Gjer døra høg...

GJESTEKOMMENTAR: Om tillit blir erstatta av kontroll, så går døra igjen for det opne universitetet.

«På mange område i samfunnsdebatten er takhøgda på veg ned, spesielt for dei som tek eit perspektiv som ikkje er politisk korrekt», skriv Klaus Mohn
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Sidan eg blei rektor ved Universitetet i Stavanger har ideen om eit opent universitet stått sentralt for min motivasjon og for mi leiargjerning. For meg inneber dette at me skal dele raust av kunnskap, kompetanse og engasjement i møte med store og mindre tema i samfunnsdebatten. Samstundes er siktemålet at tilsette og studentar skal følgje nyfikent og aktivt med på kva som rører seg utanfor universitetet. Berre slik kan ein lykkast i å tilpasse forsking, utdanning og innovasjonsverksemd til utfordringane i arbeids- og samfunnsliv.

Lettare sagt enn gjort

Alt dette kan kanskje høyrast ut til å vere rett fram. Men kulturen for konstruktiv kritikk er under stadige åtak. På mange område i samfunnsdebatten er takhøgda på veg ned, spesielt for dei som tek eit perspektiv som ikkje er politisk korrekt, eller som kan verke provoserande for bestemte identitets- og interessegrupper. Innvandring, kjønn, klimapolitikk, oljepolitikk, vindkraft og distriktspolitikk er døme på område der interessene er sterke, tonen er tøff og der engasjement kan bli ei belasting – om ein ikkje tek dei «rette» standpunkta.

I denne samanhengen er det sider ved det norske debattklimaet som er urovekkande. Stadig oftare ser ein tendensar til polarisering, mistillit, gruppetenking, personåtak (shaming) og diskvalifisering (cancel culture, no-platforming). Slike merkelappar er gjerne knytt til minoritetar i det nye identitetspolitiske landskapet. Men stundom kan ein få inntrykk av at den politisk korrekte majoriteten ikkje alltid er så altfor mykje betre. Slike utviklingstrekk utgjer uansett trugsmål mot eit sunt debattklima, og er samstundes ein fare for den akademiske fridommen, og i ytste konsekvens for demokratiet.

Opent ytringsrom for nyfikne

Eit mangfald av meiningar og perspektiv er det som best kan informere, utfordre og utvide det offentlege ordskiftet. Eit opent offentleg ordskifte er kritisk for gode opplyste avgjerder og ikkje mindre enn ein grunnstein for demokratiet som system. Slike ideal kan ikkje oppfyllast utan at ein vågar å ta sjansar, gir rom for å feile og viser vilje til å reparere. Dette føreset debattklima som er raust, der argumenta står i sentrum og der individuelle omsyn og enkeltpersonar ikkje kjem i vegen for saka.

Eit opent og fordomsfritt ytringsrom bør heller ikkje være reservert for tankesett som er politisk korrekte og konsensus-prega. Heller bør ein akseptere eit visst innslag av rabulisme. Både for individet og for samfunnet er det gjerne når ein tøyer medvitet at nyskapande idear kan ta form. Om ytringsrommet blir for trongt, så tapar ein viktige kjelder til ny kunnskap og erkjenning. Historia har vist at det som kan sjå spinnvilt ut i dag, kan få nye tankar i sving, og sette spor i form av allmenn innsikt på eit seinare tidspunkt. For meg passar UiS sitt motto dermed som hand i hanske: «Utfordre det velkjente, utforske det ukjente.»

Eit mangfald av meiningar

Det er ikkje berre universiteta som er tente med eit mangfald av meningar. Eit slikt mangfald er og til det beste for samfunnet rundt oss. Universitetet er eit akademisk fellesskap, ikkje eit føretak. Som tilsett eller student ved UiS treng ein ikkje ryggdekning frå leiinga for ytringar i offentleg debatt. Og det er heller ikkje slik at rektor går god for alle oppfatningar og ytringar frå tilsette og studentar ved UiS. At deltakinga i diskusjon og debatt frå tilsette og studentar ved Universitetet i Stavanger skal være klar, konsistent og einstemmig er korkje eit mål eller eit ideal.

Taktfast marsj ville tvert om vore eit faresignal. I opparbeiding av ny kunnskap er me tent med usemje, konstruktiv kritikk og høveleg meiningsbryting. Med læring for livet vil me stimulere studentane våre til kritisk refleksjon, ikkje berre over det dei lærer, men og over deira eigne og andre sine tankesett og åtferd. Berre slik kan ein løfte utdanning til noko meir enn opplæring. Det er denne kulturen me er vane med frå forskinga. Det er denne bryninga mellom ulike argument og synspunkt som pressar tanken til ny erkjenning og ny innsikt. Og det er denne forma me vil bli kjente for også i omgangen med omverda.

… gjer porten vid!

I dagens debattklima er det ei stor utfordring å mobilisere engasjement i samfunnsdebatten. Ei sak er at tonen i samfunnsdebatten har blitt hardare. Men samstundes kan det sjå ut som om dei som deltek har blitt meir følsame. Stadig oftare ser ein at individ og grupper let seg forulempe og krenke. Twitter-toget valsar nådelaust over dei som ikkje blir definert som innafor. Faren med eit slikt debattklima er at terskelen for deltaking går opp, at engasjementet går tapt, og at scena blir overlaten til folk med sterk overtyding og svak underbygging. Kva ein slik debattkultur kan få å seie for ytringsrommet er difor noko me må diskutere utan stans.

Ideen om eit opent universitet er eit sentralt element i strategien for UiS mot 2030. Tenk om våre tilsette skulle la seg kneble av motstand, krenkingsretorikk og offermentalitet. Det ville øydelegge, ikkje berre for UiS, men for oss alle. Difor er det mitt håp at tilsette og studentar ved UiS vil halde fram med å engasjere seg i aktuelle samfunnsspørsmål. Dette er heilt i tråd med vårt samfunnsoppdrag, motto og strategi. Mangfaldig meiningsbryting gjer verda betre.

Følg på Twitter: @mohnitor

Publisert:
  1. Debattkultur
  2. Universitetet i Stavanger
  3. Samfunnsdebatt
  4. Gjestekommentar
  5. Klaus Mohn

Mest lest akkurat nå

  1. Snart er hver fjerde bil i bomringen en elbil – kritisk for Bymiljøpakken

  2. Slik fikk Lars Berland helikopteret sitt hjem fra Guate­mala til Strandgata

  3. Mann og kvinne tatt i stjålet bil med tyvegods

  4. Stavanger er beste storby i TV-aksjonen

  5. Nå stenger de Gamlingen igjen: – Veldig kjedelig

  6. Lagde sine første donuts hjemme i karantene. Det har blitt million­butikk