Nå er tillit pengar
KOMMENTAR: Viss sjukehusa våre skal bevara ein slags tillit til regjeringa, trur eg det må koma meir pengar.
- Solveig G. SandelsonKommentator

Kvart år, omtrent på denne tida, held helse- og omsorgsministeren tale til sjukehusa sine. Og fortel dei kva dei skal gjera. Så blir spørsmålet ofte korleis dei skal få det til.
I år er det siste meir påtrengjande enn andre år. Sjukehusa slit, det gjer dei over heile landet. Fleire budsjetterer med underskot. I vår region, på Vestlandet, håpar dei fleste på å gå i null. Vårt eige sjukehus, SUS, prøver å halda seg rett over nullen. Råd til å fortsetja å byggja på det nye, har dei ikkje.
Helseministeren ber sykehusene stramme inn på vikarbruken
Knapt med folk
Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) gav i talen sin sjukehusa beskjed om å vurdera om dei kan utsetja nye, større investeringar og vedlikehald. Og rett og slett få ein slutt på den høge vikar- og innleigebruken.
Den knappaste ressursen vi har i sjukehusa, er fagfolk. Vi manglar fagfolk, og vi mister fagfolk. Då snakkar vi blant anna om psykiatrar, psykologspesialistar, intensivsjukepleiarar og jordmødrer – alle saman folk som vil gjera ein forskjell på jobb, kunna utvikla seg fagleg og driva fram fagleg utvikling. Kunna gi pasientane sitt beste.
Der slit vi. Vi slit skikkeleg, og det er alvorleg. Det er dei offentlege sjukehusa våre som utdannar nye spesialistar. Det er dei som ikkje kan velja vekk det som er tungt og vanskeleg. Det er dei som må retta opp når andre gjer feil.
Og det er dei som er hendene og kunnskapen og handlaget som held oss oppe når vi treng det, på tvers av inntekt, bakgrunn og utdanning. Saman med skulen er alt av offentleg helsevesen det viktigaste vi har for å sikra at alle blant oss kan få omtrent same sjansen i livet, uansett kva familie du blei fødd inn i.
Det er definisjonen på eit sivilisert samfunn. Og dei som jobbar her, er vandrande bevis på ein slik sivilisasjon.
Har dei handlingsrom til å gjennomføra Kjerkols krav? Viss ikkje, kan vi fort mista endå fleire av dei.
Fastlegene er bærebjelken i helsevesenet vårt
Kva skal ut?
For å finna fleire slike handlingsrom, i tillegg til å utsetja nye investeringar og kutta vikarbruken, ber Kjerkol sjukehusa gå gjennom bruken av røntgen- og laboratorie-tenester. Og ho ber dei rett og slett sjå på kva slags behandlingsformer som kan fasast ut. Kva vi ikkje treng.
Ho ber leiarane sørgja for at dei som står nærmast pasientane, særleg i psykisk helsevern, slepp å bruka så mykje tid på rapportering og registrering, og får meir tid til pasientane sine. Ho vil ha nasjonal oversikt over kva fagfolk vi manglar. Ho lovar pengar til å utdanna fleire jordmødrer, og ho vil ordna opp så pengane som fødeavdelingane kan få ved måten dei behandlar folk på, skal stemma betre med det som er god fødselsomsorg. Slik burde det sjølvsagt vera.
Ho ber dei skjerma psykisk helsevern for kutt. Sårbare barn og unge skal prioriterast. Ho lovar pengar til døgnplassar i barne- og ungdomspsykiatrien, til betre kapasitet i kommunane og til å oppretta barnepalliative team – team som skal hjelpa døyande barn. Det siste melde sjukehuset vårt før jul at dei ikkje ville klara å få til i løpet av 2023. Om dei nå faktisk får draghjelp frå regjeringa? Vi får venta og sjå.
Ap-politiker reddet etter hjerteinfarkt: – Ikke vær redd for å ringe 113
Pandemi og slikt
Imens er pandemien ikkje over i sjukehusa. I barne- og ungdomspsykiatrien er tilvisingane ennå høge, lidingane alvorlege. I heile sjukehuset er sjukefråveret høgt, og ein slit med å koma tilbake til det nivået av aktivitet ein var på før pandemien.
På intensiven har ikkje sjukehuset klart å få opp kapasiteten. Dei ser ikkje at dei har råd til det. Viss dei hadde fått unna fleire planlagde operasjonar, kunne dei fått litt betre råd. Men det klarer dei ikkje, sidan det er for liten kapasitet på intensiven.
Når spesialiststillingar står ledige lenge, slik særleg vaksenpsykiatrien slit med, kan dyr vikarbruk kjennast som eit betre val enn å avvisa pasientar. Når grunnbemanninga er tynn, i kva avdeling som helst, blir slitasjen stor, sjukefråveret høgt og den akutte vikarbruken større.
Det er lett å sjå at det er betre på alle måtar å få inn fleire folk fast. Men ikkje like lett å få det til.
I barne- og ungdomspsykiatrien blei lønnskostnadene høgare i fjor, fordi dei konkurrerer med kommunen om dei same psykologane og la på lønna for å få nok folk. Men sidan dei gjorde det, brukte dei for mykje pengar i forhold til budsjett, og må dermed bli færre folk i ein periode – for å ta inn igjen pengar dei altså brukte for å skaffa nok folk.
Alle klinikkar på SUS er pålagde å spara, og planleggja alt som kan planleggjast. Frå akutten melde dei før jul at det ikkje er så enkelt for dei å kontrollera tilstrøyminga av pasientar. På kvinneklinikken melder dei at dei følgjer med så godt dei kan. Men at heller ikkje naturlege fødslar så enkelt lar seg planleggja.
Fant giftige tungmetaller i utgraving ved Nye SUS
Vanskeleg
Kjerkol seier ho vil stå saman med fagfolka på sjukehusa om å bevara tilliten vi andre ennå har til det offentlege helsevesenet. Og ho skal ha for mot til å peika på ting dei skal la vera med. Som å byggja ferdig nye sjukehus med det første.
Men eg trur det skal meir til, skal fagfolka ha ein viss tillit til at dei blir sett og høyrt av statsråden og regjeringa ho sit i. Det skal meir pengar til.
Nok pengar til å kompensera sjukehusa fullt ut for lønns- og prisvekst, og for pandemien, som enno ikkje er over. Og for SUS sin del, kompensera for dyrare byggevarer til den delen av det nye sjukehuset som er i ferd med å reisa seg.
Eg trur det er omtrent det som skal til. Sånn blir det ikkje. Sjølv om Kjerkol forsikra om at regjeringa veit at det er vanskeleg. Og at dei vil følgja godt med.
Les også
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
«Sjukehuset trudde dei ville gå bitte litt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?»
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far
- KOMMENTAR
Rema 1000 frys samarbeidet med Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?
- KOMMENTAR
Jo, vi må snakka om det