Kor hardt skada blir tilliten nå?

KOMMENTAR: Når koronatiltaka grip langt inn i heimar og sjelsliv og veltar privatøkonomi, kan tilliten til dei som styrer bli alvorleg skada.

«Jo lenger ein driv med slike alvorlege inngrep, til vårt alles beste, jo sterkare står ein i fare for å koma til å tru at det i grunnen er greit,» skriv Solveig G. Sandelson
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Ikkje reis, ver saman med så få folk som du kan klara, ikkje be meir enn to gjester heim til deg. Dei nye tiltaka grip langt inn i sjela til store og små over heile landet. Sjølv om ikkje smittetrykket er like høgt overalt. Som i Trondheim, der ordførar Rita Ottervik (Ap) er bekymra over at kommunen ikkje får styra dette sterkare sjølv. Ikkje berre fordi dei har kontroll, men fordi ho er redd for at det skadar lojaliteten og tilliten blant folk. viss tiltake ikkja er logiske for oss. Det må finnast ein balanse. Ordføraren i Tromsø, Gunnar Wilhelmsen (Ap), er ikkje så sikker på om Oslo ville følgt like lojalt opp dersom det hadde vore Tromsø som hadde smittetrykket, og kallar den økonomiske støtta frå regjeringa lattarleg.

Mens helsebyråden i Bergen er letta over at det blir stramma til nasjonalt, og helseminister Bent Høie viser til Ålesund, der smittesituasjonen bråsnudde. Kor fort dette kan snu, kor fort mutanten kan dukka opp, utan forvarsel, og med friske fråspark koma seg frå kropp til kropp langt kjappare enn politikarane klarer ropa to meter, er logikken bak det stramme grepet Høie tar om hjarterøter og levebrød.

Vi må verna kvarandre mot alvorleg sjukdom, mot endå meir langvarig nedstengning, og dermed endå verre skadar på økonomi og mental helse.

Tung makt

Men det finst hårfine balansar her, det hopar seg opp på den andre vektskåla, der særleg barn og unges helse tynger, saman med tilliten vi har til dei som styrer, og til kvarandre.

Vi er ikkje vande med, og skal ikkje bli vande med, at regjeringa faktisk legg seg opp i korleis du kan feira din eigen, heilt vanlege bursdag. Ein 47-årsdag, kanskje. Eller ein 7-årsdag. Eller kor mange som kan få ta farvel med sine kjære. Om du får trena saman med nokon, eller kor du kan trena. Og slett ikkje at dei meiner å kunna forstå kor mykje, og på kva måte eg saknar ein klem. Der tippar det over frå fin medkjensle til tung makt: «Eg veit dette gjer vondt, til og med akkurat korleis det gjer vondt, men eg gjer det mot deg, likevel. Det er til ditt eige beste.»

Eg trur jo likevel det siste er oppriktig og godt meint. Slik eg trur både regjering og fagfolk set inn alt dei har på å få oss så uskadde som råd gjennom pandemien. Ved å verna mot smitte, sjukdom, død, økonomisk uføre, skadar på mental helse, og skadar på tilliten som er sjølve limet og motoren i eit samfunn som vårt.

På vakt

Eg er berre ikkje så sikker på at dei får det heilt til. At dei vektar riktig. Det får vi vita for lite om. Men eg er sikker på at jo lenger ein driv med slike inngrep, til vårt alles beste, jo sterkare står ein i fare for å koma til å tru at det i grunnen er greit. Eg er sikker på at vi andre, som ikkje bestemmer, må vera på vakt mot det der. Og visa at vi er på vakt, omtrent slik RIta Ottervik og Gunnar Wilhelmsen gjer det.

For på ei annan side, gjerne ei side på nettet ein stad, ventar konspirasjonsteoriane. Frykta. Dei som spelar på, eller trur på, at det ligg ein plan bak dette. Ein plan om å overta. At styresmakter, legemiddelrikingar, jødane og Bill Gates saman vil overta kontrollen. At vaksinering blir obligatorisk, at vaksinemotstandarar hamnar i konsentrasjonsleir, at det er 5G-nettet som har skulda for viruset. At vi får ein chip under huda, så dei som vil ha verdsherredømme kan følgja med på alle våre vanar, knekkja økonomien vår, knekkja oss som frie menneske.

Stresset og angsten pandemien har utløyst, har rive portane til ei underverd av irrasjonalitet og frykt på vidt gap over heile verda, skriv journalisten John Færseth på Fritanke.no. Han har følgt demonstrasjonane mot koronatiltaka utanfor Stortinget i vinter. Eitt par hundre menneske samlar seg, alternative, nyåndelege, nasjonalsosialistar, venstreradikale. Nokre med bodskap om kjærleik, andre med hang til vald, nokre i sterk tru på å la naturen ordna opp, andre trur holocaust aldri fann stad. Felles har dei frykta for at samfunnet skal bli varig endra i autoritær retning. At ein global elite har planar om å overta kontrollen over alt og alle.

Det første er forståeleg. Det andre heilt absurd, men ikkje nytt. At det som kjem nærmast styrken i eigne følelsar også er å rekna som sannast, begynte før pandemien.

Alvorleg

Men med pandemien har vi fått tiltak og inngrep så autoritære og absurde at dei gjer konspirasjonsteoriane litt meir sannsynlege. Litt meir smittefarlege.

Du kan få politiet på døra dersom naboen mistenkjer at for mange har det hyggeleg heime hos deg, vaksinepass kan koma til å skilja mellom kven som får bevega seg fritt og kven som ikkje får, og Bill Gates har faktisk støtta eit prosjekt som vil utvikla eit implantat under huda der vaksinehistoria di kan lesast av. Det er meir enn nok det, til å få fart på konspirasjonane.

Tanken på kor alvorleg langt inn i liva våre desse inngrepa går, må vi halda fast ved, og setja ord på. For dei kan i seg sjølv skada tilliten til dei som styrer - og endå verre: tilliten til sjølve måten vi styrer landet vårt på. Det er ei alvorleg side av pandemien, det også.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Solveig G. Sandelson
  3. Koronaviruset
  4. Frykt