På leit etter oljeframtida
GJESTEKOMMENTAR: Knappe ressursar og klimarisiko dreg mot omstilling av oljeverksemda, men leitepolitikken kan påverke tempoet
- Klaus MohnRektor og professor, Universitetet i Stavanger

Klimafestivalen Varmere, våtere, villere gjekk av stabelen i Bergen i førre veke, under sterk inspirasjon frå vår eigen KÅKÅnomics-festival. Leiting etter olje og gass blei sett under lupa på onsdagskvelden, i ein paneldebatt under tittelen «Når skal me legge inn årene for leiteverksemda?» Med representantar frå regjeringa, oljenæringa, miljørørsla og akademia viste debatten at avstanden framleis er stor.
Skal ein dempe forbruk – eller utvinning?
Problemstillinga føyer seg inn i eit heit debatt om olje- og klimapolitikk i Norge. Så langt er tiltak og verkemiddel i klimapolitikken retta inn mot forbruket av fossile brensel. Men stadig fleire opnar for at klimapolitikken burde supplerast med tiltak som også legg ein dempar på utvinninga, spesielt av olje.
For ei demping av oljeutvinninga har styresmaktene tre politikkområde til rådvelde. Ein kan stagge utvinninga frå felt som allereie er i drift, eller ein kan skjerpe krav og rammevilkår for felt som er under utbygging. Inngrep på begge desse områda kan bli oppfatta som brot på eksplisitte og implisitte kontraktar mellom næringa og styresmaktene.
Det tredje området er enklare å gripe til. For når det gjeld politikken for leiteverksemda, så ligg det ingen kjente løfte mellom regjeringa og olje- og gassnæringa. Leiteverksemda har lang tidshorisont, og dei viktigaste verknadane av eit omslag i politikken vil ikkje merkast før om 5–10 år. Leiteverksemda involverer heller ikkje så altfor mange arbeidsplassar, i alle fall ikkje om ein samanliknar med utbyggingsaktivitet.
To typar leiteverksemd opnar for kompromiss
Ein type leiteverksemd rettar seg mot område som er nye for oljeverksemda og som ikkje er utforska tidlegare. Her er risikoen høg og sjansane for å gjere funn er små. Men om ein først gjer funn i slike område, så er det gjerne svære greier.
Ein annan andre type leiteverksemd rettar seg mot område som allereie er utforska og utbygd, med plattformer, røyrleidningar og annan infrastruktur på plass. Her er kunnskapen om undergrunnen større og sjansane for å gjere funn er betre. Men funna som blir gjort i slike område er gjerne små. Lønsemda kan likevel vere god, etter som det ofte kostar lite å knyte eit nytt funn opp mot plattformer og røyr i nabolaget.
Ei mellomløysing kan dermed vere at ein stoggar opninga av nye område for oljeleiting, men held fram med leiting i område som allereie er opna for petroleumsverksemd. Langt på veg er det dette som no er i ferd med å skje. Lofoten/Vesterålen/Senja er i realiteten verna. Her er det langt mellom politikarar som i dag er villig til å kjempe for ei opning. Det same gjeld truleg Barentshavet Nord, og dessutan områda rundt Jan Mayen og Svalbard.
Berre Barentshavet står att
Slaget står no om Barentshavet sør, som allereie er opna for olje- og gassverksemd. Frå regjeringa kom akkurat forslaget om å legge til 25 000 nye kvadratkilometer i den årlege tildelinga av leiteområde i Barentshavet (TFO-runden). Når ein ikkje kan opne nye område for oljeverksemd, legg ein dermed til rette for ei intensivering av leitinga innanfor område som i prinsippet allereie er opna. Forslaget er til høyring, og haustar allereie skarp kritikk frå miljørørsla, frå opposisjonen på Stortinget og frå uavhengig hald.
For oljeselskapa er Barentshavet uansett ikkje så gullkanta som styresmaktene vil ha det til. Interessa frå oljeselskapa har vore laber i dei siste utlysingane av leiteområde. Leiteresultata forsvarar ikkje innsatsen, og store overskridingar har gjort dei tre utbyggingane mykje dyrare enn planlagt. Utvinning i nordlege havområde har vist seg omstridt og risikabelt – meir risikabelt enn regjeringa vil ha det til.
Her og no er det likevel gode tider for olje- og offshoreverksemda. Med god hjelp frå skattepakken og høge olje- og gassprisar er ei rekke utbyggingsprosjekt modna fram for utbygging i løpet av dei nærmaste åra. I leverandørnæringa er dermed ordrebøkene velfylte, og det grøne skiftet har inntil vidare vike plass for nye feltutbyggingar.
Utvikle, ikkje avvikle?
På lengre sikt er utsiktene prega av større uvisse. Bak køen av feltprosjekt som no er under utbygging er det få interessante funn å modne fram. Om få år risikerer ein dermed at aktiviteten peikar nedover. For at mantraet «utvikle, ikkje avvikle» skal stå ved lag, er næringa dermed kritisk avhengig av nye leiteareal, ny leiteaktivitet og nye funn.
To hovudutfordringar melder seg. Den eine er knytt til ressurssituasjonen. Etter 50 år med utvinning er leiteverksemda i Norge langt over middagshøgda, og potensialet for vidare utvikling er ikkje heilt som før. Den andre utfordringa er knytt til miljø- og klimapolitikk, med risiko rundt oljepris, areal- og skattemessige rammevilkår, klimakrav og kostnadar ved utslepp, og ikkje minst leitepolitikk.
Om ein ikkje lykkast i å halde leiteaktiviteten ved lag, så blir det heller ikkje fleire olje- og gassfunn. Om ein ikkje gjere fleire olje- og gassfunn, så får ein heller ikkje fleire nye feltutbyggingar. Og om feltutbyggingane stoppar opp, så vil oljeverksemda stå og falle med dei feltområda som allereie er i drift.
Stagnasjon i utbygging og utvinning vil legge til rette for omstilling sjølv med uendra oljepolitikk. Politikarane kan velje om dei vil framskynde eller forseinke denne omstillinga. Og det kan dei gjere med leitepolitikken.
Følg på Twitter: @mohnitor