­riske hurtig­båter

  3. Stoltenberg: – Vi bør være bekymret

  4. Korona: 43 nye tilfeller i Stavanger, 16 i Sandnes

  5. Ingve Bøe: «Hvis ikke Viking tar bronse, spiser jeg hatten min»

  6. David Brekalo: – Jeg gjorde en feil og vil beklage til alle